Industrieventyret i Knarrevik

Industrieventyret i Knarrevik

Midt under første verdskrigen – rundt 1915 – skjedde det store ting i Knarvikja, som då heitte Knarrevik. Det hadde vore tilløp til aktivitet her tidlegare, med mølledrift midt på 1800-talet, men no vart det etablert eit eige samfunn her. Det skulle byggjast på to pålar – sildoljefabrikk og Den norske Superfosfatfabrik. Altså ein gjødningfabrikk.

Dette kom fram under Fjell kulturminnelags møte på Knarrevikløa onsdag 18. oktober, der bygdebokforfattar Halvor Skurtveit i eit engasjert foredrag tok møtelyden med tilbake til tidleg 1800-tal. I salen sat 34 engasjerte tilhøyrarar.

Frå gammalt av var det berre eitt bustadhus i Knarrvikja – eigd av familien i Rennedal. Det skulle fort endra seg. Med 1,5 million i aksjekapital vart den nye fabrikken etablert, men før han var ferdig eit par år seinare, var kostnaden komen opp i det tidoble. Arkitekten var den same som hadde teikna Den Nationale Scene tidlegare – Einar Oscar Schou.

Det var eit eventyr. Ved hjelp av rallarar frå andre industrianlegg kom anleggsarbeidet i gang, og i løpet av eit par år stod eit heilt nybygd samfunn klart. Rundt 700 menneske budde og arbeidde i Knarrevik. Vi forstår at det var eit omfattande arbeid å skaffa infrastruktur til så mange menneske, etter kvart som dei etablerte deg med familie – kone og ofte mange born – på den nye industriarbeidsplassen. 

Dette var ei tid med usikre forhold og mykje spekulasjonsøkonomi. I 1921 var det stopp, og Den norske Creditbank – som administrerte konkursen – tok til å riva dei nyss oppsette husa og fabrikken. Det var sikkert moro så lenge det varte, men slutten vart brutal. Nokre få år seinare var fabrikken demontert og dei fleste husa rivne og selde. Arbeidarane flytta for ein stor del til

 anlegg i andre deler av landet. Men framleis kan vi sjå nokre få av dei opphavlege arbeidarbustadane, som det enno bur folk i.

Det har vore store omstillingar i Knarrvikja seinare, men ingen så dramatiske som først på 1900-talet.

Tekst: Olav Kobbeltveit  

Foto: Jarle Vindenes