Gamle bilete

Gamle bilete

Fotosamling Fjell Kommune 

Gamle

Her oppfordrar vi folk med gamle biletefrå Fjell kommune til å ta kontakt. I samarbeid med Fjell kommune ønskjer vi å lage til ei fotosamling som kan liggjetilgjengeleg for alle på vår heimeside samt kommunen sin. Vi tar arbeidet med å skanne inn bileta som vi berre treng låne ei kort stund. Bileta tar inga skade, og vil bli handtert varsamt!

 

Fjell kommune arbeider med å registrera og avfotografera (skanna) eldre fotografi – til bruk i bygdebøkene og til oppbygging av ei kommunal fotosamling.

 

Vi er interesserte i fotografi som viser eit rikt utval av situasjonar med tilknyting til Fjell kommune fram til ca. 1970: portrett, familiar, landskap, kvardag og høgtid – både amatørfoto og bilete som er tekne av profesjonelle fotografar. Foto eldre enn 1950 er av spesiell interesse. Det er òg viktig å kunna knyta mest mogleg informasjon om motivet til kvart enkelt bilete.

 

I kommunen si historiske fotosamling finst både originalfoto (mellom anna flyfoto frå 1960-talet) og digitale kopiar av bilete i privat eige. Samlinga inneheldno til saman ca. 3000 foto frå Fjell kommune, med stor variasjon i motivtypar.

 

Mange av bileta vil bli nytta som illustrasjonar i Fjell bygdebok. Les meir på prosjektet sin nettstad:    Fjell Fotosamling

 

Kontaktperson:

Fjell kulturminnelag:
Hallgeir Atle Dale

 

Fjell kommune:

 

Halvor Skurtveit

Tlf. 56 32 65 45 – Mobiltlf. 97 06 83 82

Halvor.Skurtveit@fjell.kommune.no

 

Har du gamle bilete, dokument, skrifter eller anna, som du trur kan vere av interesse, ikkje nøl med å kontakte oss!

 

 

Sjekk og Universitetsmuseenes fotoportal for mange spanandebiletsøk!

http://www.unimus.no/foto/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

YournameCom © 2007 • Privacy Policy • Terms ofUse

www.yourdomain.com

 

Inskripsjon ved kvernhuset på Fjell gard – CKHN 1822