Tilskot frå Fjell kommune

Tilskot frå Fjell kommune

Fjell kulturminnelag søkt i mars 2018 om tilskot etter to ordningar hjå kommunen.

No har vi lukkelegvis fått positive svar på båe søknadane.

Vi har for det første fått 2 500 kroner i driftstilskot etter dei normene som kommunen har.

Vidare har vi fått tildelt 20 000 kroner i tilskot til arbeidet med å flytta ein del av landbruksreiskapar og anna som vi har lagra på skukken på Knarrevikløa, ned i møkakjellaren som har fått nytt toppdekke på golvet og dessutan er pussa opp med maling.

Flyttinga inneber at vi endeleg får eit høveleg lokale til å stilla ut og syna fram utstyr som fortener å koma fram i ljoset. Flyttinga inneber òg at vi får høve til ei kraftig ”loftsydding” slik at skukken kan nyttast meir aktivt som ein del av løa. Til arbeidet med å få på plass utstillinga treng vi hjelp frå museumsfolk og dessutan må det gjerast ein del elektrikararbeid.

Vi i Fjell kulturminnelag er glade for hjelpa frå kommunen.

Kolltveit, 17. august 2018