INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2018 I FJELL KULTURMINNELAG  

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2018 I FJELL KULTURMINNELAG  

Fjell kulturminnelag held årsmøte onsdag 27. mars 2019 kl 19 i Knarrevikløa i Knarrevik.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar, skrivar og folk til å skriva under møteboka.
  3. Årsmelding frå styre.
  4. Rekneskap for 2018.
  5. Fastsetjing av lagspengar. (Framlegg frå styret: Uendra sats)
  6. Innkomne saker. (Tilmelde saker må sendast til styret innan onsdag 13. mars 2019)
  7. Arbeidsprogram/Budsjett for 2019.
  8. Val:
  9. a) leiar for eitt år
    b) to styremedlemmar for to år
    c) to varafolk for eitt år
    d) revisor
    e) to medlemmar til valnemnda

 
Før årsmøtesakene vert handsama, vil rådgjevar Berit Vik ved Kulturkontoret i Fjell kommune, snakka om arbeidet med Kulturminneplanen for kommunen.

Det vert enkel servering under møtet.

Vel møtt