Ut frå ønsket om å ta vare på kulturarven vår og formidla den vidare til komande slektar, vart Fjell Kulturminnelag stifta den 23. februar 1987, Laget har som føremål: " .. å verna om, og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i Fjell Kommune.
Laget har så langt konsenstrert seg om å samla og ivareta fysiske kulturminne frå strilekulturen. Dette arbeidet vil halde fram, og vi er avhengige av tips frå folk i regionen vår.
I samarbeid med Fjell kommune ønskjer vi å samle inn så mykje informasjon om bygdene og innbyggjarane frå farne tider som mogleg.
Har du gamle bilete, dokument, skrifter eller anna, som du trur kan vere av interesse, ikkje nøl med å kontakte oss! Om du vil ha bladfyk med oppdateringar frå heimesida vår, bed du om dette i ein E-post til oss.
NB! Den 18. november 2009 ønskte vi velkommen til Knarrevikløa og medlemsmøte . Vi ønskjer å organisere 1-3 kulturkoordinatorar i kvar grend og bygd i Fjell kommune, og søkjer difor særskilt personar som er interessert i å ha ei slik rolle i heimbygda si. Denne kvelden rekrutterte vi 13 personar og har fem andre frå før. Etter dette har det og kome fleire til, men vi treng stadig fleire, så det er berre å kontakte oss!!