Samling i gamla naustet på Liaskjeret

Samling i gamla naustet på Liaskjeret

Alle er velkomne til samling i gamla naustet på Liaskjeret onsdag 26. oktober kl 19 der Peder Lie vil snakka litt om historien til folket på Liaskjeret, korleis dei driv i dag og kva han ser føre seg at dei kan utvikla seg innafor fiskerinæringa. Du får kaffi/te og kaffimat, og det vert tid til å sjå seg om på naustet, og til spørsmål og drøs om både gamalt og nytt.
Helsing
Ove Midttun
Fjell kulturminnelag