Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø

Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø

Uttale til Temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019 – 2022

Fjell kulturminnelag er nøgd med at Fjell kommune har fremja utkast til kulturminneplan. Utkastet gjev, etter kulturminnelaget si vurdering, eit rimeleg dekkjande oversyn over fysiske kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap som vi har i Fjell. Dei fremste kulturminna og kulturmiljøa er godt omtala og prioriterte med omsyn til vernestatus og på tiltaksplanen på ein måte som Fjell kulturminnelag i all hovudsak kan stilla seg bak.

På eit par punkt meiner Fjell kulturminnelag at planen kan utbyggjast;

For folk i Fjell har ferdsle på sjøen og fiske/fangst vore grunnleggjande. Naust- og sjøbruksmiljø var difor viktige, og det er nemnt fleire gode døme på slike miljø i utkastet. Det bør vurderast opplegg for samarbeid mellom oppsitjarane og Fjell kommune for å kunna utvikla desse miljøa samstundes som det er mogeleg å sikra dei særmerka og tradisjonane som desse miljøa representerer. For å tørka bomullsnøter vart dei lagt på ”voll” som kunne vera eit svaberg eller ei slette ved sjøen. Rundt i bygdene finn vi døme på slike vollar som bør vera ein del av heilskapen i sjøbruksmiljøa.

Rundt i bygdene finn vi framleis stiar som har vore nytta i uminnelege tider. Eit døme på ein viktig og framleis godt tenleg sti, er stien mellom Morland og Fjell gard. Den tente t.d. som skuleveg fram til ut på 1950-talet. Stien mellom Morland og Fjell gard kan etter Fjell kulturminnelag si vurdering gå inn som eit prioritert kulturminne(miljø).

Fjell kulturminnelag er oppteken av at det, i tillegg til å sikra kulturminna vern og skjøtsel, vert lagt til rette slik at publikum kan få høve til å gjera seg kjend med og å læra om dei viktige kulturminna våre. Slik informasjon kan anten setjast opp ved dei aktuelle kulturminna eller plasserast på stader der folk ferdast.

I samband med at vi i 2020 skal markera 75 års dagen for freden, vil Fjell kulturminnelag oppmoda om at Fjell kommune syter for at minnestøtta ved Fjell kyrkje over fjellsokningar som fall i 2. verdskrig, bautaen og gravplassen i Bildøybakken og minnesteinen over krigsfangane på Fjell festning får naudsynt opprusting.

 

Kolltveit, 15. august 2019

Fjell kulturminnelag