REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG
14. mars 2024 I KNARREVIKLØA.
Det møtte 14 medlemer

1. Godkjenning av innkallinga og saksliste.
Leiar Ove Midttun ynskte velkommen til årsmøtet. Innkallinga og sakslista vart godkjent.

2. Konstituering
Ove Midttun vart vald til å leia møtet, medan Jarle Vindenes var vald til referent.
Til å skriva under møteboka vart Gudveig Lillebø og Vigdis Landro valde.

3. Årsmelding for 2023
Leiar gjekk gjennom årsmeldinga for året 2023 og denne vart godkjend.

4. Rekneskap for 2023
Kassastyrar gjekk gjennom rekneskapen for 2023, denne vart godkjend.

5. Fastsetjing av lagpengar for 2024
Styret hadde framlegg om at lagspengane skulle fastsetjast til kr 250,- slik dei hadde vore dei
siste åra. Dette vart godkjend.

6. Arbeidsprogram og budsjett for året 2024
Styret hadde laga eit arbeidsprogram for 2024. Dette blei gått igjennom og godkjent.

7. Tilmelde saker.
Endring av vedtektene for laget vart gjennomgått og deretter samrøystes vedteke.
Dei endra vedtektene er vedlagt referatet.

8. Val av styre og andre tillitsverv
Valnemda sitt framlegg til styre og andre tillitsverv vart godkjend. Valet vart slik:
Leiar: Ove Midttun – attvald for 1 år.
Styremedlem: Jarle Vindenes attvald for 2 år.
Styremedlem: Steinar Skorpholm (ny) vart vald for 2 år.
Styremedlemene: John Einarsen og Vigdis Landro var ikkje på val.
Varamedlemer: Ove Foldnes (ny) og Ingalis Apeltun Malmo – valde for 1 år.
Revisor: John Erik Ågotnes – attvald for 1 år.
Representant for redaksjonen for Havstrilen: Gudveig Lillebø – attvald for 1 år.
Valnemnd: Hallgeir Dale, leiar og Ingalis Apeltun Malmo – attvalde for eit år