SEGN OG SOGE

SEGN OG SOGE

 

På denne sida ønskjer kulturminnelaget å få samla inn segner og soger frå Fjell, Sund og Øygarden. Det kan vere forteljingar om steinar, personar eller liknande, og sjølv om ein ikkje hugsar heile historia kan det vere verdfullt for oss.

 

«Sjøkongen i Kongvika»

Ein gong for lenge sidan kom ein utenlandsk sjøkonge seglande opp gjennom Nordsjøen med fleire skip og mange menn. Det var tidleg på våren, og dei kom frå sør og skulle på tokt til framande land.

Midt ute i Nordsjøen kom dei ut for eit overhendig uver som braut ned riggane på skipa og øydela segla. Vind og straum dreiv skipa ut av kurs, og til sist visste dei ikkje kvar dei var. Sjømennene fekk likevel etterkvart lappa saman så mykje av segla at dei fekk styring på skutene, og dei tok til å lensa unna vinden og sjøane det beste dei vann.

Etter å ha segla slik i fleire dagar, fekk dei brått ein kveld land i sikte, og dei tok seg innover mot dette landet. Uveret var like forrykande, og dei kunne sjå kor bylgjene fossa og braut mot knausane der inne.

Då dei kom nærare land, fekk dei auga på ei vik som skar seg inn mellom dei stupbratte bergveggane som vende ut mot havet. Vika var lang og smal, og midt i innløpet låg det ein båe. Frå denne båen gjekk det frådande kvite brot som vart knuste mot fjellveggane på begge sider. Innanfor båen var sjøen heilt roleg.

Det ville vera eit vågestykke å prøva å ta seg inn i vika slik veret var, men skipa var så medtekne av stormen og sjøane at det var eit tidsspørsmål kor lenge dei ville halde seg flytande. Den einaste måten sjøkongen såg til å berga mennene og skipa var difor å prøva å ta seg forbi båen og fallgarden ytst i vika til trygg havn innanfor.

Det var i mørkninga dei kom inn mot innløpet til vika, og kongen gav ordre til mannskapet om å gjera seg klar til å segla gjennom fallgarden og inn i vika. Mennene murra mot kongen og meinte at det ville vera den reine galskapen å segla inn i dette veret, men kongen stod på sitt og slik vart det.

Skipa rista og skalv då dei frådande brenningane tok tak i dei, men dei vart kasta gjennom brota og kom seg til slutt trygt innanfor båen. Der inne var sjøen still og roleg slik det hadde sett ut frå utsida, og mennene fortøyde skipa så langt inne i vika som dei kunne koma. Sjøkongen kalla vika, der han hadde kome inn og berga livet for seg sjølv og mennene sine, for Kongvika.

Dagen etter skifta veret om og det vart stilt og fint. Sjøfararane gjekk då innover landet for å prøva å finna ut meir om staden dei var komne til . Dei oppdaga snart at det var ei øy, og at det var større område på andre sida av fjorden innanfor.

Øya var uvanleg grøn og frodig der ho låg i den fine vårdagen. I solhellingane blømde dei vakraste blomar, og graset var irrgrønt over alt. Aldri hadde dei nokon stad sett noko liknande. Folk fann dei ikkje, men med så mange fine og lune stadar, meinte dei at øya kunne vera godt eigna til buplass. Det var rikeleg med gode beite for husdyr her, vatn fanst det nok av, og på delar av øya stod skogen frodig.

Etter den grøne fargen kalla sjøkongen øya for Algrøna.

Sjømennene tok seg etterkvart innover frå Algrøna og over fjorden til landet innanfor. Her var landet høgare og med betre utsikt over havet. Sjølv busette den utanlandske sjøkongen seg her, og kalla staden Sjøkongsstad.

Skipa som sjømennene kom med var ikkje eigna til å fara vidare med, og dei fann seg koner og busette seg difor på Algrøna og Sjøkongsstad og dei andre øyane ikring.

Leveveien deira vart fiske og jordbruk, og med den grøderike jorda og det fiskerike havet hadde dei det godt. Mange av dyra sine hadde dei på øyar og holmar ikring. Den største av desse øyane, der det og var best beite, kalla dei Dyrøy.

 

Den dag i dag kan det finnast etterkomarar av desse sjøfolka på Algrøyna, Dyrøyna og Sekkingstad, og i Kongvika lengst vest på Algrøyna ligg framleis båen midt i sundet og er ein port mellom sjølvaset Nordsjøen utanfor og den lune vika innanfor.

Kjelde: Algrøy Bygdalag v/Hans Inge Algrøy

Snart vil det vere mogleg å få kjøpt ein fin plakat med denne soga på hs Bygdalaget på Algrøy. Meir informasjon følgjer då!

 

Frå Fjellspollen er det to segner som ein veit om

«Skottehandel i Skottbergosen»

Det skal ha vore drive handel i Skottbergosen i Fjellspollen langt attende. Olga Fjell har i ein stil (Heimbygdi mi) frå 1920-talet snakka med bestefar sin, læraren Christoffer Hansen Fjell om «gamle dagar». Her står det om Skottehandel: «Fyr i gamle dagar var her mykje skog, det synes i alle røtene ned i myrane. Her er også namn som tyder på det. Soleis Skottberget der skottane kom og henta timber». Dette sagnet skal og ha vore høyrt på 50/60-talet på Fjell gard.

At det har vore skottehandel i Hordaland er det ingen tvil om, og særskilt i tollregistra kan ein sjå spor etter dette. Denne handelen gjekk mest føre seg i fjordane og i Sunnhordland særskilt. Om det har vore handel på Sotra veit ein lite om, og det er ingen historiske kjelder som nemner dette. Fleire liknande namn i Sund, samt forteljingar om handel mellom utanlandske skip og lokale fiskarar og øybuarar ved øyane vest for Sotra, kan likevel vitne om at noko har gått føre seg her. Om ein ser Skottbergosen i samanheng med t.d. stadnamna Kolhilleren, Kolafjellet og Kollhaugen som ligg rett ved sida av, kan kanskje det gjeve svaret på om sagnet har historisk hald eller ikkje. Meir om skottehandelen her:

Skog, oppgangssager og skottehandel i Hardanger

Bonde og byborgar

Sagbruk og skottehandel. Tidleg industrialisering og handel i Odda

 

«Dei bortgøymde kyrkjeklokkene under Napoleonskrigane»

Under Napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet var det vanleg å gøyme vekk både private og offentlege skattar. I folketradisjonen fins det mange soger om forsvunne eller stjålne kyrkjeklokker. Kyrkjeklokkene var ofte eit mål for engelske krigsskip som patruljerte norskekysten, og Fjell var nok i ein farleg leid so nære Bergen. Det kan ein lese meir om i Slaget ved Alvøen 1807. I denne perioden skal nokre kyrkjeklokker ha blitt gøymt i Fjellspollen. Kvar dei vart gøymd og kvar dei kom frå er ikkje kjend – heller ikkje om dei vart funne att.

Frå Bygdesoga for Fjell 1970:

I 1945 fekk Fjell Sogelag lektor Arne Stueland frå Stord til å reisa i Fjell og samla inn folkeminne. Nokre av dei folkeminna han skreiv ned, kom sidan med i Bygdesoga for Fjell frå 1970. Under følgjer små utdrag frå nokre av sogene han fann:

«Kyrkja på Trengereid»

image001

«På eidet mellom vatnet Kørillen og fjordpollen nordantil stod det nok i gamal tid ei kyrkje. Det er eit flatt jordstykke der som har vore kalla Kyrkjebakkeneller berre «Kyrkja» og som hallar sudover til vatnet. Det syner som ein låg val eller flat rygg i bakken her, og det låg i manns minne nokre spreidde steinar – som ein «garttenning» eller kyrkjegardsmur kan henda. I jordskorpa her er det funne pannestein. Då det ein gong (etter år 1900) vart grave ei djup veit der som kyrkja skal ha stade, kom dei over sterke fjøler av likkister. Fjølene var slegne saman med trenaglar. Spikar var ikkje brukt.

For kyrkjeferder kunne eidet mellom Kørillen og fjordpollen vera ein høveleg stad. med båt var det lett å koma frå mange gardar og bustader.

Så seint som i 1870-80 åri lova dei borni på Syltøy og fleire stader at dei skulle få vera med til Trengereidkyrkja ifall dei var snille og lydige.»

Meir om ødekyrkjer og kyrkjesegner kan du lese om i denne interessante artikkelen her.

 

«Segner om skogen på Sotra»

«Sume segjer at namnet Sotra tyder Svartøy, for øyi var i gamal tid skogklædd og såleis svart av skog. Ei 96 år gamal kona fortalde i 1938, er det sagt, at ho hadde sett det tri gonger i si levetid at dei brende vekk skog på øyi. Og dei bad til Gud i kyrkja, hadde ho høyrt, at han ikkje måtte det lata veksa skog meir. – Skogen her ute i øygarden gav nemleg livd og gøymsle for sjørøvarar, framande krigsfolk og illgjerdsmenn som ferdast på havet.

Styremaktene i landet, segjer segni, lova busitjarane på gardane i Fjell at dei skulle få skog att inne i fjordane – i Hardanger og andre stader – om dei ville svida av skogen her ute. Og skogen vart brend på Sotra. Men ingen veit om nokon fekk skogteigar att til vederlag».

 

«Segn om svartedauden»

«Det rauk berre i to skorsteinar i Fjellsokni då svartedauden var faren over landet, ein på Telnes og den andre på Kolltveit. På Telnes levde ein kar etter og på Kolltveit ei kvinna. Alle på dei andre gardane døydde i pesten».

 

«Ein gamal tingstad»

«Eit firkanta jordstykke på Sør-Ekerhovd skal etter segni, ha vore ein gamal tingstad. Det ligg einskilde steinar langs sidelinene på dette stykket».

 

«Gjest Bårdsen i Fjell»

Det fins mange segner om Gjest sine turar ikring vestlandet, og nokre av segnene har vi her i Fjell og:

«… Ei stova på garden vart kalla storstova og hadde jarnremar (gitter) for vindaugo og eikedører. Likevel stal ein gong Gjest Bårdsen pengar hjå Jakob Ågotnes. lenge etter fann ein gut ein pose med sylvpengar under ein stein langt oppi utmarki. Posen var morkna. Men pengane kunne – etter årstali ha vore i Gjest Bårdsen sine hender».

«… Gjest Bårdsen hadde stole 100 dalar på Bildøy og grave pengane ned der. Folk hadde leita etter dei i måneskin, men ikkje funne noko».

 

«Kørillatrollet»

«Kørillen er eit stort vatn på Sotra og med mange viker og bukter. I Kørillen skal det vera eit troll, truleg av ein sjøorm.

Ein brudebåt som var på veg til Sundkyrkja over dette vatnet, kom bort på kyrkjeveg. Det var Køriletrollet som kvelvde båten, og det skulle ha brudekruna på hovudet då det for sin veg. I ny tid har Køriletrollet vore sett ein gong, og det av folk som lever i 1945. Det såg ut som eit stort, grått flak som fløtte seg i vatnet, og det likna nærmast ei stor skata. Det hadde som ein hale med greiner på».

Det kan leggjast til her at det i Havstrilen 2007 stod ein flott artikkel om dette segnet

 

Bautastein på Ågotnes

«… Det stod lenge ein bautastein på Ågotnes. Bautasteinen var slegen i stykke og lagd opp på eit nevertak som torvhald. Steinen var trikanta og grann. Seinare vart stykki av bautasteinen lagde i ein skifergard, og der ligg den ennå (1945). Ingen kan hugse om det var innhogge t.d. runer i steinen».

 

Italiensk skipsforlis utanfor Dyrøy… og andre forlis

«Vestanfor Dyrøy forliste det ein gong eit italiensk skip. Det var nok eit som hadde vore til Svalbard. Skipsmannskapet vart berga, og nokre av dei yngste gav seg til i Fjell og vart gifte der».

Det kan leggjast til at det fins ei mengd med linande segner på heile Vestlandskysten, anten er skip frå den spanske armada eller  er eit italiensk skip. Karen Harkestad Fjell kunne fortelja at dei i slekta skal ha hatt ein «mørk mann» som hadde kravla opp frå sjøen etter eit skipsforlis. Dette skulle forklara at dei familien kunne vera noko kortvokste og mørke i utsjånad. Boka«Alonso de Olmos’ etterlatte dokumenter. Om det spanske armadaskipet«Santiago» som forliste i Sunnhordland i året 1588» av Torbjørn Ødegaard kan anbefalast som spanande lesing under dette temaet.

image002