INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2023

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2023

 INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2023 FOR FJELL KULTURMINNELAG  

Fjell kulturminnelag held årsmøte torsdag 14. mars 2024 kl 19 i Knarrevikløa i Knarrevik.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  2. Val av møteleiar, skrivar og folk til å skriva under møteboka.
  3. Årsmelding frå styre.
  4. Rekneskap for 2023.
  5. Fastsetjing av lagspengar for 2024. (Framlegg frå styret: Uendra sats)
  6. Fastsetjing av arbeidsprogram og budsjett for 2024
  7. Tilmelde saker. (Tilmelde saker må sendast til styret innan torsdag 29. februar 2024)
  8. Val:
  9. a) leiar for eitt år
  10. b) to styremedlemmar for to år
  11. c) to varafolk for eitt år
  12. d) revisor
  13. e) ein kandidat til styret i Stiftinga Knarrevikløa for to år
  14. f) representant til redaksjonen i ”Havstrilen”
  15. g) to medlemmar til valnemnda.

 

Før årsmøtesakene vert handsama, vil Per Helge Martinsen halda kåseri om «Motstandskamp i Øygarden 1940-1945». Martinsen har arbeid mykje med lokal historie under andre verdskrigen. Han har gitt ut boka «Hemmelig krig». Det vert høve til spørsmål/samtale om emnet.

Det vert enkel servering på møtet.

Vindenes,  31. januar 2024

Helsing

Styret