Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822

 

Kulturminne i Fjell

 

På denne sida vil vi prøve presentere eit kulturminne frå Fjell kommune so ofte som mogleg. Eit kulturminne kan vere så mangt - og her nyttar vi då  omgrepet i vid forstand - både dei materielle og immaterielle kulturminne vert rekna med. Vi ønskjer å få med ein historisk heilskap når det gjeld kommunen vår, og rekner difor ikkje berre med kulturminne slik dei er definert av kulturminnelova. Vi tar óg med all kunnskap som finst som sokalla handlingsboren kunnskap - vår immatrielle kulturarv.

 

I kulturminnelova er kulturminne definert som alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet rundt oss. Og lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til kjem under denne definisjonen.

 

Vi vil gjerne ha tips og historiar om kjende og ukjende kulturminne i Fjell.

 

4. november 2009: Skattelistene for Fjell herad 1886-1889

 

Link til skanna dokument

Kvart år vert skattelistene lagt ut offentleg, og kvart år dukkar den same diskusjonen opp kring om dette er riktig eller ikkje, og mange ønskjer seg attende til andre tider. Men var det så mykje betre før i gamle dagar? Historikar Arne Haugen ved Universitetet i Bergen fortel at ein på 1800-talet nokre stader fekk lest opp skattelistene på torget, foran kyrkja eller andre utropsstader. I tillegg kunne folk som var tilstades vere med på å auke skatten til seg sjølv og andre der og då! Dette sparte myndighetene for porto, dessutan auka det skatteinngongen av di ordninga gav folk høve til å protestere mot feil.

 

I vår fekk Fjell kulturminnelag innlevert nokre dokument frå slektningar av lensmannen på Fjell, og blant desse låg «Ligningsprotokoll, Fjelds Herred» for åra 1886-1889. Her vert skattepliktige i Fjell kommune på den tida sett i riktig skatteklasse, antatt inntekt og formue er notert, skattbar del av inntekt, og samla beløp av utlikna skatt er rekna ut. Namn og bustad på skatteytar er skrive ned, og jamvel klagesakane er nemnd – nokre med namn, og nokre utan.

Dei innleverte protokollane viser korleis likningsmyndigheitene arbeidde, kva slag skattøre som var bestemt, oftast kva satsar som vart nytta for å fastsette inntekt for ulike grupper skattytarar. Talloppgåvene seier ein del om dei sosiale tilhøva i kommunen, med fordelingen av inntekt mellom skattytarane. Materialet bør soleis vere ei god kjelde til kunnskap om sosiale tilhøve på den tida. (Kjelde: Arne Haugen).

Samlingsstad for «Ligningskomiteen» er i desse åra i ei stove på Fjell – truleg i stova til lensmannen, Peder Christophersen Lie (1832-1912). Dei som i desse åra gjekk att som medlemmer av komiteen var: Mathias Nordahl, Grim Hansen Haganes, Mons Nilsen Nybø, Mikkel O. Eide, H. Nilsen Syltøy, H. H. S. Lie, Anders O. Foldenes, Nils Hansen Algerøen, Mons N. Arefjord, P. A. Knapskoug, Lars Larsen Skoge, Endre Ekerhovd, Ivar Ågotnæs, Christoffer Langeland og Lars J. Trengereid. 

I tillegg til dette vert og ein del verksemder taksert i denne protokollen: Nordviks Kvernbrug, Peder Nilsen Næsses Salteri, Landhandler Garmannes Salteri, Anders Nilsens Salteri, Gjertrud Sjursdotter Skåleviks Salteri, Erik Skåleviks Kvernbrug, Lars A. Skåleviks Kvernbrug, Mikkel M. Landros Salteri, Landhandler Langelands Salteri, Knut Olsens Salteri på Ågotnes, Fjereides Kvernbrug, Mathias Olsens Salteri på Kobbeltvedt, Anders B. Morlands Kvernbrug, Mølejer Larsens Møllebrug, Kobbeltvedts Opsideri Salteri, og Møljer B. Magnussens Møllebrug på Knarrevik.

Etter kvar skatteliste ligg det og føre ein del klagesakar, anten nummerert utan namn, eller nummerert med namn. Men som oftast vart ikkje klagane høyrt, slik som i dette tilfellet:

«Kommitionen avtager fremdeles, at klageren maa betale den Skat, der er paalagt, da hun har Indtægter af Platsen og desuden med sine tjenere fortjenste ved Sjøen. At klageren er helseløs, har Kommitionen taget i betragtning, idet den har fritaget en af hendes døtre for at betale Skat»  

Utrekningsmal fastsett i 1886:

1 ku = Kr. 50,-

1 får = Kr. 2,-

1 tønne havre = Kr. 8,-

1 tønne poteter = Kr. 7,-

Husly og ved = Frå Kr. 60,- til 800,-

Det vi veit frå sakspapir frå heradsstyremøta i åra før dette og under, er at kommunen har hatt ei vanskeleg økonomisk tid. Eit døme på dette er at kyrkja, i frå 1883-1890 ikkje fekk auka si stønad ei einaste krone. (Kjelde: Bygdesoge for Fjell 1970).

I 1886 er det

725 personar i kl. 1
275 personar i kl. 2
64   personar i kl. 3
2     personar i kl. 4

Altså var det 1066 skattepliktige personar i Fjell Herred i 1886

ANTALL SKATTEYTARAR I KVAR SKATTEKLASSE BYGDEVIS I 1886

STAD

SKATTEKLASSE 1

SKATTEKLASSE 2

SKATTEKLASSE 3

SKATTEKLASSE 4

 

 

 

 

 

TRENGEREID

2

2

3

 

KALLESTAD

11

8

1

 

EKREN

4

2

 

 

NORDVIK

16

3

1

 

BRATTEN

 

1

 

 

NESSE

19

4

 

 

ÅSE

10

2

 

 

SKOGE

16

4

1

 

MØVIK

8

5

1

 

SKÅLEVIK

11

3

 

 

SYLTØY

13

5

 

 

LØNO

7

4

1

 

HITSØY

11

3

1

 

LOKØY

13

7

3

1

LINEVIK

2

1

 

 

LANGØY

9

5

 

 

SEKKINGSTAD

16

9

 

 

SKORPEN

2

 

 

 

ALGERØY

16

15

2

 

DYRØY

5

1

1

 

EIDE

16

8

1

 

KÅRTVEIT

11

2

1

 

LAUVIG

1

 

 

 

POLLEN

2

 

1

 

ANGELTVEIT

12

5

2

 

LANDRO

47

12

1

 

SOLSVIK

20

8

4

 

VINDENES

16

7

 

 

ÅGOTNES

26

7

3

 

SPJELD

16

9

1

 

FJÆREIDE

7

7

1

 

KNAPPSKOG

17

8

2

 

GEITANGER

7

4

2

 

MORLANDSTØ

5

2

1

 

MORLAND

7

1

4

 

KOLLTVEIT

37

8

3

 

BILDØY

16

4

1

 

STRAUME

14

2

 

1

FOLDNES

27

3

3

 

VÅGE

13

4

2

 

FLØITE

1

1

 

 

ANGLEVIK

3

1

1

 

RENNEDAL

2

 

 

 

KNARREVIK

8

2

 

 

VALEN

3

2

1

 

AREFJORD

11

5

1

 

HØGØEN

2

 

 

 

HESTHOLMEN

 

1

 

 

BRATTHOLMEN

4

2

 

 

SNEKKEVIK

13

5

1

 

GAVLEN

9

2

 

 

STOREVIK

 

1

 

 

EBBESVIK

4

5

 

 

N. EKERHOVD

13

4

1

 

S. EKERHOVD

19

7

1

 

(TIL SAMAN EKERHOVD)

(32)

(11)

(2)

 

STENSUNDHOLM(?)

 

1

 

 

N. BJORØY

18

7

2

 

S. BJORØY

6

1

1

 

(TILSAMAN BJORØY)

(24)

(8)

(3)

 

N. LIE

9

5

1

 

S. LIE

5

2

 

 

(TILSAMAN LIE)

(14)

(7)

(1)

 

HAGANES

12

3

 

 

TELLNES

10

6

1

 

DALE

11

3

 

 

DALSEIDE

2

3

 

 

TVEITA

3

2

 

 

ULVESETH

11

6

1

 

FJELL

10

5

1

 

MIDTFJELLE

3

3

1

 

NOREFJELLE

6

 

3

 

SOLHEIM     

4

 

 

 

GROVHUS

 

1

 

 

NYBØ

2

1

 

 

BLOMMEN

1

 

 

 

(TILSAMAN FJELL)

(26)

(10)

(6)

 

 

 

 

 

 

FJELL HERRED

725

275

64

2

Samla skatteinntekter for Fjell Herred:

1886:Kr. 233.600,-

1887:Kr. 254.239,-

1888:Kr. 217.060,-

Under følgjer eit tilfeldig utval av skatteytarar frå gardane Solsvik, Haganes, Foldnes og Ulveseth. Her følgjer vi tre personar frå kvar gard gjennom åra 1886-1888 (1889):

 

SOLSVIK:

Marta Olsdatter

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

160

1

1887

200

160

1

1888

-

-

-

 

Andreas Ingebrigtsen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

200

1

1887

200

250

1

1888

200

400

1

·         Eit visst tap av formue

Bastian Scelderup

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

150

1

1887

-

-

-

1888

-

-

-

·         Mogleg han har arbeidd på Solsvik – han er ikkje å finne nokonstad elles i Norge heller

HAGANES:

Britha Mikkelsdatter

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

160

1

1887

-

-

-

1888

100

130

1

1889

-

-

-

 

Grim Hansen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

200

400

2

1887

200

400

3

1888

100

370

3

1889

100

400

2

 

Daniel Danielsen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

160

1

1887

200

300

1

1888

400

250

1

1889

200

500

1

 

FOLDNES:

Anders Nilsen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

2400

300

1

1887

2400

300

1

1888

2400

300

1

 

Marta Hansdatter

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

800

270

1

1887

800

200

1

1888

600

200

1

 

Engel Nilsen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

3400

800

3

1887

2000

900

1

1888

2200

800

3

 

ULVESETH:

Ole Larsen

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

200

250

1

1887

100

300

1

1888

-

-

-

1889

-

-

-

 

Kristi Johannesdatter

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

300

150

1

1887

-

-

-

1888

-

-

-

1889

-

-

-

 

Marta Nilsdatter

FORMUE

INNTEKT

SKATTEKLASSE

1886

600

150

1

1887

400

150

1

1888

400

150

1

1889

400

120

1

Formuetoppen

1886:

 

    1. Johan Jørgen Langeland (Solsvik) - Kr. 55.000,-
    2. H.J.V. Juuhl (Brattholmen) - Kr. 24 400.-
    3. Paul Paulsen (Bildøy) - Kr. 24.000,-
    4. Christoffer Garmann (Lokøy) - Kr. 24 000,-

     

    Sokneprest Wilhelm Koren hadde ein formue Kr. 4000,-,

    og inntekt på Kr. 2000,-

     

     

    1887:

     

    1. Langeland – Kr. 55.000,-
    2. Juuhl – Kr. 25.000,-
    3. Paulsen – Kr. 24.500,-
    4. Garmann – Kr. 22.000,-

     

    Dette året hadde Sokneprest Wilhelm Koren ein formue Kr. 4000,-,

    og ei inntekt på Kr. 2000,-

     

     

    1888:

     

    1. Langeland (dødsbo) – Kr. 52.000,-
    2. Juuhl – Kr. 30.000,-
    3. Garmann – Kr. 30.000,-
    4. Paulsen – Kr. 24.500,-

     

    Sokneprest Wilhelm Koren hadde no ein formue Kr. 4000,-, og inntekt på Kr. 1900,-

     

     

    Her kan og nemnast at det på Landro heldt til ein som vart kalla Peder Smed som står med Kr. 11.000,- i formue, og med ein inntekt på Kr. 1100,-. Fleire stader i skattelistene er yrkestittel både nemnd og som her, ein del av namnet. Det står ingen andre namn enn Peder Smed.

     

    1889:

     

    Her er nokre sider forsvunne, og berre desse gardane er representert:

    Fjell, Ulveseth, Tveita, Dalseide, Dale, Telnes, Haganes, Lie, Bjorøy, og delvis Ekerhovd.

     

    Sokneprest Wilhelm Koren hadde no ein formue Kr. 000,-, og inntekt på Kr. 00,-


    Inntektstoppen:

     

    1886:
    1. Langeland - Kr. 4700,-
    2. Juuhl - Kr. 4700,-
    3. A. Larsen (Møllar på Kolltveit) - Kr. 3100,-

     

    1887:

    1. Langeland - Kr. 4000,-

    2. Juuhl - Kr. 4500,-

    3. A. Larsen (Møllar på Kolltveit) - Kr. 3100,-

    1888:

    1. Juuhl - Kr. 4500,-
    2. Langeland - Kr. 3000,-
    3. A. Larsen (Møllar på Kolltveit) - Kr. 3000,-

     

    Her følgjer litt om dei som låg på topp desse åra: 

    Johan Jørgen Langeland, Solsvik (1812-1888)

     

    Han kalla seg vanlegvis berre Jørgen Langeland. Landhandlar og salteri.

    Den store og kjende Krohn-familien kjøpte Solsvik i 1789 frå familien Wallace frå Skottland, og i 1813 overtok den etterkvart særs profilerte Dankert D. Krohn handelsstaden. Med overtakinga følgde og ein handelsstyrar, nemleg Jens Jensen Langeland som kom frå Langeland i Nordfjord. Jens kjøpte Solsvik frå Krohn i 1827, men døydde diverre alt i 1830. Sonen, Johan Jørgen Langeland vart då den som tok over verksemda, men ikkje før i 1848. Saman med kona Malene Torjursdotter frå Misje dreiv han verksemda fram til 1888 (Kjelde: Kjell Terje Dåvøy i: Havstrilen 2007).

     

    I skattelista frå 1888 står det dødsbo etter Johan Jørgen sitt namn, og skattelista for Lokøy er diverre tapt for 1889. Langeland døydde 22. mai 1888.

    Hans Johan Wilhelm Juuhl, Brattholmen (1839-1888)

     

    Ordførar i Fjell frå 1868-1887). Slekta til Hans Johan Wilhelm Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotrai Fjell kommune. Bestefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrevika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet.

    Dottera til Anders Magnussen, Engel Karine (1813-1892) vart gift med Johan Vilhelm Juuhl (1794-1868), som kjøpte Brattholmen i 1844. Her slo familien Juuhl seg til som gjestgjevarar og handelsfolk.

    Engel Karine og Johan Vilhelm fekk sonen Hans Johan. Han var ein dominerande figur i Fjell frå han overtok som gjestgjevar og handelsmann i Brattholmen i 1862. Han var aktiv i samfunnslivet, og hadde mellom anna vervet som ordførar i kommunen frå 1868 til 1887. Han gifta seg med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland (1841-1932) og dei fekk fire søner: Johan C. W. (1866), Harald (1872), Hjalmar (1877) og Rikhard (1885). Ved folketeljinga i 1875 er familien registrert som busette i Brattholmen. Mor til Hans Johan Wilhelm og tre tenarar er også nemnde i hushaldet. Johan Christian Walhammer Juuhl vart seinare kjend som journalist og forfattar. Han skreiv t.d. bøkene Havstrilen og Kvalsryggen, som beskriv livet strilene hadde på den tida. i dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att.

     

    Firmaet vart drive vidare under det gamle namnet, H. J. W. Juuhl. Johan tok over styringa av forretninga, truleg saman med mora. I februar 1890 brann den gamle hovudbygningen i Brattholmen, men Juuhl-familien bygde eit nytt, i sveitserstil, som stod ferdig året etter.

    Ved folketeljinga i 1891 vart familien Juuhl registrerte som busette på Klosteret i Bergen. Her budde enkja Johanna Berntine med dei fire sønene. Johan vart nemnt som «Bestyrer i Kjøbmandsforretning Brændevinforretning».

    I 1894 gjekk forretninga konkurs. Johan greidde å kjøpa eigedomen attende, men sat berre ei kort stund med denne. Frå 1895 var både hus, eigedom og forretning i Brattholmen på framande hender. (Kjelde: Wikipedia)

     

    I 1887 har Juuhl fått seg bygd eit skip med tanke på å traffikkere vestsida av Sotra og søndre del av Herdla. I 1888 vert det gjort framlegg i kommunestyret om tilskot til ein stabil dampskipsfart, og Fjell Herad teikner seg for 300 aksjar i Sotra og Herdla Dampskipsselskap under føresetnad at dampskipet S/S Lyngdal vert kjøpt av Fjell, Sund og Herdla. Dokument kring S/S Lyngdal er kome Fjell kulturminnelag i hende vil bli lagt ut etterkvart.

     

    Pål Pålsson Bildøy (1835-1914)

    Står oppført som fiskar i folketeljinga frå 1875.

    På Bildøyna har det vore mange relativt velståande folk gjennom tidene. Pål Pålsson tilhøyrde ei av slektene som gjennom fleire generasjonar hadde ganske store formuar, samanlikna med andre folk i Fjell.

    Både på far- og morssida stamma Pål frå lensmannen Anders Hansson (f. ca. 1632, d. ca. 1708), som budde på Bildøyna. Anders var ein av dei store jordeigarane i Fjell, og la nok ein del av grunnlaget for rikdomen til etterslekta. Sonesonen til lensmannen (og tippoldefar til Pål), Anders Nilsson, vart i samband med ekstraskattbetalinga i 1743/44 nemnt som den bonden i Fjell med størst formue, og i samband med ekstraskattbetalinga i 1767 var Anders mellom dei mest velståande i Fjell. (På s. 272 i band IV av bygdeboka står det om det rike skiftet etter Anders.) Sonen, Ola Andersson (oldefar til Pål), var i 1789 ein av dei to som betalte mest skatt i Fjell sokn.

    Våningshuset til Pål Pålsson på Bildøyna vart kalla for Storstova.

    Så Pål var nok meir enn ein vanleg fiskar, men samstundes var det fisket som gav folket på Bildøyna mykje av inntektene. (Kjelde: Halvor Skurtveit).

     

    Den 25. juli 1889 vart ordføraren pålagd å søkja styresmaktene om løyve til frå 1. januar 1890 å halde tingmøta på Bildøy - hos Pål Pålsen - då det var lettare for tingmennene å ta seg fram til Bildøy, og betre lokaler og rimeligare leiga enn i Brattholmen. 

     

    Kristoffer Johan Garmann Lokøy (1847-1893)

     

    Kristoffer var son til David Brunchorst Garmann frå Osterøy, som i 1865 kjøpte den gamle handelsverksemda på Lokøy. Davi busette seg på Lokøy året etter, saman med kone og born. Kristoffer tok over drifta i 1872, og gifta seg etterkvart med Eleonora Langeland, dotter til Johan Jørgen Langeland. På den måten var dei to største handelsfamiliane knytt saman. Kristoffer var ein gjengangar både på formuetoppen og inntektstoppen.

     

    I Det Norske Næringsliv – Hordaland Fylkesleksikon frå 1952 kan vi lese dette om den vidare drifta av handelsstaden:

     

    Kristoffer Garmann, Landhandel, Storesund. Han overtok forretninga etter si mor, enkefru E. Garmann. Det vart omsett kolonial, manufaktur, skotøy, steintøy og liknande. Alle varar vart omsett kun til detaljistar på staden. Storleiken på forretninga var 30 kvm, og det var eit lyst og lett lokale på eige eigedom. Årsomsettinga er ca. 40 000,- og kapitalen kr. 25 000,-. Det var to personar tilsett i 1952.

     

    Henta frå Det Norske Næringsliv – Hordaland Fylkesleksikon frå 1952

     

    Wilhelm Frimann Koren, Fjell (1842-1913) 

     

     

     

    Wilhelm var fødd i Selje 21. februar 1842. Han overtok Fjell den 1. juli 1880. Reiste allereie same år til Palestina og gav i 1882 ut ei bok om turen «Reiseindtryk og skildringer frå det hellige land», og var i tillegg til denne boka ein flittig og talentfull skribent med publiserte innlegg, artiklar, prosa og poesi. I «Digte og Sange» har Wilhelm eit tillegg av ei brevveksling han hadde som 15-års gut hadde med forfattaren H. C. Andersen. Wilhelm skal ha vore høgt ansett som forkynnar i Fjell, og har altså hatt ein dugande løn for sitt arbeid i si tid. (Kjelde: Fjell bygdebok 1970)

      

    For kopi av skattelistene - kontakt oss!

     

    4. mai 2009 Oversikt over kverndrift i Sartors Skibrede 1776

     

    «Da ingen Steds her i Landet males uden ved vand saa er alle disse ringe og ubetydelige. Qverner anlagt under Fieldene ved Bierg Kløfter, og smaa Vejter, hvor der i Flomens Tid formedelst ved varende Regnveir fra Fieldene deraf nedrender Vand, ickun nogle faae Dage om Aaret kan males en ringe Qvalitet». 

     

    Johannes Haberdorff tykte ikkje mykje om kvernene våre på Sotra i 1776 då han kommenterte innmeldinga av kverner under tinget på Tøsøen 4. oktober same år. Under kan de sjå kopiar av originaldokumentet frå Riksarkivet, saman med ei normalisert kopitekst av heile dokumentet. Her kan ein sjå kvar kvernene var, og kor mykje dei skal ha produsert av mala korn.

     

      

     

    13. april 2009 Auksjonsprotokoll frå 1875 etter Gamlekyrkja på Fjell

     

    «Aar 1875 den 24. Juni blev efter Forlangende af Fjelds Formandskab ved Lendsmand P. C. Lie i Overvær af Indskrevne Vidner paa Hr. Sorensskriver Falsens Vegind (?) en Auktion afholds paa Gaarden Midtfjelde over  Materialenerne af Fjelds gamle Kirke. Hvor da. 2de Exifbr (?) af de 4de udstedte Plakater fremlagde og indtages. Ligeledes fremlagdes Conditionerne, ... og ... indtages. Formandskabets Vellandfører var tilstæde. Der opraabtes til Salg».

     

    Auksjonsprotokoll

     

    I denne lista kan ein finne kva som er seld frå kyrkja, antall, mål, og namn på kjøpar. Dette gjev oss verdfull informasjon på kvar restane av denne kyrkja kan finnast i dag. So her er det berre å byrje å leite etter sine anar attende for å sjå om det ligg bitar av Gamlekyrkja på Fjell i hus og løe. Om ein finn dette, eller har opplysingar knytt til gamlekyrkja etc. er det særs interessant for kulturminnelaget å få tak i desse.

     

    PS! Tylf er ofte nemnd i protokollen og tyder enkelt og greit tolv eller dusin. Noko av teksten er vanskeleg å tyda og er i so tilfelle skrive som ... eller med eit Spørjeteikn etter.

     

    Sjå og under: Kyrkjedøra frå "gamlekyrkja" på Fjell 

     

     

    23. mars 2009 Stemmane vestom Halgjesvatnet i Kolltveitmarka

     

     

    Stemmane i Kolltveitmarka er velkjend for dei som har vandra i marka vest for Kolltveit. Kyrkjestien mellom Morland og Fjell rommar særs mange og velhaldne kulturminne, og er soleis ei flott reise attende i tid. Stemmane er staselege byggverk som vitnar om ei tid i endring, der naturressurane skulle nyttast fullt ut. Olav Kobbeltveit har nøsta litt opp i historia kring desse flotte stemmane, og her følgjer eit lite utdrag frå det han fann ut:

     

    «I 1890 skriv «Møllaren» kontrakt med grunneigarane på Kolltveit, med grunneigarane på Fjell og med prestagarden (sokneprest Wilhelm Frimann Koren) om lov til å demma opp Haljesvatnet i vest, og å føra vatnet som kjem ned Risdalen (søraust for Haljedalen) til Haljesvatnet.

    Kor tid arbeidet vart sett i gang er uvisst, men truleg ein gong på 1890-talet. Far meinte det var svenske «rallare» som gjorde arbeidet. Eg har alltid trudd at dei tok steinen frå området rundt Haljesvatnet. Men ein kar ringde meg nyleg og sa han hadde vore på inspeksjon i området saman med ein geolog. Geologen hadde påstått at steinen ikkje var henta i Kolltveitmarka.

    Arbeidet må ha teke fleire år. Når det var ferdig veit vi ikkje. Det vi veit er at «Møllaren» gjekk konkurs i 1912 eller 1915. Då var planane han hadde i 1890 – om utvida møllebruk – forelda. Det gjekk i retning av sentralisert maling av mjøl, og dei lokale møllebruka var på hell. Om det var dette, eller andre ting, som forårsaka Møllarens konkurs, veit eg ikkje.

     

    Det vi veit er at demningane aldri vart tekne i bruk, og eine demningen er slik laga at han kan skal kunna sleppa vatnet gjennom til Fjell. Der har vatnet stort sett gått heile tida».

     

    - Olav Kobbeltveit -

     

    Grunna høg vannstand ved Kolltveittunnellen vart det for nokre år sidan sprengt opp ei opning i ei av deminingane. I tillegg er det fleire stader rast ut stein, og det fins usikre passasjar, men nokre utbetringar har blitt gjort (Sjå bilete under). Ein får berre vone at offentlege vernemyndigheita snarleg finn midlar til ei restaurering. Arbeidet vil krevje stor kompetanse historisk og handverksmessig.

     

     

     

    16. mars 2009 Kyrkjedøra frå "gamlekyrkja" på Fjell

     

     

    Denne døra står i dag i ei løe på Nybø på Fjell. Døra skal ha blitt kjøpt på auksjon i 1875, då delar av gamlekyrkja vart seld. Eigar av garden Ole Hansen skal då ha arbeida med å sette opp den nye kyrkja, og difor fått med seg denne døra. Døra er toldelt, og har desse måla:

     

    Dør I:

    Breidde - 60 cm

    Høgd - 193 cm

    Tjukkleik - 3 cm

     

    Dør II:

    Breidde - 71,5 cm

    Høgd - 195 cm

    Tjukkleik - 3 cm

     

    Yttersida har to innkarva symbol/bokstav:

    • Ei David-stjerne
    • Bokstavane TW

     

      

     

    Innsida:

    • Tydeleg merke etter beslag av metall pregar begge dørdelane.
    • Inni delane av døra som har hatt beslag, er det ein form for gull- eller mørkegul målt overflate.
    • To kors karva djupt inn i kvar sin dørdel- har hatt til funksjon å halde på plass ornament/metall eller liknande. Korsa kan og ha stått åleine utan innhald.

     

    I følgje auksjonsdokumentet for den gamle kyrkja, vart tre ytterdører selde på auksjonen. Erik G. Tvedt kjøpte kordøra, Lars Ørjansen Syltøen utskotsdøra og Kolbein 

    Tvedt kyrkjedøra. Dei kan jo vera at ei av desse dørene likevel har 

    hamna på Fjell, men kan det tenkjast at materialane i døra har hatt 

    ein annan funksjon i kyrkja, t.d. som del av ein vegg? Halvor Skurtveit var for fleire år sidan på Tveita der han såg på ei gammal tømmerstove som står der. Eigaren meinte at døra i denne stova og stamma frå kyrkja.

     

    C. H. Fjelde (truleg Christoffer Hansen) kjøpte m.a. ein 

    "Marmorsten". Dette er vel den marmorplata som seinare vart funne 

    att "på eit garveri i Åsane i 1940-åra", som det står i 

    jubileumsheftet for kyrkja.

     

    Det vart også selt tolv vindauge til ulike kjøparar. Nokre av desse 

    kan ha vore dekorerte, og hadde vore interessante å finna att.

     

    Elles er det interessant at Nils Olsen Bildøen kjøpte tømmeret frå 

    koret. Koret var den eldste delen av kyrkja, og utgjorde skipet i 

    kyrkja som stod der fram til 1797. Nils sikra seg og preste- og 

    klokkarstolen.

     

    "Utskotet", eit lite tilbygg, vart kjøpt av L. O. Ulveseth.

     

    Om nokon har fleire opplysingar knytt til dette, ikkje nøl med å kontakta oss! Om det er nokon som har bilete av den ”Gamlekyrkja”, er det særs interessant å få sjå på det. Det er ikkje, per i dag, kjend at det fins bileter av/frå denne kyrkja. Det same gjeld gjenstandar og/eller bygnadsmateriale som kan ha vore ein del av denne kyrkja.

     

    Les vidare om kyrkjene på Fjell her

     

    9. mars 2009 Kverna på Fjell

     

     

     

     

    Kvednaelva på Fjell gard. Her stod det ein gong fram til ca. 1950-talet ei kvern som vart nytta av gardsbrukarane på Fjell gard. Inskripsjonen les: CKHN 1822

    Dette er truleg inskripsjonen til han, eller dei, som laga eller eigde kverna, og årstalet viser truleg til når kverna stod ferdig.

     


     

     

     

     

     

     

     

     

     

    YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

    www.yourdomain.com