Kyrkjedøra frå Gamle Fjell Kyrkje

Kyrkjedøra frå Gamle Fjell Kyrkje

Kyrkjedørafrå “gamlekyrkja” på Fjell

image001

Denne døra står i dag i ei løe på Nybø på Fjell. Døra skal ha blitt kjøpt på auksjon i 1875, då delar av gamlekyrkja vart seld. Eigar av garden Ole Hansen skal då ha arbeida med å sette opp den nye kyrkja, og difor fått med seg denne døra. Døra er toldelt, og har desse måla:

 

Dør I:

Breidde – 60 cm

Høgd – 193 cm

Tjukkleik – 3 cm

 

Dør II:

Breidde – 71,5 cm

Høgd – 195 cm

Tjukkleik – 3 cm

 

Yttersida har to innkarva symbol/bokstav:

 

image003     image004

 

Innsida:

 

I følgje auksjonsdokumentet for den gamle kyrkja, vart tre ytterdører selde på auksjonen. Erik G. Tvedt kjøpte kordøra, Lars ØrjansenSyltøenutskotsdøra og Kolbein

Tvedt kyrkjedøra. Dei kan jo vera at ei av desse dørene likevel har

hamna på Fjell, men kan det tenkjast at materialane i døra har hatt

einannan funksjon i kyrkja, t.d. som del av ein vegg? Halvor Skurtveit var for fleire år sidan på Tveita der han såg på ei gammal tømmerstove som står der. Eigaren meinte at døra i denne stova og stamma fråkyrkja.

 

  1. H. Fjelde (truleg Christoffer Hansen) kjøpte m.a. ein

“Marmorsten”. Dette er vel den marmorplata som seinare vart funne

att “på eit garveri i Åsane i 1940-åra”, som det står i

jubileumsheftet for kyrkja.

 

Det vart også selt tolv vindauge til ulike kjøparar. Nokre av desse

kan ha vore dekorerte, og hadde vore interessante å finna att.

 

Elles er det interessant at Nils Olsen Bildøen kjøpte tømmeret frå

koret. Koret var den eldste delen av kyrkja, og utgjorde skipet i

kyrkja som stod der fram til 1797. Nils sikra seg og preste- og

klokkarstolen.

 

“Utskotet”, eit lite tilbygg, vart kjøpt av L. O. Ulveseth.

 

Om nokon har fleireopplysingar knytt til dette, ikkje nøl med å kontakta oss! Om det er nokon som har bilete av den ”Gamlekyrkja”, er det særs interessant å få sjå på det. Det er ikkje, per i dag, kjend at det fins bileter av/frå denne kyrkja. Det same gjeld gjenstandar og/eller bygnadsmateriale som kan ha voreein del av denne kyrkja.

 

Les vidare om kyrkjene på Fjell her