Fullt hus og god stemning

Fullt hus og god stemning

Det var fullt, god stemning og mykje songglede på Notloftet på Vindenes fredag 31. august då Allsong på kysten gjekk av stapelen. Det var for det meste publikum som fekk utfalda seg då vi song oss gjennom eit velspekka hefte med songar vi kjende oss heime i. Olav Ulveseth på trekkspel og Bjørn Tore Hummelsund på gitar gav oss tonefølgje i tillegg til at Olav Kobbeltveit som var forsangar, òg knytte det heile saman med fakta og skjemt. Songen, ”Øygarden” med tone av Roy Vorland og tekst av Knut Øygard, vart sungen både til opning og avslutning. Fleire songar av Johannes Kleppevik hadde fått plass i songheftet og det var tydeleg at det var songar som fengde folk. Elles var det mange kjende songar der mellom andre tekstar av Jakob Sande og Erik Bye var å finna.

Kvartetten Klungerrosa hadde to avdelingar og framførde songar frå sitt rikhaldige repertoar. Det var eit fint utval av songar vi fekk med oss og framføringa var god. Vi ser fram til å høyra Klungerrosa saman med færøyske musikarar med eit  Leonard  Cohen-program  23. september i Foldnes kyrkje.

For Fjell kulturminnelag var siktemålet med tilskipinga å leggja til rette slik at folk, ved å vera i lag og syngja, kunne få ein god og triveleg fredagskveld. Ut frå tilbakemeldingane vi fekk ser det ut som opplegget svara til det siktemålet vi hadde. Vi takkar musikarane og alle de som vart med på Notloftet  for ei god oppleving på ein fin seinsommarkveld.

Ove Midttun

Fjell kulturminnelag

20180831_222816