INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2022 FOR FJELL KULTURMINNELAG

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2022 FOR FJELL KULTURMINNELAG

Fjell kulturminnelag held årsmøte torsdag 16. mars 2023 kl 19 i Knarrevikløa i Knarrevik.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar, skrivar og folk til å skriva under møteboka.
  3. Årsmelding frå styre.
  4. Rekneskap for 2022.
  5. Fastsetjing av lagspengar. (Framlegg frå styret: Uendra sats)
  6. Fastsetjing av arbeidsprogram og budsjett for 2023
  7. Tilmelde saker. (Tilmelde saker må sendast til styret innan torsdag 2. mars 2023)
  8. Val:
  9. a) leiar for eitt år
  10. b) to styremedlemmar for to år
  11. c) to varafolk for eitt år
  12. d) revisor
  13. e) ein kandidat til styret i Stiftinga Knarrevikløa for to år
  14. f) representant til redaksjonen i ”Havstrilen”
  15. g) to medlemmar til valnemnda.

 

Før årsmøtesakene vert handsama, vil etnolog/museumsstyrar h.v. Ågot Gammersvik snakka om ”Kystkvinner”. Det vert lagt opp til samtale om emnet på møtet.

Det vert enkel servering på møtet.

Vindenes,  6. februar 2023

Helsing

Styret

FKM Årsmelding 2022