Vellukka tur på Turøy

Vellukka tur på Turøy

Gråvêr og dårlege vêrmeldingar skremde ikkje over seksti entusiastar frå å møta på kaien på Turøy for å vera med på  kulturminnevandring gjennom naustmiljøet og den særmerkte busetnaden i fiskeværet sundag 9. juni.

Naust og hus er velhaldne, og miljøet der er i dag ein idyll.  Tore Turøy som har skrive bygdeboka for øya, tok oss rundt og kunne fortelja om eit blømande øysamfunn basert på fisk og fiske. Nærleik til rike sildefiskeri, gjorde at vart  det bygd ei stor saltebu ved hamna der det var sesongarbeid både til kvinner og menn. I tillegg til silda, tok dei imot mykje saltfisk frå fiskebåtar som kom med fangst frå Grønland og Island. Saltfisken vart reinsa og vaska og deretter lagd ut for å turka på svaberga rundt på øya. Fisken vart dermed til klippfisk. «Torskaberga» på Turøy var spesielle til å vera her på våre kantar.  

Sildesaltinga og klippfiskproduksjonen kom i tillegg til dei tradisjonelle kystfiskeria dei levde av, og Turøysamfunnet blømde fram til ut på 1960-talet. Dei mange nausta fortel om at her var fiske og sjøen viktig. Kring 1960 budde det om lag 220 menneske på Turøy. Då silda forsvann og det vart det slutt med klippfisktilverkinga, måtte folk reista ut for å få arbeid og folketalet gjekk jamt på ned. Fyrst kring 1990 då Turøy vart landfast, stoppa fråflyttinga og folketalet ligg no rimeleg stabil på kring 100.  

Husa ligg tett i området ved hamna, og i fleire av husa hadde dei gjennom tidene opplevd å mista folk på sjøen. På 1900-talet var det fire ulukker der fleire fiskarar mista livet. Sorga og tapa var ofte ekstra stor då dei omkomne gjerne var i nær slekt. Men det var godt samhald i bygda, og sjølv om folk hadde lite, delt dei med dei som stod utan forsytarar. Det vart også samla inn pengar til etterletne gjennom større regionale innsamlingsaksjonar.  

Også sjukdom som det tidlegare ikkje var behandling for, råka sterkt ein familie der ni av ti born døydde tidleg. 

På turen med skøyta «Solsvik I» i sunda vest for Turøy fekk vi sjå plassen der fire fiskarar  omkom då ei sjømine eksploderte i november 1920. Dei hadde funne sjømina på rek og drog den til lands ved Kalderasen vest på øya då ulukka skjedde.  

Ved bedehuset på Turøy er det sett opp ei minneplate over fiskarane som omkom i dei fire ulukkene på 1900-talet.  

Turøy ligg slik til at den òg vart eit utgangspunkt for nordsjøfart under krigen, og vi fekk sjå staden der m.a. Shetlands-Larsen hadde vore innom på oppdrag. 

Dei av turfølgjet som var med på «Solsvik I», fekk til slutt oppleva at vêrmeldingane held det dei hadde lova. Torevêr og regn må vi ta med på ein sommardag.  

Helsing 

Ove Midttun, Fjell kulturminnelag.

Foto: Ove Foldnes, klikk på bilete for større format.