Vedtekter

Vedtekter

Vedtekter:

1. Fjell Kulturminnelag har til føremål å verna om og spreia
kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell kommune.

2. Fjell Kulturminnelag er ein eigen rettsskipnad.

3. Alle som ønskjer det kan vera medlemer av laget.
Årskontingenten vert fastsett av årsmøtet.

4. Arbeidet med kulturminne skal i hovudsak utførast av
arbeidsgrupper med eigne arbeidsfelt. Gruppene skal
rapportera til styret. Medlemene vel sjølve om dei vil ta del i
arbeidet i ei eller fleire grupper.

5. På årsmøtet vel medlemene eit styre på fem personar med to
varamedlemer og ei valnemnd med tre medlemer, fastset
årskontingenten, godkjenner årsmelding og rekneskap, gjer
endringar i vedtektene med 2/3 fleirtal og vedtek andre saker for
laget. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av mars.

6. Årsmøtet vel leiar og styremedlemer. Elles konstituerer styret
seg sjølv. Leiar vert vald for eitt år, dei andre styremedlemene
for to år. Varamedlemene er på val kvart år. Styret har ansvar
for økonomien, årsmøte, medlemsmøte og rådsmøte.

7. Som rådgjevande organ for kulturminnelaget, med møte ein
gong i året, kan alle lag og organisasjonar i Fjell, Hovudutval
for kultur, Fylkekonservatoren, Hordamuseet,
Fortidsmerkeforeningen og Universitetet i Bergen kvar peika ut
eitt medlem. Møtet skal haldast om hausten.

8. Ting som høyrer Kulturminnelaget til, kan ikkje seljast eller
gjevast bort.

9. Ved eventuell oppløysing av laget, noko som krev 2/3 fleirtal på
to årsmøte med eitt års mellomrom, vert alle eignelutane og
pengane til laget overlatne til Fjell kommune ved Hovudutval
for kultur.