Fjell kulturminnelag skipar ope møte 9. mai kl 19 på Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter på Straume med presentasjon av funn frå dei arkeologiske utgravingane på Bildøyna i 2017 og 2018. Forskar og prosjektleiar Leif Åstveit frå Universitetet i Bergen vil halda føredrag om arbeidet og fortelja kva funna kan seia om levemåten til folka som budde i området for 6000 – 7000 år sidan.
Gratis inngang og du kan få kaffi/te med noko attåt.
Styret i Fjell Kulturminnelag