Funn av anker på hemmeleg stad vestom Fjell

Funn av anker på hemmeleg stad vestom Fjell

Funn av anker på hemmeleg stad vestom Fjell

image001 image002 image003

I vinter tok Kultursjefen i Fjell initiativ til einekspediasjon i havgapet vest i kommunen på leiting etter eit vrak. Ryktene skulle ha det til at det skulle liggjeeit større anker i det søkte området, og sett i samanheng med andre kulturminne, stadnamn og sagn, vart det sett i gong søk på havbotn i det aktuelle området. Sotra sportsdykkarar gjorde søket, og etter ein times tid vart eit større anker lokalisert – 3m langt, og 2,10m breitt. Ankeret viste seg å vere av særs store dimensjonar, og skal vere datert (Bergen sjøfartsmuseum) til å verefrå tidsrommet ein stad mellom 1580-1700. Det vart seinare gjort funn av noko metall og blått glas av ukjend form. Sotra sportsdykkarar har fått vidare lov av Sjøfartsmuseet til å gjere nye undersøkingar så snart tilhøva tillet det. Vi følgjer saka vidare.

 

Ankeret kan likne på dette ankeret funne i Irland fråeit spansk armada skip:

image004