Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822

 

Fjell Kulturminnelag V/Gerd Fjeld Andersen, Tlf. 90 19 48 41

 

Aktuelt

 

 

4. mai 2011 Ny leiar i Fjell kulturminnelag

 

Hallgeir Dale, tidlegare styremedlem i laget, vart på årsmøtet i kveld vald til ny leiar av Fjell kulturminnelag.

I forkant av møtet fortalde Atle Meslo, som er medlem i Rygene
detektorklubb,  gjennom video og bilete om fantastiske funn med detektor, og prosjekt i
inn-og utland i samarbeid med museum/arkeologar.

 

7. januar 2011 Ny rydd eit kulturminne-aksjon 2011, i regi av Fjell kulturminnelag og Kulturminnekoordinatorane den 10. februar

 

Program:

15.00: Kaffe og noko lett å bite i

15.20: Velkomen ved Kultursjef Lennart Fjell og leiar av Fjell Kulturminnelag, Gerd Fjeld Andersen

15.30: Inger Lise Skarstein frå Norsk Kulturarv om Rydd eit kulturminne 2011. Spørsmål frå salen.

16.15: Elizabeth Warren (arkeologi), og Tor Wathne (nyare tid) frå Fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune kjem for å gjeve råd om prosessen deltakarane skal inn i høve det å rydde eit kulturminne. Spørsmål frå salen.

17.00: GPS-kursing, ved Lasse Bolstad. Fjell kommune kan tilby utlån av GPS ved behov.

17.30: Presentasjon av undervisningspakken "Rydd ein kultur og natursti", ved Odd-Bjarne Solsvik

18.00: Avslutning

DEN NORSKE KULTURMINNEDAGEN 2010

 

ALLE DEI SOM ØNSKJER Å DELTA KAN MØTE OPP - INGEN PÅMELDING ELLER AVGIFT!

 

NYTT MØTE I REGI AV KULTURKOORDINATORANE!!

 

10. FEBRUAR FRÅ KL. 15.00 - 18.00 VERT DET NYTT SEMINAR FOR KULTURKOORDINATORANE TIL FJELL KULTURMINNELAG, SAMT LÆRARAR KNYTT TIL RYDD EIT KULTURMINNE 2011. STYRELEIAR I NORSK KULTURARV, INGER-LISE SKARSTEIN KJEM FOR Å SNAKKE OM NORSK KULTURARV SAMT RYDD EIT KULTURMINNE-AKSJONEN NASJONALT. FYLKESKONSERVATOREN KJEM MED REPRESENTANTar SOM SKAL GJEVE RÅD KRING DET Å RYDDE OG TA VARE PÅ EIT KULTURMINNE.

 

ALLE DEI SOM ØNSKJER Å DELTA KAN MØTE OPP - INGEN PÅMELDING ELLER AVGIFT!

14. oktober 2010 Tre bygningar med kroting i Fjell kommune

 

 

Krotastøvo på Li skal vere kjend for dei fleste i kommunen vår, men i den seinare tid har dukka opp to nye bygningar med kroting i - og begge treng både vern og vøling. Kønestovo på Våge, og Smalahuset på Tellnes har begge krotingar på veggene sine. Student ved AHKR, UiB skriv om kroting, og hadde i utgangspunktet lyst å sjå på krotastøvo på Li sin frofatning. denne bygningen vart rive, og lagra ved Fjell kommune, men har diverre ikkje vore lagra på ein tilfredsstillande måte. Kultursjefen i Fjell kommune arbeidar no med strakstiltak i samarbeid med Fylkeskonservatoren i hordaland Fylkeskommune. I dette arbeidet vart det funne fram gamle opplysingar om både kønestøvo på Våge og bygningen på Tellnes. Begge desse står framleis, men er i dårleg forfatning, og treng raskt tiltak for at dei ikkje skal verte øydelagde.

 

 

Du kan lese meir om Kønestøvo her!

 

 

 

 

Krotastøvo slik den stod før den vart rive i 1981

 

Det gamle smalahuset på Tellnes skal ha vore våningshus i den gamle tunet frå før utskiftinga i 1910.

 

28. september 2010 Ny "Rydd eit kulturminne"- aksjon for 2011

 

Ei av stemmene til Kvedna på Tveita

 

Norsk Kulturarv lanserar no sin sjette aksjon ”Rydd eit kulturminne”.

Aksjonen rettar seg mot born og ungdom under 18 år og kombinerar praktisk arbeid med kunnskap om kulturarven i nærmiljøet.

 

Deltaking i ”Rydd eit kulturminne” går ut på å rydde, skilte, restaurere eller halde vedlike eit kulturminne i sitt nærmiljø i bygd eller by. Vanleg søppelrydding vert ikkje kvalifisert - det skal andre ta seg av. Prosjekter kan t.d. omfatte attgrodd utmark, eit teknisk anlegg frå førre hundreår eller ein gravhaug frå jernalderen. Eit prosjekt kan knyttast opp tverrfagleg og gjev elevane ein unik moglegheit til å verte betre kjend med sin lokalhistorie.

 

Det vert løyvd 10 000 kroner til dei ti beste prosjekta i landet! Om du har eit prosjekt, eller ideen til eit prosjekt, kontakt gjerne oss i kulturminnelaget, eller Fjell kommune for råd.

 

Søknadsfrist

1. januar 2011

Frist for gjennomføring av prosjekt

1. desember 2011

 

Les her for meir info!

 

 

26. september Hugs fristane til midlar hos10. september 2010 Kulturminnedagen i Fjell kommune

 

Nokon gong lurt på korleis ein kverna kornet sitt på Sotra for 60 år sidan?? Kom til Nordvikkverna kl 13. på sundag, og ta med deg born, vener, besteforeldre som får prøve seg på å kvedna korn på gamlemåten!!!

Ta elles turen te Gjerde gard og Hesjeinstallasjonen og andre kulturminne i Fjell. Leit gjerne opp eigne kulturminne og send inn bilete og tekst til oss!!

Den Norske Kulturminnedagen - meir info her!

 

Årets brosjyre!!

 

4. juli 2010 Vespestad-/Vestlandsøks funne i Fjellspollen!!!

 

 

Rett nok vart steinøksa funne kring 1965, men den vart funne att tidlegare denne veka. Steinøksa vart funne i nordre enden av Fjellspollen. Øksa er om lag 10 cm lang frå ende til ende, fem cm brei i eggen, og ved skaftenden ca. 3 cm. Fargen på steinen er irrgrøn/blålig – truleg grønstein. Steinen er slipt, og eggen ser ut til å vere skada gjennom bruk. Den har ein avrunda rektanguler form. Øksa vart funne i ein slakk bakke ned mot sjøen, men eksakt funnstad er ikkje gjeve. Finnar valde å varsle Kultursjef i Fjell kommune først, og Fylkesarkeolog Kjersti Vevatne er orientert. Slike lausfunn dukkar opp frå tid til annan, og i dette tilfellet gjorde finnar det rette ved å varsle i frå om funnet. Dette skal finnar ha stor vyrdnad for!

 

Meir informasjon vil kome etterkvart som arkeologar får sett på steinen.

 

Oppdateringar:

 

Vestlandsøksa er i Norge et vestlandsfenomen, men de er kjent også i Sverige, Sør-Finland, Baltikum og østover (Olsen, 1981). De er lite kjent fra Øst-Norge og Danmark. dateringar: 5.000-4.100 år gamle. informasjon henta frå Arne Kvitrud: Luster - fram til år 600 - hvem er vi og hvor kommer vi fra (2000).

 

Sigmund Alsaker og Asle Bruen Olsens undersøkelser av mesolitiske og neolitiske bergartsøkser på Vest- og Sørvestlandet tilkjennegav at vi har å gjøre med to store diabasprovinser i vestnorsk steinalder - én med sentrum i grønnsteinsbruddet på Hespriholmen i Bømlo og én med utgangspunkt i diabasbruddet på Stakaneset i Florø (Alsaker & Olsen 1984; Alsaker 1987). henta frå bloggen "Arkeologi i Nord".

 

 

 

 

 

22. juli 2010 Unikt steinalderfunn på Bjorøy!

Arkeologer fra Bergen museum har funnet en 8000 år gammel steinalderboplass på Bjorøy i Fjell. - En så godt bevart boplass finner du bare en gang i livet, sier prosjektleder Leif Åstveit. Les meir her!

HVA ER DETTE? Arkeologene vet ikke. De har aldri sett noe slikt før.

Kanskje har det en rituell betydning? BJØRN ERIK LARSEN (Foto). Henta frå BT 

 

 

I denne gropa fann ein klebersteinen med hol i der det låg ein bergkrystall inni. det vart og funne kvite runde og avlange steinar, og den store avlange liggjande steinen har truleg vore ein slags markør for staden. Det kan vere teikn på rituell nedlegging, eller ein grav. Dette er eit særs sjeldan funn.

 

 

 

 

 

 

 

I overgangen mellom det rause kvite og svarte feltet vart det gjort særs mange funn.

 

16. juli Skip funne under Ground Zero i New York

Eit skip frå 1700-talet har dukka opp i krateret etter tvillingtårna på Manhattan. Les meir om dette her!

 

 

14. juli 2010 Nytt fjæremannsannlegg funne på Hissøyna!

22. juni var Kultursjef lennart Fjell, Kulturkonsulent Lasse Bolstad og friluftskonsulent Odd Bjarne Solsvik i Fjell kommune på synfaring for å sjå på Bergen- og omland friluftsråd sitt nyvøla hus på Hissøyna. rett vest for huset går det eit trongt gjel mot sjøen, og eit lite stykke før havkanten ligg det ein del stein. Fjell såg med ein gong at det låg noko som ikkje var naturlege steinsettingar, men noko som var gjort av menneskehender. Det vart teke biltete av lokaliteten og GPS-posisjon vart nedteikna. eit raskt søk i ulike forum viste at lokaliteten ikkje var registrert. Gjennom mailveksling mellom arkeolog Knut Andreas Bergsvik og fylkesarkeolog Kjersti vevatne, vart det klart at lokaliteten mest truleg er ein fjæremannslokalitet. Det er enno uklart om røysa er ein gravrøys.

 

Beskriving av lokaliteten:

 

  • Steinrøys, avlang i form, ca. 4x2 meter
  • avlang ringforma steinsetting rundt røysa på ca. 10-12 meter i omkrets.
  • Fleire diffuse steinsettingar 

 

 

 

 

 

 

10. juni 2010 Ordførar i Fjell kommune, Lars Lie, har gått bort!

 

Høgre-ordførar, og mangeårig medlem i kulturminnelaget, Lars Lie, gjekk i går ettermiddag bort, berre 63 år gamal. Lie let etter seg kone og to born. Les meir her!

 

10. juni 2010 Fann tunnell frå 2. verdskrig på Universitetshøyden i Bergen

 

Plassen rundt HF-bygget, UB og Sjøfartsmuseet skal få nytt dekke. Jordmassene under er ujevne og hellene nekter å ligge flatt. Da entreprenørene skulle analysere massene, gravde de seg rett på en underjordisk kanal i betong.
– Tunnelen er sannsynligvis en del av kanonstillingene som tyskerne hadde i Bergen, sier ingeniør Svein Ove Agdestein, ved Bergen Museum. les meir om det spanande funnet her! 

 

9. juni Norsk Kulturminnefond og tilskot

 

Kulturminnefondet har to årlige søknadsfrister for innsendelse av søknader: 01.02. og 01.09. Fristen for innsendelse av søknader er endelig, og søknader mottatt etter fristen blir ikke behandlet før etter at påfølgende frist er utløpt. Søknadsskjema med alle vedlegg må være poststemplet senest dato for frist. Meir om dette les du her.

 

9. juni Stønad til kulturverntiltak og fartøyvern i Hordaland

 

Tilskot til skjøtsel og formidling av automatisk freda kulturmine og tilskot til restaurering og vedlikehald av kulturminne frå nyare tid. Fartøyvern: Tilskotet går til restaurering av verneverdige fartøy. Kontaktperson for fartøyvern: Stein Ottosen

Statsmidlar til freda og verneverdige bygg og anlegg, kystkultur og kulturmiljø vert overførte til fylkeskommunen etter at Riksantikvaren har handsama søknader frå alle fylka i samsvar med Statsbudsjettet.

Søknadsfrist 1. november kvart år

Politisk handsaming.

 

 

9. Juni Automatisk fredete kulturminner - tilskudd til arkeologiske undersøkelser

 

Staten ønsker å ta vare på kulturminner og kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, opplevelse og verdiskaping. Har du fått tillatelse til å gjøre inngrep i et automatisk fredet kulturminne på egen eiendom (generelt gjelder dette kulturminner datert før år 1537, eventuelt for samiske kulturminner som er eldre enn 100 år) kan du få pålegg om at det skal foretas arkeologiske undersøkelser før du setter i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekke utgiftene helt eller delvis, dersom disse blir urimelig tyngende. Meir om dette les du her.

 

9. juni 2010 Skular i Fjell og prosjektet "Du finn oss i naustet"

 

I samband med DKS- Hordaland sitt kulturarvtilbod til grunnskulane i Fjell kommune "Du finn oss i naustet" har elevane i 7b ved Hjelteryggen skule dokumentert og skreve korte rapportar frå feltarbeidet på Våge, ein gard som ligg ein halv times gange frå skulen gjennom utmark. Her finn du blant anna informasjon om den gamle "Kønestovo" der ein framleis kan sjå spor etter kroting. Bilete og tekstar som elevane har laga i etterkant av opplegget finn du her og her! 

 

Elevane i 7.klasse ved Brattholmen skule dokumenterte kulturminner i sitt  nærmiljø. Elevane har teke bilete og samla opplysningar om kulturminna som  vert presenterte her.

 

Elevar ved Ekerhovd skule dokumenterte kulturminner på Ekerhovd. Elevane fotograferte kulturminner, intervjua ein lokal informant, fylte ut eit registreringsskjema og gjorde oppmålingar av kulturminnet. Her kan du lese meir om det dei gjorde.

 

Arne Høyland er den som har har lagt dokumentasjonen ut på nettverk for miljølære.

 

 

 

 

10. mai 2010 Brennpunkt Vestkyst: Luftkrigen over skjærgården 1940-45

 

 

Kystmuseet i Øygarden og Øygarden Sogelag arrangerer føredrag med krigshistorikar Halvor Sperrbund. Tid og stad: Kystmuseet i Øygarden måndag 10.5 kl. 18.00.

 

8. juni 2010 Fann 80 gladiatorar i Nord-England

Arkeologer hevder dei har funne verdss best bevarte gladiatorgravplass. Arkeologiprofessor Johann Rasmus Brandt stussar likevel over detaljar ved funnet. Les meir her!

 

6. mai Runestein seld på eBay

 

Politiet vil at nettstedet DinSide.no skal gi fra seg IP-adressen til en bruker som skrev at han solgte en runestein han hadde i garasjen. Redaktøren nekter, og nå har saken havnet i retten.

 

Les meir her!

 

21. april 2010 Nytt styre i Fjell Kulturminnelag!

 

Frå venstre: Jan Kåre Andreassen, Hallgeir Atle Dale,

                 Gerd Fjeld Andersen og Hans Inge Algrøy

 

Det vart vald nytt styre i Fjell Kulturminnelag under Årsmøtet i kveld i Knarrevikløa. To nye styremedlem kom inn etter at Lennart Fjell og Per Ågotnes gjekk ut. Jan Kåre Andreassen og Hans Inge Algrøy er godt kjende som lokalhistorisk interesserte, og det er eit flott tilskot til eit allereie sterkt styre. Ny leiar vart vald, Gerd Fjeld Andersen, som har særs god erfaring og kompetanse frå organisasjonsliv. I tillegg er ho kjend som ressursperson i høve lokalhistorie i Fjell kommune. Inge Kolltveit vart vald inn som vara-representant, og her har ein nok ein mangeårig ressursperson i lokalhistoriemiljøet i Fjell kommune. Kolltveit overtar etter Kristin Heen som gjev seg etter mange års teneste i kulturminnelaget.

 

Styret for Fjell Kulturminnelag 2010:

 

Styreleiar: Gerd Fjeld Andersen

Nestleiar: John Einarsen

Styremedlem: Jan Kåre Andreassen

Styremedlem: Hans Inge Algrøy

Styremedlem: Hallgeir Atle Dale

Varamedlem: Inge Kolltveit

Varamedlem: Jan Eide

 

Før årsmøtet var det underhaldning med arkeolog Tor Arne Waraas frå Universitetet i Bergen. han fortalde om utgravingane han leia på CCB på Ågotnes i fjort sommar. Fleire funn var særskilde i nasjonal målestokk, blant anna "tyggis" og ein eineståande mogleg bardunstrammar i kleberstein. Dette funnet er ikkje funne liknande i Noreg. Sjå bileta under:

 

 

Mogleg teltbardun? Rutenettet er i mål 1x1cm på begge bileta.

 

 

Fleire tusen år gamal "tyggis"

 

5. april 2010 På jakt etter viking-gen på Vestlandet

Britiske forskarar vil teste norske menn for vikingblod. Målet er å finne ut om deira vikingforfedre var blant dei som slo seg ned i Nord-England. Fjell Kulturminnelag har ein god kontakt her i Steve Harding, som er involvert i dette prosjektet. Om du ønskjer å vere frivilleg sjekkar du ut linken under om du kan høve inn som frivilleg. Dei som høyrer til i region vest ligg under posten "N8. Bergen".

 

Mail inn desse tinga:

 

Ditt:

Etternamn

Førenamn

Adresse

mobilnr.

E-mail

Fødtselsår

 

Forfars:

Etternamn

gardsnamn

Fødestad

Fødselsår (ca.)

Bustad

Tal på generasjonar baketter

 

Til:

lennart.fjell@ahkr.uib.no

eller

jaktviking@yahoo.no

 

Les meir her!

 

og her!

 

"Det vi trenger er til undersøkelsen er mannspersoner som kan spor sin direkte farslinje minst 6-7 generasjoner tilbake med tilhørighet til de aktuelle områdene.  Det er behov for 20-30 frivillige fra hvert område.  Disse bør representere ulike direkte farslinjer.
Det man undersøker er y-kromosonet som kun overføres fra far til sønn. Ulike mutasjoner i y-kromosonet er som et fingeravtrykk og gjør det mulig å spore slektskap bakover i tiden. Selve undersøkelsen skjer ved at man børster seg på innsiden av munnhulen omtrent som med en tannkost.  Prøven sendes til så til England for analyse.
Dersom du oppfyller kravet ovenfor og vil delta kan du sende email til jaktviking@yahoo.no.  Oppgi navn og adresse samt informasjon om din fjerneste slektning i direkte farslinje.  Etternavn, Fornavn, Fødested, Tidsperiode, Bosted, Antall generasjoner (mellom dere)I løpet av våren vi du motta en konvolutt som inneholder selve testen og informasjon om hvordan dette gjøres.  Denne inneholder også en svarkonvolutt.

Vennlig hilsen


Harald Løvvik

Prosjektkoordinator i Norge.

Mobil 90756707

(Ring gjerne etter arbeidstid. kl: 17-20)"

 

21. mars 2010 Årsmøte Fjell Kulturminnelag

Det vert med dette kalla inn til Årsmøte i Fjell Kulturminnelag:

Onsdag 21. april kl. 18.30 på Knarrevikløa, Knarrevik.

Sakar som ønskast på sakskartet meldast inn innan 4. april.

 

Underhaldning:

Ole-Jørgen Johannesen: Stadnamn i Fjell kommune

Tor Arne Waraas: Utgravingane på Ågotnes 2009

 

19. februar 2010 Enorme samlinger på nett

Universitetsmuseene lanserer i dag nye portaler for arkeologi og mynt- og medaljesamlinger. Rundt 600.000 gjenstander er bare et museklikk unna.

Les mer her!

 

26. februar 2010 Fangstanlegg i Fjellspollen registrert i Askeladden

 

 

Beskriving av lokalitet: Fjøremannsanlegg / Fjæremannsanlegg i Bjørnavågen, like ved utløpet for Fjellvassdraget. Både nord for, aust for og sør for denne vågen er der spor etter tufter, båtopptrekk og andre anlegg som kan knyttast til fjøremannstradisjonen. I følgje informant er her godt fiske, særleg med tanke på laks som går forbi, inn til Fjellsklypa og vidare opp vassdraget.

Terrengbeskriving: Bratt ur i nord, flatare lende med svaberg i sør. Området er i hovudsak vestvendt. Ein høg bergvegg går nordvest-søraust i bakkant av der hovudtyngda av tuftene ligg.

Funnreferanse: Dei fleste tuftene ligg nord for vågen, i ura. Dei er laga av store steinblokker og stein, med mindre imellom. Nordsida av vågen: 1) Tuft ligg lengs nord i ura, 3x3 m og ca 1 m.o.h 2) I kant med 1, rett søraust for denne. 3x3 m, og mindre tydelig 3) Som 2 og 4 m. sørvest for denne. Ligg 4-5 m.o.h 4) Båtoppdrag, 2-2,5 m. bredt og 5 m. langt, mogelege trappetrinn i midten. Noko bratt, men kan ha hatt funksjon ved høgare vasstand. 5) Båtopptrekk og liten rydda plass. Stor stein i sør. 6) sti/veg som verkar å vere rydda i ura. Små steinar å gå på. Går ovom 5 og ned mot 4. Sørsida av vågen: 7) Fundament for naust? 6x7 m med tverrvegg. Berre eit lag med stein syner fundamentet. 8) Spor etter fundament / murar på grundt vatn. Det er ikkje gjort ei grundigare registrering eller oppteikning av anlegget. Her kan vere meir.

 

15. februar 2010 32 påmeldte til Guidekurs

32 kvinner og menn har no sett seg på skulebenkenfor å bli utdanna guidar i regionen vår. Kunnskapen skal dei gjeve vidare til turistane som kjem til regionen.

 

Artikkel i Vestnytt!

 

12. februar 2010 Rapport om kulturarv og tilgjengelegheit

Les den ferske rapporten om kulturarv og tilgjengelegheit.

http://www.abm-utvikling.no/museum/kulturarv-og-tilgjengelegheit-ny-rapport.html/image/image_view_fullscreenhttp://www.abm-utvikling.no/museum/kulturarv-og-tilgjengelegheit-ny-rapport.html/image/image_view_fullscreen

Rapporten frå eit prosjekt finansiert av Nordisk ministerråd syner gjennom praktiske døme frå dei nordiske landa korleis utfordringar knytt til tilgjengeligheit vert løyst.

 

11. februar 2010 Spanande Temakveld for Kulturkoordinatorane

 

 

Over 30 interesserte hadde møtt opp på Knarrevikløa denne kvelden for å høyre Elling Wammer frå Bergen Sjøfartsmuseeum og Jan Henriksen frå Sotra Sporstdykkarklubb fortelje om marine og maritime kulturminne i regionen vår. Wammer hadde ei genrell innleiing der det vart opplklart korleis registreringsprosessen skulle gå føre seg om ein hadde funn eller liknande som burde registrerast. Henriksen m/kompanjong, kunne fortelje om dei ulike kjende funna frå regionen vår, men hadde og spanande nyheiter i form av nye vrakfunn. Eit døme på dette er eit anker-funn gjort rett utanfor Rong i Øygarden. Dette er eit særs stort og gamalt anker, men ein har enno ikkje tidfest eller namnfesta funnet.

Fleire i forsamlinga kunne i tillegg fortelje om gamle kastevågar, oppmuringar og grunnar som ikkje er registrert nokon stad. Dette er Fjell Kulturminnelag, Bergen Sjøfartsmuseum og Fylkesarkeologen særs interessert i å få inn meir informasjon om.

Kvart kulturminne er ein bit i ein stor forteljing, og jo fleire bitar som er på plass, jo enklare blir det å sjå kontorane av fortida. Så ikkje ver redd for å ta kontakt om det er ting ein meiner bør registrerast!

 

10. februar 2010 Nytt tematreff for Kulturkoordinatorane og andre interesserte!!!

 

 

Denne kvelden, kl. 19.00 på Knarrevikløa, vert det nytt treff for kulturinteresserte i Region Vest. Tema for kvelden vert Marinarkeologi og marine kulturminne.

Ta gjerne med gjenstandar, bilete, kart eller liknande om det er ting ein lurar på eller vil vise fram. Det blir eit innlegg frå Jan Henriksen som er representant for Sotra Sportsdykkarklubb. Marinarkeolog Elling Utvik Wammer frå Bergen Sjøfartsmuseum vil og halde eit innlegg. Han har god lokalkunnskap om Sotra og Øygarden, og har elles særs god fagkunnskap på området.

Dette er eit arrangement i samband med opprettinga av Kulturkoordinatorane til Fjell Kulturminnelag.

Alle som interesserte er hjarteleg velkomen!!

Bergen Sjøfartsmuseum

Melding om sjøfunn: Registreringsskjema

Link til spanade heimeside: Marinarkeologi

Artikkel om den Spanske Armada

 

4. februar 2010 Ny utgåve av RISS klart

 

RISS er et arkeologisk tidsskrift som drives av arkeologistudenter ved Universitetet i Bergen. Tidsskriftet har populærvitenskapelig stil og formidlingsform. Hvert nummer inneholder artikler med utgangspunkt i forskning, prosjekter og aktiviteter, både fra Bergen Museum og institutt for Arkeologi, historie, kulturvitenskap og religion (AHKR). RISS er det eneste populærvitenskapelige tidsskriftet som formidler aktivitetene ved disse institusjonene.

Ønsker du å abonnere? Ta kontakt på rissred@gmail.com der du skriver ditt navn og din adresse så sender vi deg giro.
Årsabonnement (2 utgaver) kr. 130,-

Du kan også sette inn beløpet direkte inn på vår konto. Husk å skrive adressen din tydelig!
Kontonummer: 5210 05 33111

Redaksjonens adresse:
RISS – Et arkeologisk tidsskrift
v/Universitetet i Bergen, AHKR
Øysteins gate 3
5007 Bergen

E-post: rissred@gmail.com

Innhold nr. 2 2009:

Janicke L. Zehetner: Da middelalderarkeologi ble «ordentlig» arkeologi.

Yngve Thomassen Flognfeldt: The Vulture Project, Basilicata, Italia.

Christine Tøssebro: Materiell kultur i flytende form – Hvordan kan alkoholbruk og drikkekultur belyses arkeologisk?

Emily de Bree: En klassisk anbefaling – orientering om det norske instituttet i Athen.

Pål Steiner: Arkeologi og historie sett fra egyptiske graver.

Audun Berg Selfjord: Bokanmeldelse: Vitark 6, Acta Archaeologica Nidrosiensia. Det 10. Nordiske bronsealdersymposium 5.- 8. oktober 2006.

Les ingressen til RISS Nr. 2, 2009

 

26. januar 2010 Tips om flyfoto og kulturminne

 

 

På nettsidene KartiVest er det lagt inn ein del nye flyfoto frå regionen vår. Om ein ser på bileta over dei forskjellige opne markane er det mogleg å spora grunnar og liknande som ikkje kan sjåast på flat mark. På kartet ovanfor kan ein sjå ein anomali i terrenget på Fjell gard som tyder på at det ligg ein grunn under overflata. Om det er slik vil ein ikkje vita før det evt. blir grave på staden av arkeologar eller andre. Det er likevel viktig at denne type anomali blir registert. Om de ser slike ting sjølve, so kopier biletet og send det til oss så kan vi samle moglege kulturminne og videresende til arkeologane.

 

26. januar 2010 Kopi av Halsnøybåten på Bergens Sjøfartsmuseum

 

 

Rester av den orginale båten ble funnet i 1896 i en myr på gården Øvre Tofte på Halsnøy i Sunnhordland. Båtfunnet, som er datert til 400-tallet, er ikke klinket eller naglet, men sydd sammen ned lindebasttråd innsatt med dyrefett og tjære, og låst med kiler av osp i alle sømhullene. Mellom bordgangene er det brukt vevd saueull innsett med tjære og dyrefett. Lindebasttau er brukt mellom kjøl og stevn, samt til å feste bordgangene til spant og stevn.

Dette er et av de eldste båtfunn i Skandinavia der båten hadde keiper og ble rodd med årer. Båten som er eldre enn vikingskipene har linjer og form som minner om dagens Strandebarmar og Oselvar. Over tid har båtene blitt bygget breiere og høyere enn Halsnøybåten. Halsnøybåten var en færing dvs. at den hadde to par årer. Sikre bevis på seglfartøy har vi først i tidlig vikingtid i Norge.

Knut Sørnes bygde kopien av båten i 2007. Båten er utlånt av Johannes G. Eide, primus motor bak byggeprosjektet, og vises på Bergens Sjøfartsmusem frem til mars/april 2010.

Foto: Halsnøybåten ankommer Bergens Sjøfartsmuseum.
Initiativtaker til byggeprosjektet, Johannes G. Eide, ses i midten av bildet (i blå jakke).

All tekst og biletet er henta frå heimesida til Bergen Sjøfartmuseum

 

20.januar 2010 Guidekurs for regionen Sotra og Øygarden

Perler i Nordsjøløypa ved Guideservice skal starta opp guidekurs 10. februar 2010.

Kurset vil gå over 50 timar, fram til 17. april 2010 på onsdagskveldar og tre laurdagar.

Det vil bli førelesningar og praktiske øvingar. Kurset vil leggja vekt på å aktivisera deltakarane i grupper og avslutta med ei praktisk prøve. Dette vil passa for personar som er kulturinteresserte, naturinteresserte og for personar som arbeidar i turist- og servicenæringa.

Prisen er kr. 1400 inkludert materiell.

Det vil bli eit informasjonsmøte i høve guidekurset på Fjell Kulturhus 20. januar 2010 kl.18.30. Det er mogeleg å bli sett opp på ei interesseliste, gjerne med e-post adresse. Send det til margrethe@museumvest.no.

Bindande påmelding må skje skriftleg innan 27. januar 2010 til margrethe@museumvest.no eller Margrethe Kallestad, Museum Vest, Nordsjøfartmuseet, 5380 Telavåg

Velkomen på guidekurs.

Helsing
Delprosjektleiar for Guideservice, Magrethe Kallestad,
Museum Vest, Nordsjøfartmuseet tlf. 48 14 11 67.

 

7. desember Ny nettside for kulturminnesøk opna

Riksantikvaren opna i dag sin nye nettportal med oversikt over freda bygg, arkeologiske funn og kyrkjer i Norge. www.kulturminnesok.no er ein ny og brukarvennleg versjon av kulturminnedatabasen Askeladden. Portalen er utvikla av Riksantikvaren, Geodata og Idium, og inneheld over 100 000 kulturminne. Og stadig fleire kjem til.

 

1. desember 2009 Møte om Høybøen på Vindenes

 

Foto: Landro Skule

 

Denne dagen var ei rekke aktørar med interesse i Høybøen samla for å sjå på ei eventuell skjøtselsplan for kulturmiljøet. Grunneigarar, kommune, kulturminnelag, arkeologar frå UiB og Hordaland Fylkeskommune var representert. Møtet hadde ei særs positiv tone, og representanten frå fylkeskommunen vart sett i arbeid med å utvikle eit utkast til ei trinnvis skjøtselsplan. Dersom det er interesser som ønskjer å vere ein del av denne prosessen ber me om at de kontaktar oss i kulturminnelaget.

 

25. november 2009: Lansering av årets Havstrilen

Det vert lansering av årets Havstrilen på Gjerde kulturminnegard kl. 14.00 denne dagen. Det blir korte presentasjonar av artiklane, kaffi og noko attåt. Sjå herfor eit oversyn over dei mange interessante sakene i årboka.

 

 

Bøkene kan bestillast her frå desse heimesidene,
eller kjøpast i mange butikkar frå 1. desember 2009
Sjå BESTILL BOKAfor bestillingskjema
og ei liste over forhandlarar.
MERK: Levering primo desember.

 

24. november 2009: Innsamling av bumerke

 

 

Magne Solsvik har i fleire år vore interessert i å samle bumerke frå regionen vår. Han har ein del, men treng fleire. I eldre tider var det vanleg å merka gjenstandar, stenderverk og reiskapar med sitt, eller familiens bumerke. Les meir om bumerke her.

I galleriet vårt finn du eit skjema som ein kan sende til Magne, slik at ditt bumerke vert ein del av det som vert tatt vare på for framtida. Etterkvart som samlinga vert større vil vi presentere dei her. Send skjema til adressa under:

Magne Solsvik

Knutadalen 17

5363 Ågotnes

 

18. november 2009: Stor interesse for å bli kulturkoordinator

 

 

Fjell Kulturminnelag samla medlemmer, interesserte og særskilt inviterte til kulturminnesamling på Knarrevikløa denne kvelden. Det var omlag 30 gjestar som fekk med seg informasjon om det nye nettverket med kulturkoordinatorar på kvar gard, informasjon om alle prosjekta til kulturminnelaget, og vising av Fjellfilmen. I tillegg var det omvising i samlinga på løo. Meininga bak denne samlinga var å få rekruttert kulturkoordinatorar, og 13 personar frå 11 ulike gardar meldte seg til teneste - med andre ord vart samlinga ein stor suksess! I tillegg til desse er det og fem andre som har meldt seg som koordinatorar. Dei gardane som no er repsenterte med ein eller fleire koordinatorar er:

Vindenes,

Fjell,

Tellnes,

Kallestad,

Ekerhovd,

Algrøy, Eide,

Morlandstø,

Ågotnes,

Knarrevik,

Kolltveit.

Det er med andre ord fleire gardar som framleis ikkje har koordinatorar, og det er ikkje nokon hindring at det er fleire på dei gardane som allereie her er nemnd. Om du kjenner nokon som passar til dette, eller du passar sjølv, kontakt oss og bli med!

Kulturminnelaget fekk og inn kulturminner denne kvelden. Denne denne bearbeida flinten fann Bjarne Tingvoll i jorda ein stad på Kallestad:

 

 

18. november 2009: Kulturkoordinatorar i kvar bygd og grend!!

Kvart år har Fjell kulturminnelag minst to medlemsmøter, der alle medlemmar, samt dei som elles vil kome, er velkomen.
I år gjer me noko særskilt!
Vi har planar om å invitere 1-3 personar frå kvar bygd som kunne tenkje seg å bli kulturminnelagets kulturkoordinatorar.
Vi kjem til å orientere om kulturminnelagtes aktivitetar, og presentere kva vi legg opp til med opprettinga av ei slik ordning. Les meir om ordninga her.

Dersom du sjølv ønskjer å vere ein koordinator for din bygd, eller har tips om personar som kan vere aktuelle, meld i frå til oss. Møtet er heilt uforpliktande! Alle som vil kome å høyre på er som sagt hjarteleg velkomen!! Arrangementet er gratis!

For påmelding kontakt oss!

 

14. november 2009: Arkivdagen

Lørdag 14. november lar arkivinstitusjoner i hele Norden deg komme inn i magasinene. Nå er Arkivdagens nye nettsider på plass.

Les meir her!

 

12. november 2009: Konferanse om klima og kulturarv
Hva skjer med kulturminnene når klimaet endrer seg, og kan kulturarven være en ressurs i møte med klimaendringene? Dette er tema for den nordiske konferansen "Klima og kulturarv - fortid møter fremtid" i Oslo 12. november.

Les om konferansen på Riksantikvarens nettsider

 

8. november 2009: Frist for Stipend til lokalhistorisk forskning
NLI har opprettet en studentstipendordning for lokalhistorisk forskning. Stipendet er på 15 000 kroner, og kan tildeles mastergradsstudenter (hovedfagsstudenter) som skriver om lokalhistorisk relevante emner innenfor historie, kultur- eller samfunnsfag.
Formålet med stipendet er å stimulere til økt interesse for lokalhistorie som fagfelt og stimulere til mer lokalhistorisk forskning. Den lokalhistoriske relevansen kan være av forskjellig art, og kan gjelde både historiografisk, metodisk-teoretiske eller empirisk forhold. Det legges ellers vekt på at arbeidet må ha en nyskapende kvalitet innen ett eller flere av disse områdene. Søkeren må lage en prosjektskisse som viser at prosjektet har relevans og faglig kvalitet, og at det er realistisk gjennomførbart. Stipend blir først utdelt etter at arbeidet har kommet godt i gang, dvs. normalt ikke før andre semester i mastergradsstudiet (eller tilsvarende studium). Søkeren må kunne dokumentere faglig dyktighet, eventuelt gjennom tidligere arbeider, karakterer, uttalelser fra veiledere osv..
Ved avsluttet eksamen er stipendiaten forpliktet til å skrive en artikkel som oppsummerer oppgaven. Denne artikkelen vil bli vurdert for et egnet vitenskapelig tidsskrift (fortrinnsvis Heimen) eller i Lokalhistorisk magasin eller på NLIs nettsted. Søknadsfristen er 9. november 2009. Nærmere opplysninger om stipendet og søknadskriteriene kan fås i :
selve utlysningen
Søknaden stiles til:

Norsk Lokalhistorisk Institutt, Pb 8045 Dep, 0031 OSLO.

Kontaktperson: Knut Sprauten

Tlf. 22925139

 

21. oktober 2009: Skattelister Fjell hered 1886-1889

 

 

Uregistrerte dokument av skattelistene frå 1886-1889 vart våren 2009 levert Fjell Kulturminnelag. Halve dokumentlita er no skanna inn, og ber vitne om mange interessante opplysingar kring livet til Fjellsokningane på slutten av 1800-talet.

Sjå dokumenta her!

 

Skattelistene for Fjell herad 1886-1889

Kvart år vert skattelistene lagt ut offentleg, og kvart år dukkar den same diskusjonen opp kring om dette er riktig eller ikkje, og mange ønskjer seg attende til andre tider. Men var det så mykje betre før i gamle dagar? Historikar Arne Haugen ved Universitetet i Bergen fortel at ein på 1800-talet nokre stader fekk lest opp skattelistene på torget, foran kyrkja eller andre utropsstader. I tillegg kunne folk som var tilstades vere med på å auke skatten til seg sjølv og andre der og då! Dette sparte myndighetene for porto, dessutan auka det skatteinngongen av di ordninga gav folk høve til å protestere mot feil.

I vår fekk Fjell kulturminnelag innlevert nokre dokument frå slektningar av lensmannen Peder Christphersen Lie (1832-1912) på Fjell, og blant desse låg «Ligningsprotokoll, Fjelds Herred» for åra 1886-1889. Her vert skattepliktige i Fjell kommune på den tida sett i riktig skatteklasse, antatt inntekt og formue er notert, skattbar del av inntekt, og samla beløp av utlikna skatt er rekna ut. Namn og bustad på skatteytar er skrive ned, og jamvel klagesakane er nemnd – nokre med namn, og nokre utan.

Dei innleverte protokollane viser korleis likningsmyndigheitene arbeidde, kva slag skattøre som var bestemt, oftast kva satsar som vart nytta for å fastsette inntekt for ulike grupper skattytarar. Talloppgåvene seier ein del om dei sosiale tilhøva i kommunen, med fordelingen av inntekt mellom skattytarane. Materialet bør soleis vere ei god kjelde til kunnskap om sosiale tilhøve på den tida. (Kjelde: Arne Haugen).

Les meir her!

Skanna lister her!

 

1. november 2009 Tur til kverna på Tveita

 

 

Kverna på Tveita vart besøkt og dokumentert denne flotte sundagen. Godt gøymd i lia ned mot Ulvesethvatnet, ligg kverna som er nesten inntakt. Kverna har truleg vore meir eller mindre heilrenovert rett før krigen, og er blitt flikka på opp i gjennom fram til no. Reidar Nordvik er den som i dag tek seg av vøinga, og difor står kverna fram som ein av dei få originale kvernene som står att i Fjell. Sjå fleire bileter her.

 

Opp i utmarka finn ein og vasskjelda til kverna - Langatjørna - og stemma som skulle demma opp vatnet. Det er to stemmer - ei lita tett ved vatnet, og ei litt større lenger nede.

Stadnamna på Tveita vitnar og om kverndrift:

 

 

Her følgjer lista med resten av namna som høyrer til kartet ovanfor:

         
 

395

Trædstjørna


 

396

Høljana


397

Trædsdalen


398

Trædshaugen


399

Trædet


400

Bakken


401

Ekrena

(Også belegg på Ekerna.)

402

Torvsgarden


403

Myrana


404

Trædsneset


405

Myra


406

Bakkagrinda


407

Ura


408

Lia


409

Kuabrekka

(Også belegg på Kubrekka.)

410

Hovdana


411

Skorana


412

Diket


413

Svinagjerdet


414

Kleiva


415

Kleivadalen

(Også belegg på Kleivedalen.)

416

Kleivabekken


417

Nedste Dalen


418

Øvste Dalen


419

Florsbekken


420

Myrabekken


421

Rindana


422

Botnen


423

Myrana


424

Haugen


425

Lisbetåkeren


426

Skulevegen

(Det same som 426 Sjøsvegen.)

426

Sjøsvegen

(Det same som 426 Skulevegen.)

427

Smalhusstykket

[/ 'sam:lhusstyKe/ på kortet er truleg feilskriving.]

428

Røysa


429

Stovåkeren


430

Skrubbhaugen


431

Steinsåkrana


432

Røythølen


433

Ørnhaugen


434

Klungrestegen

(Eller òg 434 Klungerstegen.)

434

Klungerstegen

(Eller òg 434 Klungrestegen.)

435

Kvernelva


436

Klungerstegbrekka


437

Sveena


438

Revhilleren


439

Svemyrana


440

Rota


441

Eldhuset


442

Haugen


443

Reset


444

Skata


445

Gjerdet


446

Solbrekka


447

Myrana


448

Ospehola


449

Nordre Krokhaugen


450

Søre Krokhaugen


451

Klona

(Eller 451 Kloa.)

452

Grunna


453

Grunnestykket


454

Klaset


455

Fitjagrinda


456

Myrana


457

Ålen


458

Kvernhushaugen


459

Brunnholet


460

Ekrena


461

Langedalen


462

Nybø


463

Trædet


464

Hellerhaugen


465

Helleren


466

Søra Vika


467

Tungena


468

Søra Tungestykket


469

Nordra Tungestykket


470

Smoget


471

Neset


472

Mauratua


473

Ertraskö:ra


474

Nesåkrana


475

Nordra Vika


476

Arebakken


477

Ulvesetvarden


478

Smådalana


479

Ulvesetåkeren


480

Varden


481

Fjellet


482

Jonsokhaugen


483

Hellhaugana

(Også belegg på Hellehaug-.)

484

Fitjana


485

Skjeneflor(s)myra


486

Kleppadalen


487

Sveena


488

Revhillerhaugen


490

Ålagrinda


491

Gjerdgrinda

(Også belegg på Gjerdagrinda.)

492

Broka


 

20. til 21. oktober 2009: KAFF-konferansen
I oktober arrangerer KAFF-prosjektet avslutningskonferansen "Samfunn i endring – kulturarvens betydning II" på Radisson SAS Hotell på Lillehammer. Påmeldingsfrist 1. oktober (21.09.09)
Les programmet her (pdf)
Meld deg på konferansen

 

Kulturminnefondet - de første fem årene

Jubileumsboka "Kulturminnefondet – de første fem årene" tar for seg utvikling og verdiskaping innenfor rammene av kulturvernet. Redaktør er Einar Engen.

Boka er å få kjøpt kun hos Norsk Kulturarv og gjennom Norsk Kulturminnefond. Pris inkl. porto: Kr 474,–.

Boka har spesiell omtale av de tre områdene Kulturminnefondet markerer spesielt i Kulturminneåret 2009: Kystkultur, by⁄tettsted og landbrukets kulturminner. Boka, som er rikt illustrert, inneholder også oversikter over tilskudd som er gitt de første fem årene. Fondet er i Kulturminneåret styrket med 200 mill. – og utgjør nå 1,4 mrd. kroner.

 

30. september 2009

Liste over dei hundre mest besøkte musea i Noreg

ABM-utviklings ferske oversikt over de hundre best besøkte museene i Norge i fjor:

 

Link

 

28. september 2009 Fjell kulturminnelag i dei sosial medier

Fjell kulturminnelag har no ei eiga side på Facebook, der medlemmer i laget raskt kan henta ut medlingar og oppdateringar om lagets aktivitetar. her kan det og leggast inn artiklar, kommentarar etc.

 

Link

 

13. september 2009 Kulturminnedagen i Fjell kommune

 

 

Den store kulturminnedagen 2009 vart ei dag bada i sol og historie. Deltakarane på turen Fjell Kulturminnelag arrangerte gjekk i frå Fjell festning, Gjerde Kulturminnegard, Nordvikkverna og til slutt til Ulvesethsmia. Deltakarane vart frakta i veteranbuss, og meldingane attende var at det var ein særs hyggjeleg tur.

 

På Gjerde kulturminnegard var det Tone Boska, Kristin Heen og Hallgeir Dale som stod for omvisinga. På Nordvikkverna var det Per Ågotnes saman med John  Einarsen som stod for omvising og ikkje minst ein interessant demonstrasjon av kvedningen. Til slutt var turen kome til Ulvesethsmia til Magnus Ulveseth. Magnus sjølv vart aldri smed, men hans bestefar og far var begge smedar som smidde mykje jarn til gardane rundt i regionen.

 

For å sjå bilete frå turen går det anten inn på "galleri" i menyen, eller på denne linken: GALLERI

 

10. september 2009 Dugnad Ulvesethsmia og Gjerdet

Det vert dugnad i høve Kulturminnedagen kl. 18:00 ved Ulvesethsmia og Gjerdet Kulturminnegard. Arbeidet vil bestå av rydding av plank og tilrettelegging for utstilling.

Vel møtt!

 

6. september 2009 Notkast ved Kjereidet

 

Frivillege aktørar i Fjell og Sund kommune lagde til eit flott arrangement denne dagen. To turar gjekk frå høvevis Telavåg og kallestad grendahus, og det vart trongt med parkeringsplassar etterkvart på Kallestad. I særs fint kulturlandskap gjekk turen mot Kjereidet.

 

Vel framme vart arrangementet opna av bla. Laila Klementsaune frå Sund kommune.

 

Under kastet kommenterte ein av initiativtakarne til notkastet, Bjarne Tingvoll, som fortalde fleire små historiar kring notkasta i Kjereidet. Blant anna vart det fortald om ein særskild trappestein i ei av buene som stod på vestsida av Kjereidet. På denne steinen var det rissa inn ein sirkel, truleg frå førkristen tid, med eit kors rissa over dette att. På denne steinen sette ein gjerne eine foten på sirkelen under kastet for god lukke. Denne steinen forsvann ein gong for 6-7 år sidan. Dette er ei sak Fjell kulturminnelag vil følgje opp. 

 

Odd Bjarne Solsvik og trubadur Ole Ulveseth

 

3. september 2009 Dugnad på Norvikkverna

Ikkje mange hadde funne fram til dugnad denne dagen, men dei som møtte gjorde ein framifrå jobb.

 

18. august 2009 Kulturhistorisk vegbok på nett

 

 

 

Delar av det store kunnskapsverket er digitalisert og tilgjengeleg på nettstaden grind.no.
Kulturhistorisk vegbok blei utgjeven i 1993. Tvillingboka Naturhistorisk vegbok, utgjeven 2004, skal snart på nett. Tidleg i 2010 skal engelsk versjon av mange artiklar frå vegbøkene også vera tilgjengelege.

 

14. mai 2009 17. mai-tale frå 1896

 

 

Lensmann Peder Christophersen Lie (1832-1912) var ein stor mann i Fjell kommune på slutten av 1800-talet, og hadde ei mengd med styreverv og posisjonar. Han starta sin karriere som lærar i Ekerhovd, Lie og kallestad krins, dreiv jordbruk og fiske, før han til slutt vart tilsett som lensmann. denne stillinga hadde han fram til 1908. Forutan hans arbeidsgjerning var han overformyndar, forlikskommisær, medlem av formannskap, heradsstyre og skulestyre, og var ein av dei som skipa Fjell Sparebank og vart difor sjølvsagt bankens første styreleiar. i Fjell Bygdebok frå 1970 står det:

«Han var politisk interessert (vinstremann) og var valmann fleire gonger. Lensmann Lie var skipar av 17. mai høtidinga i Fjell. han bruka ikkje flagg før unionsmerket var borte or flagget».

 

Og det er denne siste opplysinga vi skal gripe litt fatt i her. Kristoffer Lie, ein av lensmann Lie sine oldeborn, overleverte for kort tid sidan ein del dokument som har vore i lensmannen sitt eige. Iblant desse papira låg det ei 17. mai-tale frå 1896 - som då truleg lensmannen sjølv har skrive og forfatta. Her får vi ein fin innføring i korleis Noreg vart bygd opp fram til 1896, og det lyser ei djup nasjonalkjensle over teksten.

 

Dokumentet er skanna inn og lagt ut på galleriet til heimesida vår, og digitalisert tekst finn du her.

 

Med dette ønskjer Fjell Kulturminnelag folket i Fjell ein flott nasjonaldag!

 

11. mai 2009 Styremøte på Kulturminnegarden Gjerdet

Styret i Fjell Kulturminnelag hadde styremøte på Gjerdet gard denne kvelden. Styret vart konstituert og vidare aktivitetar for laget og Kulturminneåret 2009 vart planlagt. I løpet av seinsommaren vil det truleg kome opp til to kurs kring vøling av steingardar (Gjerdet gard) og maling av korn (Nordvikkverna). Nye prosjekt som er kome innunder kulturminnelaget er:

 

Produksjon av redigert utgåve av boka «Båtar i Fjell» (Red. Georg Lokøy)

Konservering av «Kyrkjedøra på Fjell»

Soga om Trengereidkyrkja

Registrering av kvernannlegg i

 

Neste møtedato for styret er førebels sett til tysdag 16. juni kl. 18.00

 

 

13. April 2009 Trengereidkyrkja, russarar og nye mysterier

 

 

Fjell Kulturminnelag vitja denne dagen Trengereidpollen og Kørillen på leiting etter kyrkja som skal ha stått der i følgje segner frå Syltøy på slutten av 1800-talet (Sjå Segn og Soge). Men etter denne turen vart det fleire spørsmål enn svar ved å vitje staden kyrkja skal ha stått på. Om det har vore ei kyrkje på staden, er det lite att av den no, og i alle høve umogleg å seie om det har vore ei kyrkje. Men ei ny bygning på staden kan vere med på å gjeve eit svar, samstundes som det og kan vere eit nytt mysterium. På kring den same staden Trengereidkyrkja skal ha stått, står det i dag ein staseleg steinbygning ulik andre bygningar i Fjell og Vestlandet. Det som er uvanleg er høgda og forma på bygninga, samt den særs store vindauga (ca. 2m i høgda), himlinga og det store inngongspartiet (ca. 3,5m i høgd). I følgje informant skal denne bygninga blitt ført opp under første verdskrig av russarar og ber i dag namnet «Borga». Desse russarane skal og ha busett seg i bygninga under arbeid på garden. Til å byrje med kan kanskje historia kring at det har vore russarar her i regionen virke merkeleg, men i perioden det er tale om skal det ha vore ein flaum av russiske emmigrantar på veg mot USA. Dette hadde med at ruta som vanlegvis gjekk om Tyskland og Storbritannia vart stogga grunna krigen, og gjekk i staden om bla. Noreg og Bergen. Dette kan sjåast (under) i denne annonsa i ein Russisk avis frå St.Petersburg:

 

 

Noko av muren skal og ha blitt ført opp av informantens bestefar, og muren skal då ha blitt kalla «Kyrkja». I stadnamnregisteret til Nordisk Institutt ved Universitetet i Bergen er bygninga/staden namngjeve som «Festningen». I Fjell Bygdebok, Band II, s. 29, kan ein sjå eit gamalt bilete av den same bygninga - sjå under.

 

 

På dette biletet ser ein at bygninga er noko større enn i dag, og at den i tillegg ser ut til å ha vore høgare enn det då biletet vart teke. Murane inn er bygd inntil ein bergnabb, og i denne nabben står det slått inn jernstenger. Dette kan vere med på å tidfeste ei nedre grense for kor gamal bygninga er, til kring byrjinga av 1800-talet. Ein kan soleis spekulere i om denne bygninga kan ha blitt kalla «Kyrkja» grunna si noko særskilte arkitektonisk framtoning. Ein kan sjå fleire bilete frå bygninga i Galleriet til heimesida vår.

 

Fjell kulturminnelag sin teori er at bygninga vart rekna for å ha eit så stort særpreg at den vart kalla Kyrkja av same grunn som store ståande steinar og naturformasjonar vart det. At borna på Syltøy vart lokka med å få sjå denne storveise bygnaden på veg mot Fjekk kyrkja eller nærleiken, kan lett sjåast på som nett ein lokking. Det er klart at å sjå eit slikt tårn må ha vore spanande og forbausande for dei små. Bygninga er stor og uvanleg, og kvifor den vart bygd nett på denne måten er framleis eit mysterium. men soga om Trengereidkyrkja kan nok reknast som løyst!

 

Vidare undersøkingar vil soleis følgje, og alle tips og informasjon kring begge desse bygningane mottas med takksemd!

 

 

13. mars 2009 Spanade funn i krypten i Fjell kyrkje

 

 

Fredag den 13. mars vitja ei gruppe historieinteresserte Fjell kyrkje i den hensjånad å vitje krypten og tårnet. Guide under vitjinga var Gerd Fjeld Andersen. Turen gjekk først ned i krypten under koret. Denne kjellaren som ligg der bestod av eitt stort rom ca. 5x4m, med tilstøtande delvis igjenmurte rom med krypt. I ein av kryptane stod ned kjørt ein plankebit nedi mellom stein og jord. Denne plankebiten var rått malt med svarte strekar. Dette kan vere bitar frå ei kiste eller frå "den rått henmalede veggen" som skal ha vore i gamlekyrkja frå før 1874. Sjå her for bileter og meir informasjon.

 

19. mars 2009 Stadnamnregister for Fjell kommune

Ved Nordisk Institutt, UiB, er Stadnamnregisteret no lagt ut på nett. Her kan du finne alle dei registrerte stadnamna som høyrer til nett din bygd eller stad. Link til nettstaden finn du HER.

 

12. mars 2009 Årsmøte i Fjell Kulturminnelag

 

Det vart i dag halde Årsmøte i Fjell Kulturminnelag, og nytt styre vart vald:

 

Styreleiar: Lennart Fjell

Nestleiar: John Einarsen

Styremedlem I: Gerd Fjeld Andersen

Styremedlem II: Per Ågotnes

Styremedlem III: Hallgeir Atle Dale

Varamedlem I: Kristin Heen

Varamedlem II: Jan Eide

 

Etter mange års verdfull teneste for Kulturminnelaget, gjekk Else Marie Kind-Hevrøy av som styreleiar. I tillegg gjekk Svein Olav Drageland av etter 21 års teneste, og Johanne Ågotnes etter fleire år som beskyttar av kulturminne i Fjell kommune.  

 

Kulturminnelaget takkar dei alle tre for deira innsats for Fjell Kulturminnelag!

 

YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms of Use

www.yourdomain.com

 

 

Skattelistene frå 1886-89
Bli Kulturkoordinator!