Ågot Gammersvik fortalte levande om korleis ho møtte kystkvinnene.

Ågot Gammersvik fortalte levande om korleis ho møtte kystkvinnene.

Kystkvinnene på Sotra var tema då etnolog og museumsstyrar Ågot Gammersvik gjesta årsmøtet i Fjell kulturminnelag 16. mars 2023.

Ho hadde samla inn mykje informasjon om kystkvinnekulturen langsmed vår del av kyststripa, og fortalde levande om korleis ho møtte denne delen av kystkulturen då ho dreiv med innsamling av data på 1970-talet. Det var eit pionerarbeid på våre kantar, og mykje av denne kysthistoria vart då samla i ei bok – rik på illustrasjonar.

Etter foredraget vart møtelyden invitert til å supplera med eigne historier, og mange hadde eitkvart å bidra med.

Leiaren, Ove Midttun, kunne leggja fram ei omfattande årsmelding, som viser at det er god aktivitet i laget. 2. juni var laget på tur til Hjelme gamle kyrkje, der Annelise Grøm og Egil Sæle tok imot oss – 56 i talet. Vi fekk servert historia til kyrkja, og dei framførde salmar og songar i gamal tonedrakt. Kaffi og kaker høyrde med.

I fjor var Langøymarknaden tilbake, og frammøtet var bra. Vi fekk selt ein del eksemplar av «Båtar i Fjell».

Allsong på kysten vart i fjor eit vellukka arrangement, med godt frammøte. Allsongen ljoma gjennom Notloftet på Vindenes, attåt god drykk og rikeleg med lapskaus. Økonomien i dette tiltaket er bra, takk vere rause tilskot frå eit ti-tals lokale verksemder.

Onsdag 26. oktober gjekk turen til gamlanaustet på Liaskjeret, og Peder Lie tok imot. Han viste oss, og fortalde oss detaljert om, korleis fiskeribedrifta hadde vore grunnlagd, driven og bygd opp fram til i dag.

Vi har eit travelt program også for komande arbeidsår, og har rikeleg plass for nye medlemmer.

Olav Kobbeltveit ,
skrivar