Onsdag 29. oktober kl 19 er du velkomen til kulturkveld på Gamlabøteriet på Liaskjeret der Jostein Tvedt, med utgangspunkt i ein artikkel han har publisert i tidsskriftet Maal Og Minne, vil snakka om lokale stadnamn i sjøkart frå 1500- og 1600-talet. Nokon av desse synast å vera knytt til kyrkjelege institusjonar, der det tidlegare var namn av verdsleg, norrønt opphav. Han knyt lokal maritim kunnskap saman med tidlegare uutnytta internasjonale kjelder. Foredraget vil ha søkelys på Sotra som stadnamn og prosessen mot ei ny tyding av dette øy/region-namnet.
Jostein Tvedt er frå Li. Han er doktor i skipsfartsøkonomi frå NHH og er forskningsprofessor (forskar 1) ved Transportøkonomisk institutt og ved BI.
Kulturkvelden er gratis og open for alle. Det vert skjenka kaffi og du får litt å bita i.
Vel møtt.
Tilskiparar er Fjell kulturminnelag og Sund sogelag.
