Nordvikkverna

Nordvikkverna

 

Prosjekt Nordvikkverna

Kverna i Nordvik er omlag 175 år gamal, men vasskrafta på staden har nok vore nytta i mange hundre år. Sjå og oversikt over kverndrift i Sartors Skibrede 1776

Tilbygget med korntørke vart truleg reist på 1920-talet. Eigarane av kverna malte korn både for seg sjølv og for andre bønder.

Dei siste åra har Fjell Kulturminnelag sett i stand kverna, slik at ho no er fullt brukande.

Dei fleste gardskvernene på Vestlandet hadde berreeitt par med kvernsteinar. Nordvikkverna har to par, og er soleis større enn vanleg.

 

Etter at kornet var tørka, vart det fylt på ei stor trakt som førte kornet ned i midten av den øvste kvernsteinen. Mjølet kom ut i ein binge på framsida av kvernsteinane.

Kvernsteinpara i kverna vart drivne av kvar sin kvernkall. Krafta vart overført direkte til den øvste kvernsteinen gjennom ein vertikal treaksel.

På biletet ser vi enden av vassrenna der vatnet kan fossa ned på kvernkallen.

Vidare ser vi at kvernkallen kviler på ein trestokk. Møllaren kunne, ved å regulera høgda på stokken, heva eller senka den øvste kvernsteinen – etter om han ønska grovt eller fint mjøl.

I større vassdrivne kverner var det vanleg med vertikale vasshjul i staden for horisontale kvernkallar. I Nordvikkverna finst det og eit lite vasshjul. dette gjev kraft til korntørka.

Ansvarleg for Nordvikkverna i FKL er John Einarsen.

Planar vidare: Tjøring av huset, og rydding av området kringom. Samarbeid med skular i Fjell. Prosjekt å skjøte området gjennom bruk – hauste korn, treskje, maling etc.

 

I 2002 byrja arbeidet med å vøle på kverna, og under følgjer nokrebiletefrå prosessen:

Alle foto: Atle O. Martinussen

gravemaskin lite
 

kvernfolket på Nordvik november 2002 lite

under v¢ling.jpg-for-web-LARGE

driftssystemet for kornt¢rka i full fart.jpg-for-web-LARGE

skjerping av korn lite
 

testing av kverna.jpg-for-web-LARGE

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kverngjengen som stod for restaureringa.

 

 

Driftssystemet for korntørka i full fart

 

Skjerping av korn