Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2021

Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2021

Styret peikar på at virussmitten kan gjera det vanskeleg å få gjennomført ein del av tiltaka i dette arbeidsåret, men vi vil prøva så langt det er forsvarleg.

Utstilling om fiskarbonden i møkakjellaren i Knarrevikløa.
Vidare reinsing for mott av ein del gjenstandar, tilrettelegging av gjenstandane, utforming og plassering av bilete/infomateriell og montering av naudsynt belysning. Vår/sommar/tidleg haust

Gamle Brattholmen skule
Gjennomgå tilstandsrapport, utvikla samarbeidet med kommunen, Brattholmen skule og folk i skulekrinsen, avklara Kulturminnelaget si rolle og få eit mandat frå kommunen, laga ein plan for å vøla bygget og søkja om tilskot til Kulturminnefondet

Knarrevikløa
Rydding i attståande gjenstandar på skukken.
Rydding/fjerning av ugras/tre utvending

Infoskilt ved kulturminne
Sjå til infoskilta og vøla/skifta skilt der det er naudsynt

Opa tilskiping våren 2021.
Ved kaien i Solsvik vert det torsdag 27. mai omvising om bord på rutebåten ”Vestgar” med orientering om båten og kåseri ved Erling Virkesdal om rutebåtsambanda i området vårt opp gjennom tidene.

Gamale skytebana i Kolltveitmarka
Meir trerydding og merking på standplass

Nordvikkverna
Ytre vedlikehald med m.a. breiing av bygget og rydding/bortkøyring av tre/rusk Vår/sommar.

Smia på Ulveset
Naudsynt tilsyn

Langøymarknaden
Mønstra på marknaden laurdag 28. og sundag 29. august for å fremja kunnskap om arbeidet til laget, få med fleire medlemer og ha boksal.

Allsong på kysten
Skipa songkveld fredag 10. september 2021 på Notloftet på Vindenes. Kunngjering i kring midten av august månad.

Opa tilskiping hausten 2021
Vert kunngjort seinare.

Få med fleire medlemar
Få med nye medlemer og motivera tidlegare medlemer til å betala årspengar til kulturminnelaget.