Fjell Kulturminnelag V/Gerd Fjeld Andersen, Tlf. 90 19 48 41

 

Fotosamling for Fjell kommune

GALLERI

 

Her oppfordrar vi folk med gamle bilete frå Fjell kommune til å ta kontakt. I samarbeid med Fjell kommune ønskjer vi å lage til ei fotosamling som kan liggje tilgjengeleg for alle på vår heimeside samt kommunen sin. Vi tar arbeidet med å skanne inn bileta som vi berre treng låne ei kort stund. Bileta tar inga skade, og vil bli handtert varsamt!

 

Fjell kommune arbeider med å registrera og avfotografera (skanna) eldre fotografi - til bruk i bygdebøkene og til oppbygging av ei kommunal fotosamling.

 

Vi er interesserte i fotografi som viser eit rikt utval av situasjonar med tilknyting til Fjell kommune fram til ca. 1970: portrett, familiar, landskap, kvardag og høgtid - både amatørfoto og bilete som er tekne av profesjonelle fotografar. Foto eldre enn 1950 er av spesiell interesse. Det er òg viktig å kunna knyta mest mogleg informasjon om motivet til kvart enkelt bilete.

 

I kommunen si historiske fotosamling finst både originalfoto (mellom anna flyfoto frå 1960-talet) og digitale kopiar av bilete i privat eige. Samlinga inneheld no til saman ca. 3000 foto frå Fjell kommune, med stor variasjon i motivtypar.

Mange av bileta vil bli nytta som illustrasjonar i Fjell bygdebok. Les meir på prosjektet sin nettstad:   
Fjell Fotosamling

 

Kontaktperson:

Fjell kulturminnelag:

 

Gerd Fjeld Andersen

Tlf. 90194841

g-fjela@online.no

 

Fjell kommune:

 

Halvor Skurtveit

Tlf. 56 32 65 45 - Mobiltlf. 97 06 83 82

Halvor.Skurtveit@fjell.kommune.no

 

Har du gamle bilete, dokument, skrifter eller anna, som du trur kan vere av interesse, ikkje nøl med å kontakte oss!

 

 

Sjekk og Universitetsmuseenes fotoportal for mange spanande biletsøk!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

www.yourdomain.com

 

Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822