|
|
Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822
Prosjekt i Fjell Kulturminnelag
Her følgjer nokre av dei prosjekta Fjell Kulturminnelag har hatt i løpet av dei seinare åra, og nokre nye prosjekt som vil kome til etterkvart:
Kulturkoordinatorar i kvar bygd og grend
Vi ønskjer å ha 1-3 personar frå kvar grend som har ei særskilt interesse for sin gards kulturminne, det vere seg soger, stadsnamn, faste og lause kulturminne osv. Her følgjer ein definisjonslink på kva eit kulturminne er.
Om du kjenner til, eller sjølv har lyst til å bli med som kulturkoordinator, meld di interesse til oss.
Aktivitetar:
Kring kvar tredje månad er målet å samle kulturkoordinatorane for utveksling og innsamling av kunnskap, førelesingar, vitjing av kulturminner, skulering innanfor t.d. kulturminnevern, innsamling, utvikling av prosjekt o.s.v.
Samlingane håpar vi å kombinere med eit besøk til dei ulike grendene og/eller kulturminna.
Mål:
Auke kunnskapen og skape merksemd om kulturminne som er å finna i Fjell kommune.
Få opp aktiviteten i høve kulturminnevern
Skape haldningar og auke kunnskap kring kulturvern i kommunen.
Skape eit betre kringvern av dei eksisterande kulturminna vi har i Fjell kommune.
Skape eit tettare bindeledd mellom lokal historisk kunnskap og Fjell kulturminnelag.
Formidle kunnskap kring alle kulturminna i kommunen.
Støtte prosjekt kring kulturminner som anten er, eller vil bli sett i gong.
-
Borgstova på Prestegarden på Fjell

I denne stova rett nord for prestehuset på Fjell, budde drengar og tenestejenter knytt til prestegarden. I Folketellinga for 1900 vert bygningen der prestefamilien og tenestefolka budde kalla Drengestubygning. Sokneprest Mads Olson Ramstad frå Austre Toten budde på prestegarden saman med si kone Kristiane Andrea Ramstad og sine sju born. Ramstad var sokneprest i Fjell frå 21. mai 1894-1. mai 1923. I tillegg til å vere sokneprest i denne perioden, arbeidde han som ordførar, bankdirektør, formann i skulestyret og fatigstyret "og elles dei tillitsyrke ei bygd kan gjeva ein mann". Han skal ha vore ein "stille mann i all si ferd".

Det budde til saman tolv personar på garden i året 1900
(Sjå Digitalarkivet). Tenestejenta Martine Larsdatter frå Herlø prestegjeld, Elisabeth Iversdatter frå Hosanger prestegjeld, og til slutt tenestedrengen Grim Johan Monssen frå Søre Fjell. Grim hadde eit nært forhold til soknepresten, men skal på eitt eller anna tidspunkt gjort seg uønska på Fjell, og emigrerte difor i 1902 til USA. Der slo han seg ned i Butte, Montana, og fann ei gullgruve der som han eigde til han vart for gamal. Han døydde i 1965 ugift.
Nordvikkverna

Kverna i Nordvik er omlag 175 år gamal, men vasskrafta på staden har nok vore nytta i mange hundre år. Sjå og oversikt over kverndrift i Sartors Skibrede 1776
Tilbygget med korntørke vart truleg reist på 1920-talet. Eigarane av kverna malte korn både for seg sjølv og for andre bønder.
Dei siste åra har Fjell Kulturminnelag sett i stand kverna, slik at ho no er fullt brukande.
Dei fleste gardskvernene på Vestlandet hadde berre eitt par med kvernsteinar. Nordvikkverna har to par, og er soleis større enn vanleg.
Etter at kornet var tørka, vart det fylt på ei stor trakt som førte kornet ned i midten av den øvste kvernsteinen. Mjølet kom ut i ein binge på framsida av kvernsteinane.
Kvernsteinpara i kverna vart drivne av kvar sin kvernkall. Krafta vart overført direkte til den øvste kvernsteinen gjennom ein vertikal treaksel.

På biletet ser vi enden av vassrenna der vatnet kan fossa ned på kvernkallen.
Vidare ser vi at kvernkallen kviler på ein trestokk. Møllaren kunne, ved å regulera høgda på stokken, heva eller senka den øvste kvernsteinen - etter om han ønska grovt eller fint mjøl.
I større vassdrivne kverner var det vanleg med vertikale vasshjul i staden for horisontale kvernkallar. I Nordvikkverna finst det og eit lite vasshjul. dette gjev kraft til korntørka.
Ansvarleg for Nordvikkverna i FKL er John Einarsen.
Planar vidare: Tjøring av huset, og rydding av området kringom. Samarbeid med skular i Fjell. Prosjekt å skjøte området gjennom bruk - hauste korn, treskje, maling etc.
I 2002 byrja arbeidet med å vøle på kverna, og under følgjer nokre bilete frå prosessen:
Alle foto: Atle O. Martinussen


Kverngjengen som stod for restaureringa.


Driftssystemet for korntørka i full fart

Skjerping av korn

Her samlar vi inn oppteikningar av gamle kvernannlegg i Fjell kommune. Alt av bileter, historie og forteljingar ønskjast frå folk som kjenner til slike annlegg.
-
Stiftinga Langøy Kystkultursenter
Fjell kulturminnelag var i mange år ein pådrivar for å få opp eit kyst- og gardsmuseum i Fjell kommune. I mange år var det fokus på eit gardsannlegg på Møvik, men då det opna seg for utvikling av eit kystkultursenter på Langøy, vart fokus rette mot dette i staden.
For informasjon kring Langøy Kystkultursenter sjå heimesida.
Fjell Kulturminnelag sin representant for stiftinga er Kristin Heen.
Kontaktinformasjon til senteret:
NB! Langøy Kystkultursenter er for augneblinken ikkje besatt av leiar, og vidare framtid for senteret er ikkje klar.
-
Sogeinnsamling - Trengereidkyrkja
Soger og små anekdotar til den allereie nedskrive historia er i ferd med å døy ut i regionen vår. Kulturminnelaget ønskjer å samle inn det som fins att av soger, stadnamn, forteljingar og liknande i regionen, og treng dykkar hjelp til det. Kontakt laget gjennom mail, brev eller per telefon, og ver med på å samle inn dei små brikkane i det store puslespelet.
På Nybø, Fjell gard, står det ei løe med ei særskilt historie. Her samlar og ei særskild dør. Denne historia kan du lese meir om her. Fjell Kulturminnelag er i gong med ein prosess der døra skal takast inn og konserverast, slik at den ein gong kan nyttast i ei utstilling i Fjell kyrkje.
Teikningar til ny dør er på plass, og iverksetting av prosjektet er i gong.
Smio på Ulveseth
I 2004 vart det laga ein avtale med eigar av smia, Magnus Ulveseth, om bruk og vedlikehald av den gamle smia på Ulveseth. Målet med dette er å visa den fram for skuleelevar og andre interesserte. Etterkvart vil det kome digitaliserte intervju kring driftinga av smio, samt filmsnuttar som viser korleis smio fungerer.
Ansvarleg for Smio i FKL er John Einarsen
Planar vidare: Dugnad til våren 2010. Innsamling av utstyr og historiar. Om nokon har utstyr som høyrer til i ei smie er kulturminnelaget interessert i kontakt.
Saman med Sartor Sportsskyttarlag har FKL restaurert store delar av Knarrevikløo. Dette bygget, som er ein del av fabrikkanlegget på Knarrevik, er teikna av arkitekt E. O. Schou - som og teikna Den Nationale Scene og Fløirestauranten. Kulturminnelaget disponerar eit stort lokale som kan leigast ut til selskap og andre festlege høve.
Kontakt Kjell Dønheim: tlf. 907 99 519
I Løo har FKL samla ei rekkje bruksgjenstandar frå hus og heim, og arbeider no med å få samla og stilt ut gjenstandane. I tillegg vil det etter kvart kome ei nettustilling på heimesida vår.
Fjell Kulturminnelag sin representant i stiftinga er Per Ågotnes.
Fjell kulturminnelag har i fleire år involvert seg i lagnaden til Høybøen på Vindenes, og arbeidet har bla. resultert i info-skilt ved staden. Det er framleis store utfordringar i høve dette viktige kulturminnet, og laget vil i næraste framtid ta opp att fokus på Høybøen. I høve næringsplanar, og moglege utbyggingar på staden, er det viktig for oss å vere ein rettleiiande aktør i denne prosessen. Fleire ting kan skje; Prosjektløysingar, utvikling av Visningssenter etc. - alt i samarbeid med eventuelle nye næringsinteresser, og involverte aktørar. Staden har med andre ord ein spanade framtid.
Fjell kulturminnelag har hausten 2009 teke initiativ til å samle dei ulike aktørane til Høybøen i håp om å få opp ein skjøtselplan for området. Tilhøva for å få opp ein slik plan ligg no til rette, og målet bør vere på langsiktig plan å få opp eit visingssenter på Høybøen. Dette samsvarar og med Fylkesarkeologens vurderingar av området der Høybøen har nasjonal verdi.
-
Fotosamling for Fjell kommune

Her oppfordrar vi folk med gamle bilete frå Fjell kommune til å ta kontakt. I samarbeid med Fjell kommune ønskjer vi å lage til ei fotosamling som kan liggje tilgjengeleg for alle på vår heimeside samt kommunen sin. Vi tar arbeidet med å skanne inn bileta som vi berre treng låne ei kort stund. Bileta tar inga skade, og vil bli handtert varsamt!
Kontaktperson Fjell Kulturminnelag: Lennart Fjell - tlf. 95976972
Kontaktperson Fjell kommune: Halvor Skurtveit - 97068382
Innsamling av dokument, skrifter o.l.
  
På same måte som med fotosamlinga ønskjer vi å samle inn og få dokumentert dokumenter, skrifter o.l. i privat eige. Målet er her å få skanna inn materialet, og få det registrert der det høyrer heime. Sjå døme - Skattelister for Fjelds Herred frå 1886-1889.
Kontaktperson Fjell Kulturminnelag:
Kontaktperson Fjell kommune:
Halvor Skurtveit
Tlf. 97068382
|