100 songglade strilar

100 songglade strilar

Om lag 100 songglade strilar, byfolk, ja til og med karmøybuar, samla seg fredag 9. september til ”Allsong på kysten” på Notloftet på Vindenes.   Notloftet er ei fin råme for denne samlinga, og lokalet  vart ikkje mindre imponerande med ein raudfarga Hjeltefjord som spegla seg ute, og for ikkje å snakka om då fullmånen kikka  inn gjennom loftsglasa ut på kvelden.

Fjell kulturminnelag skipa ”Allsong på kysten” for fjerde året på rad, og opplegget er at gjestane skal få oppleva songgleda  i eit stort fellesskap. Kulturminnelaget fekk trykt opp eit hefte med songar som dei fleste av oss kjenner og lett kan syngja med på. Det er songar som vi gjerne set i samband med ”Ønskekonserten” som var ein populær programpost for mange av oss i yngre år. Elles var Johannes Kleppevik  godt representert og tydleg populær. Vi hadde med fire av visene hans, og der var det ikkje tvil om at folk kjende seg heime.

Olav Kobbeltveit som leidde oss gjennom songheftet, var ein stø og dugande festleiar og forsongar. Tonefølgjet elles var det Olav Ulveseth, på trekkspel, og Bjørn Tore Hummelsund, på gitar, som stod for. Sjølv om vi kunne dei fleste songane, var det godt å kunna lena seg på gode musikarar med lang fartstid.

Kvartetten ”Klungerrosa” hadde to sesjonar der dei song a cappella frå eit variert repertoar. Bidraga frå ”Klungerrosa” gjorde at ”Allsong på kysten” kunne byda på innslag av høg musikalsk kvalitet, og det sette folk tydeleg pris på.

Folk møtest og då må det òg vera rom for drøs. Ei god økt der folk fyrst kunne forsyna seg med god betasuppe og deretter med kaffi og kaffimat, gjorde at folk fekk høve til å snakka med kjenningar, og ukjende òg for den del.

Fjell kulturminnelag legg opp til at ”Allsong på kysten” skal  vera eit rimeleg kulturalternativ, og for å få det til, fekk vi stønad frå ei rekkje lokale verksemder til å få laga songheftet. Sotra Gruppen bidrog med at vi fekk halda hus på Notloftet.  Det takkar Fjell kulturminnelag og alle gjestane for.

Ove Midttun

Fjell kulturminnelag

Olav Kobbeltveit leidde songkvelden.

Foto: Jarle Vindenes

Foto: Jarle Vindenes