Kulturminnedagane i Fjell 9. – 16. september

Kulturminnedagane i Fjell 9. – 16. september

Fjell kommune, i samarbeid med Fjell kulturminnelag, arrangerer Kulturminnedagane i Fjell veka 9. – 16. september. Kulturminnedagane er ei internasjonal markering av kor viktig det er å ha fokus på kulturminne – både knytt til historie, men og som eit verktøy i høve integrering og samfunnsutvikling. Fjell kommune er i sluttfasen med den første Kulturminneplanen i kommunen, og ønskjer særskilt dette året at det blir meldt inn frå innbyggjarane kva kulturminne som er særskilt viktig for dei.
Kulturminnedagane i Fjell – Tur til Høybøen, med professor i arkeologi, Knut Andreas Bergsvik – sundag 9. september
Kulturminnedagane i Fjell – Miniseminar og besøk av Olavskyrkja på Fjell

Dato: 13. september

Program:

Kl. 17.00-18.00   Ope kyrkje og menighetshus. Det vert servering av kaffi og kakar

Kl. 18.00               Velkomen til seminar ved Kultursjef Lennart Fjell, leiar av Fjell kulturminnelag og kyrkjeverja Olav Martin Vik

Kl. 18.15-19.15    Innlegg om altertavla ved Postdoktor Kristin Kausland

Kl. 19.15               Spørsmål og høve til å sjå på utstillinga.

Kl. 20.00               Arrangementet avsluttast med ein tur opp i kyrkjetårnet. Dei mest vågale kan få ein rask kikk i krypten.