Biografi på viktige personer 1886

Biografi på viktige personer 1886

Biografi på viktige personer

 

Johan Jørgen Langeland, Solsvik (1812-1888)

image001

Han kalla seg vanlegvis berre Jørgen Langeland. Landhandlar og salteri.

Den store og kjende Krohn-familien kjøpte Solsvik i 1789 frå familien Wallace frå Skottland, og i 1813 overtok den etterkvart særs profilerte Dankert D. Krohn handelsstaden. Med overtakinga følgde og ein handelsstyrar, nemleg Jens Jensen Langeland som kom frå Langeland i Nordfjord. Jens kjøpte Solsvik frå Krohn i 1827, men døydde diverre alt i 1830. Sonen, Johan Jørgen Langeland vart då den som tok over verksemda, men ikkje før i 1848. Saman med kona Malene Torjursdotter frå Misje dreiv han verksemda fram til 1888 (Kjelde: Kjell Terje Dåvøy i: Havstrilen 2007).

 

I skattelista frå 1888 står det dødsbo etter Johan Jørgen sitt namn, og skattelista for Lokøy er diverre tapt for 1889. Langeland døydde 22. mai 1888.

Hans Johan Wilhelm Juuhl, Brattholmen (1839-1888)

image003

Ordførar i Fjell frå 1868-1887). Slekta til Hans Johan Wilhelm Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotrai Fjell kommune. Bestefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrevika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet.

Dottera til Anders Magnussen, Engel Karine (1813-1892) vart gift med Johan Vilhelm Juuhl (1794-1868), som kjøpte Brattholmen i 1844. Her slo familien Juuhl seg til som gjestgjevarar og handelsfolk.

Engel Karine og Johan Vilhelm fekk sonen Hans Johan. Han var eindominerande figur i Fjell frå han overtok som gjestgjevar og handelsmann i Brattholmen i 1862. Han var aktiv i samfunnslivet, og hadde mellom anna vervet som ordførar i kommunen frå 1868 til 1887. Han gifta seg med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland (1841-1932) og deifekk fire søner: Johan C. W. (1866), Harald (1872), Hjalmar (1877) og Rikhard (1885). Ved folketeljinga i 1875 er familien registrert som busette i Brattholmen. Mor til Hans Johan Wilhelm og tre tenarar er også nemnde i hushaldet. Johan Christian WalhammerJuuhl vart seinarekjend som journalist og forfattar. Han skreiv t.d. bøkene Havstrilen og Kvalsryggen, som beskriv livet strilene hadde på den tida. i dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att.

 

Firmaet vart drive vidare under det gamle namnet, H. J. W. Juuhl. Johan tok over styringa av forretninga, trulegsaman med mora. I februar 1890 brann den gamle hovudbygningen i Brattholmen, men Juuhl-familien bygde eit nytt, i sveitserstil, som stod ferdig året etter.

Ved folketeljinga i 1891 vart familien Juuhl registrerte som busette på Klosteret i Bergen. Her budde enkja Johanna Berntine med dei fire sønene. Johan vart nemnt som «Bestyrer i KjøbmandsforretningBrændevinforretning».

I 1894 gjekk forretninga konkurs. Johan greidde å kjøpa eigedomen attende, men satberre ei kort stund med denne. Frå 1895 var både hus, eigedom og forretning i Brattholmen på framande hender. (Kjelde: Wikipedia)

 

I 1887 har Juuhl fått seg bygd eit skip med tanke på å traffikkere vestsida av Sotra og søndre del av Herdla. I 1888 vert det gjort framlegg i kommunestyret om tilskot til ein stabil dampskipsfart, og Fjell Herad teikner seg for 300 aksjar i Sotra og Herdla Dampskipsselskap under føresetnad at dampskipet S/S Lyngdal vert kjøpt av Fjell, Sund og Herdla. Dokument kring S/S Lyngdal er kome Fjell kulturminnelag i hende vil bli lagt ut etterkvart.

 

Pål Pålsson Bildøy (1835-1914)

Står oppført som fiskar i folketeljingafrå 1875.

På Bildøyna har det vore mange relativt velståande folk gjennom tidene. Pål Pålsson tilhøyrde ei av slektene som gjennom fleiregenerasjonar hadde ganske store formuar, samanlikna med andre folk i Fjell.

Både på far- og morssida stamma Pål frå lensmannen Anders Hansson (f. ca. 1632, d. ca. 1708), som budde på Bildøyna. Anders var ein av dei store jordeigarane i Fjell, og la nok ein del av grunnlaget for rikdomen til etterslekta. Sonesonen til lensmannen (og tippoldefar til Pål), Anders Nilsson, vart i samband med ekstraskattbetalinga i 1743/44 nemnt som den bonden i Fjell med størst formue, og i samband med ekstraskattbetalinga i 1767 var Anders mellom dei mest velståande i Fjell. (På s. 272 i band IV av bygdeboka står det om det rike skiftet etter Anders.) Sonen, Ola Andersson (oldefar til Pål), var i 1789 ein av dei to som betalte mest skatt i Fjell sokn.

Våningshuset til Pål Pålsson på Bildøyna vart kalla for Storstova.

Så Pål var nok meir enn einvanlegfiskar, men samstundes var det fisket som gav folket på Bildøynamykje av inntektene. (Kjelde: Halvor Skurtveit).

 

Den 25. juli 1889 vart ordføraren pålagd å søkja styresmaktene om løyve til frå 1. januar 1890 å halde tingmøta på Bildøy – hos Pål Pålsen – då det var lettare for tingmennene å ta seg fram til Bildøy, og betre lokaler og rimeligareleiga enn i Brattholmen.

 

Kristoffer Johan Garmann Lokøy (1847-1893)

 

Kristoffer var son til David Brunchorst Garmann frå Osterøy, som i 1865 kjøpte den gamle handelsverksemda på Lokøy. Davi busette seg på Lokøy året etter, saman med kone og born. Kristoffer tok over drifta i 1872, og gifta seg etterkvart med Eleonora Langeland, dotter til Johan Jørgen Langeland. På den måten var dei to største handelsfamiliane knytt saman. Kristoffer var eingjengangar både på formuetoppen og inntektstoppen.

 

I Det Norske Næringsliv – Hordaland Fylkesleksikon frå 1952 kan vi lese dette om den vidare drifta av handelsstaden:

 

Kristoffer Garmann, Landhandel, Storesund. Han overtok forretninga etter si mor, enkefru E. Garmann. Det vart omsett kolonial, manufaktur, skotøy, steintøy og liknande. Alle varar vart omsett kun til detaljistar på staden. Storleiken på forretninga var 30 kvm, og det var eit lyst og lett lokale på eige eigedom. Årsomsettinga er ca. 40 000,- og kapitalen kr. 25 000,-. Det var to personar tilsett i 1952.

 

Henta frå Det Norske Næringsliv – Hordaland Fylkesleksikon frå 1952

 

Wilhelm Frimann Koren, Fjell (1842-1913)

image004

Wilhelm var fødd i Selje 21. februar 1842. Han overtok Fjell den 1. juli 1880. Reiste allereie same år til Palestina og gav i 1882 ut ei bok om turen «Reiseindtryk og skildringer frå det hellige land», og var i tillegg til denne boka ein flittig og talentfull skribent med publiserte innlegg, artiklar, prosa og poesi. I «Digte og Sange» har Wilhelm eit tillegg av ei brevveksling han hadde som 15-års gut hadde med forfattaren H. C. Andersen. Wilhelm skal ha vore høgt ansett som forkynnar i Fjell, og har altså hatt eindugandeløn for sitt arbeid i si tid. (Kjelde: Fjell bygdebok 1970)

 

For kopi av skattelistene – kontakt oss!