Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2024
Vi legg opp til å gjennomføra ulike tiltak dette arbeidsåret og satsar slik:
Dugnad:
– Utstilling om fiskarbonden i møkakjellaren i Knarrevikløa.
Vidare reinsing for mott av ein del gjenstandar, tilrettelegging av gjenstandane, utforming og plassering av bilete/infomateriell/montre og montering av naudsynt belysning. Vår/sommar/haust
– Knarrevikløa
Rydding i attståande gjenstandar på skukken.
Rydding/fjerning av ugras/tre utvending
– Infoskilt ved kulturminne
Sjå til infoskilta og vøla/skifta skilt der det er naudsynt
– Den eldste skytebana i Kolltveitmarka
Meir trerydding og merking av standplass
– Gamal bilveg Brattholmen – Møvik
Få opp infoskilt ved rest av vegen som ligg i Haljedalen
– Nordvikkverna
Rydding og bortkøyring av tre/kratt/gras. Vår/sommar.
– Smia på Ulveset
Naudsynt tilsyn
Tilskipingar:
– Våren – Kulturkveld i Giertsen-nausta på Ågotnes onsdag 24. april.
Omvising i nausta v/Fjell kystlag og forteljing om historia til verksemda v/Jakob E Ågotnes
– Langøymarknaden helga 24. og 25. august.
Fjell kulturminnelag stiller med info, boksal og verving av medlemar.
– ”Allsong på kysten”
Skipa ”Allsong på kysten” fredag 13. september på Notloftet på Vindenes.
– Haust – Kulturkveld i Knarrevikløa torsdag 31. oktober
Historia om hermetikkindustrien i Øygarden v/Jostein Misje.
– Kulturminnevandring
Vår – Turøy sundag 9. juni med turleiar Tore Turøy m.fl.
Haust – Kallestad og Trengereid sundag 29. september med turleiar Bjarne Tingvoll.
– Utgjeving av hefte
I samarbeid med Gudveig Lillebø å få laga eit hefte med forteljingar om kvardagsliv frå bygdene våre.
Medlemsverving
I 2023 hadde vi 37 betalande medlemar og vi må satsa på å få med nye medlemer og motivera tidlegare medlemer til å betala årspengar til kulturminnelaget.