Om Fjell sogelag

Om Fjell sogelag

Fjell Sogelag (1944-1982)

 

Kulturvernet i Fjell kommune har vore sterk i lange tider, og i 1944 vart det av Ungdomslaget Strilen på Fjell gard ytra eitønskje om ei bygdebok. Fjell Sogelag vart soleis stifta den 23. april 1944 “i Eikeland sitt hus (der jordstyret no har kontor)” i den hensikt å samla tilfang til ei bygdebok for Fjell. Sogelaget var eit initiativ av ungdomslaget “Strilen” på Fjell gard, med Rangvald Fjell i spissen. Den første valde formannen vart Nils Trengereid, varaformannn Sigurd Knapskog, Sektretær jens Lie, kasserarRangvald Fjell og Einar Fjeld. Varamenn i styret vart Dr. Gjelstein, Ole Kr. Bjorøy, O.H. Fjeld, Hans N. Brekken og Osvald Larsen. I tillegg vart det vald Tillitsmenn for kvar skulekrins.

 

I Årsmøteprotokollen frå 1954 orienterte Rangvald Fjell om at heradsstyret hadde valt ei kulturvernnemnd, og kulturvernarbeidet i Fjell kommune er soleisikkjenoko nytt. Sogelagetfekk under heile si virke stønad frå Fjell kommune. Fjell Sogelag stod slik som ansvarleg for “Bygdesoga for Fjell” som kom i 1970, og overlot i 1982 alt arkivmateriale og kontantmidlar til Fjell kommune.  25. januar 1982 samla deigjenlevande av det sist valde styret i Fjell Sogelag seg i Heradshuset på Fjell: Varaformann Jens Lie, kasserar Ragnvald Fjell og Arnljot Gjelstein.

 

Bygdesoga var bakgrunnen til stiftinga av sogelaget, og drivkrafta. Noko av tilfanget som vart samla inn gjennom 26 år ligg att i Fjernarkivet i Fjell rådhus, og det er særskilt ein person som skil seg ut som iherdig innsamlar: Stigar Anders Egge. Mellom han og Rangvald Fjell og Nils Trengereid ligg det ein del brevveksling der den ofte traurige arbeidsformen med å tråle arkiv etter arkiv kjem fram. Fleiregongar vert han sengjeliggjande grunna alt støvet han får i seg medan han blar i gamle protokollar. Men samstundes får han tydelegviseit godt forhold til både Trengeried og hans familie, og bygda Fjell. Han nemnerfleiregongar at han har tatt lydbandopptak med sin “radio”, noko som hadde vorespanande å funne att. Han skal bla. ha opptak av Trengereid sjølv, der han les om “den gamle legenden”. Kva legende dette er hadde vorespanande å finne ut av. Han tok og opptak av ein Rasmussen som las opp, spelte og song, ei Aud som song, og ein samtale med ein John Kjell og far hans. Guten John Kjell nemner han fleiregongar i brevvekslinga og. sjølv om han tydelegvis hadde einopptakarønskjte han seg tydelegvisein ny ein, og einamerikans Wire-recorder” stod høgast på ønskjelista. Egge gjekk bort i 1956.

 

Andre forfattarar, medhjelparar og kjeldeinnsamlarar:

 

Professor Niels Henrik Kolderup – geologi

Høskulelærar Jakob Naustdal – plantelivet

Amanuensis Gunvor Trææteberg – klesdrakter

Stipendiat (dåverande) Arne Bjørdal – tonar og stev

Lærar A. Andås – samferdsla

Dr. Arnljot Gjeldtein – helsestellet

Sokeprest Nils Trengereid – Kyrkja og presterekkja

Lensmann Leif Eikeland – rettstellet og krigstida

Tannlækjar Ole K. Bjorøy – industrien

Lektor Arne Stueland – “Dei gamle fortel”

Fiskar hans O. Vindenes – fiskarsoga

Mons  M.Kobbeltvedt

Olga Fjell

Norma Ebbing

Kåre Fjell

Conrad Clausen

Konrad O. Knappskog

Nils N. Tellnes

Olav Hoprekstad

Nils A. Pettersen

Lærar Jens Lie

Einar Fjeld – jordbruket

Ole H. Fjeld – kommunalsoga

Ragnvald Fjell – kommunalsoga

Jenny Fjell ulveseth – hus og heim

  1. Rømestrand – industrien

Kristian K. Fjell – krigstida

 

Arne Stueland, som reiste rundt på gardane i Fjell og snakka med dei gamle, skal ha hatt kring 40 maskinskrivne sider med intervjumateriale. Berre noko av dette har vorte nytta i bygdesoga, og i bygdesoga står det lite namn i tillegg. Om ein hadde funne att desse sidene hadde det nok vore gjevt.

 

Ein Olav Hoprekstad skal og ha fare rundt i Fjellbygda og samla inn ein del materiale. han sende inn dette materialet til ordføraren i Fjell i 1965.

 

Det som er særskilt interessant med Fjell Sogelag er at det i vedtektene står: Årsmøtet vel dessutan 20 tillitsmenn med personlege varamenn, ein tillitsmann frå kvar skulekrins med undatak av Landro, Kårtveit og Fjell krinsar, som får kvar to. Styret saman med tillitsmennene utgjereitarbeidsutval. Dette arbeidsutvalet skulle vere med på å samle inn informasjon til bygdeboka sjølvsagt, men ideen kan minne mykje om korleis Fjell Kulturminnelag i dag ønskjer å organisere seg gjennom Kulturminnekoordinatorar.

 

Fjell Kulturminnelag er etterfølgjaren til Fjell kommune si Kulturvernnemnd som hadde sitt virke frå 1977 og heile 80-talet. Samstundes tok dei over arbeidet til Fjell Sogelag som vart lagt ned i 1982 etter å ha voreeit “sovande” lag i ti år.