God sommar.
Vi ber deg med på tur til Hitsøy sundag 6. september med skyss frå Storasundet kl 10 og vonar at du vert med.
På Hitsøy vert det ein spasertur med litt orientering på vegen frå kaien nordover på garden til Hovdahuset der vi går inn og får høyra meir om øya og folket som budde der. Vi serverer også fiskesuppe og litt kaffimat, og er attende i Storasundet ved 15-tida. Turen er gratis.
Både for å ordna med skyssen og maten, må vi ha oversyn over kor mange som vert med på turen og derfor ber styret om at du melder deg på turen til ovemidt@outlook.com eller 476 14 535 innan 21. august.
Det er ikkje ofte at vi får tilbod om ein tur til Hitsøy, så her må du gripa sjansen. Meld deg på!
Helsing
Styret Fjell kulturminnelag