Allsong på kysten

Allsong på kysten

Det vert ”Allsong på kysten” fredag 10. september kl 19 på Notloftet på Vindenes, og du er velkomen til å melda deg og gjerne vener på songkvelden. Det kan vera godt å koma seg ut ein kveld og få vera saman med andre songglade menneskje. Påmelding på notloftet.no/allsong.

Av smittevern omsyn opnar vi for berre 120 gjester i år og elles legg vi opp til gode smitteverntiltak. God handhygiene og naudsynt avstand til dei du ikkje er saman med i det daglege er viktig. Maten vert servert til deg på plassen din. Drikke, vatn, brus, alkoholfrie drikke, øl og vin, kan du kjøpa frå trillevogn ved bordet. Tanken er at vi kunna sitja mest mogeleg på plassen vår saman med dei ein kjenner seg nærast.

Programmet vert mykje det same som det vi har hatt dei tidlegare åra. Klungerrosa vil ha to korte økter med vakker song. Men allsongen er det viktigaste, og du vil få rikt høve til å syngja frå eit rykande ferskt songhefte. Olav Kobbeltveit står for festleiinga, og han vil leia allsongen. Olav Ulveseth og Bjørn Tore Hummelsund vil som vanleg vera husorkesteret vårt.

Inngangspengane er på 300 kroner per gjest og du kan melda på nettet ved å gå inn på notloftet.no/allsong, lasta ned ein QR-kode på plakaten vår eller ved å ta ein telefon til anten Ove Midttun – 476 14 535 eller Vigdis Landro – 416 77 427. Melder du på fleire, er det viktig at du gje opp namna på alle dei påmelde.

Hugs songkvelden kan fort verta fullteikna, slik at det gjeld å vera rask med påmeldinga for å sikra seg plass.

Elles takkar vi dei gode støttespelarane våre: Notloftet på Vindenes/Sotra Gruppen AS, Sartor Storsenter, Brødrene Ulveseth AS, Lerøy/Sjøtroll, Algrøy Elektro AS, Sekkingstad AS, Sartor Maskin AS, Lie Gruppen AS, Sotranot AS og CCB.