|
Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard - CKHN 1822
Rydd eit kulturminne 2011
Rydd eit kulturminne 2011 er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv, som har vore arrangert mange stader i landet med stor sukksess. Særskilt blant skulane har dette vore eit godt tiltak. Norsk Kulturarv opnar og i år opp for ein ny aksjon, og har lyst ut ein nasjonal konkurranse.
Fjell Kulturminnelag, i samarbeid med Fjell kommune og Fjellsekken, har initiert ein stort Rydd eit kulturminne-aksjon for 2011. Samtlege 18 skular i Fjell vert med på aksjonen, og alle kjem til å vere med i den nasjonale konkurransen. I den nasjonale konkurransen får dei ti beste prosjekta ein flott premie, men dette toppar Fjell kommune ved å love kr. 1000,- til kvar av skulane som deltek, samt ein premie på kr. 10.000,- til det beste prosjektet!
Fjell kulturminnelag, ved kulturkoordinatorane, samt Fjell kommune, vil difor arrangere eit kurs/seminar for deltakarane, samt andre interesserte. Sjå under for meir informasjon.
Invitasjon til Rydd eit kulturminne 2011-seminar 10. februar på Knappskog skule
Program:
15.00: Kaffe og noko lett å bite i
15.20: Velkomen ved Kultursjef Lennart Fjell og leiar av Fjell Kulturminnelag, Gerd Fjeld Andersen
15.30: Inger Lise Skarstein frå Norsk Kulturarv om Rydd eit kulturminne 2011. Spørsmål frå salen.
16.15: Elizabeth Warren (arkeologi), og Tor Wathne (nyare tid) frå Fylkeskonservatoren i Hordaland fylkeskommune kjem for å gjeve råd om prosessen deltakarane skal inn i høve det å rydde eit kulturminne. Spørsmål frå salen.
17.00: Presentasjon av undervisningspakken "Rydd ein kultur og natursti", ved Odd-Bjarne Solsvik
18.00: Avslutning
ALLE DEI SOM ØNSKJER Å DELTA KAN MØTE OPP - INGEN PÅMELDING ELLER AVGIFT!
|