|
Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822
Fjell Kulturminnelag
Ut frå ønsket om å ta vare på kulturarven vår og formidla den vidare til komande slektar, vart Fjell Kulturminnelag stifta den 23. februar 1987, Laget har som føremål: " .. å verna om, og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell Kommune.
Styret 2010:
Styreleiar: Gerd Fjeld Andersen
Nestleiar: John Einarsen
Styremedlem: Jan Kåre Andreassen
Styremedlem: Hans Inge Algrøy
Styremedlem: Hallgeir Atle Dale
Varamedlem: Inge Kolltveit
Varamedlem: Jan Eide
Bli medlem!
Per mars 2010 har Fjell Kulturminnelag 93 medlemmar, men ønskjer no å rekruttere mange fleire. Er du interessert i lokalhistorie, eller driv allereie med prosjektar som kan knytast opp til arbeidet vi gjer i kulturminnelaget, ønskjer vi kontakt med deg/dykk. Kulturminnelaget ønskjer å vere eit levane lag med innsamling og formidling av kommunen sin historie, og vil etterkvart kome med både samlingar, kurs og foredrag. Heimesida vår etterkvart fenge over det meste av våre aktivitetar, i tillegg til nettutstillingar, filmsnuttar og artiklar knytt til kulturminne frå Fjell kommune.
NB! Den 18. november 2009 ønskte vi velkommen til Knarrevikløa og medlemsmøte . Vi ønskjer å organisere 1-3 kulturkoordinatorar i kvar grend og bygd i Fjell kommune, og søkjer difor særskilt personar som er interessert i å ha ei slik rolle i heimbygda si. Denne kvelden rekrutterte vi 13 personar og har fem andre frå før. Etter dette har det og kome fleire til, men vi treng stadig fleire, så det er berre å kontakte oss!!
Vedtekter:
1. Fjell Kulturminnelag har til føremål å verna om og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell kommune.
2. Fjell Kulturminnelag er ein eigen rettskipnad
3. Alle som ynskjer det kan verte medlemmer av laget. årskontigenten vert fastsett av Årsmøtet og er for tida ...,-
4. Arbeidet med kulturminne skal i hovudsak utførast av arbeidsgrupper med eigne arbeidsfelt. Gruppene skal rapportere til styret. Medlemene vel sjølve om dei vil ta del i arbeidet i ei eller fleire grupper.
5. På Årsmøtet vel medlemene eit styre på fem med to varamedlemer, ei valnemd på tre, fastset årskontigenten, godkjenner årsmelding og rekneskap, vedtek endringar av vedtektene med 2/3 fleirtal og vedtek andre saker for laget. Årsmøtet skal haldast kvart år i januar eller februar.
6. Årsmøtet vel leiar og styremedlemer. Elles konstituerer styret seg sjølv. Leiar vert vald for eitt år, dei andre styremedlemene for to år. Varamedlemene er på val kvart år. Styret har ansvar for økonomien, Årsmøtet, medlemsmøter og rådsmøte.
7. Som rådgjevande organ for Kulturminnelaget, med møte ein gong i året, kan alle lag og organisasjonar i Fjell, Hovudutval for kultur, Fylkeskonservatoren, Hordamuseet, Fortidsmerkeforeningen og Universitetet i Bergen kvar peike ut eitt medlem. Møtet skal haldast på hausten.
8. Ting som høyrer Kulturminnelaget til, kan ikkje seljast eller gjevast bort
9. Ved eventuell oppløysing av laget, som krev 2/3 fleirtal på to Årsmøte med eitt års mellomrom, vert alle eignelutane og pengane til laget, overletne til Fjell kommune ved Hovudutval for kultur.
(Vedtektene slik dei stod i 1990)
|