Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2022

Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2022

Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2022

Styret peikar på at smittenstoda no kan gjera det lettere å gjennomføra tiltaka dette arbeidsåret, og vi satsar slik:

Dugnad:

– Utstilling om fiskarbonden i møkakjellaren i Knarrevikløa.

Vidare reinsing for mott av ein del gjenstandar, tilrettelegging av gjenstandane, utforming og plassering av bilete/infomateriell/montre og montering av naudsynt belysning. Vår/sommar/tidleg haust

– Gamle Brattholmen skule

Utvikla samarbeidet med kommunen, Brattholmen skule og folk i skulekrinsen, avklara Kulturminnelaget si rolle og få eit mandat frå kommunen, laga ein plan for å vøla bygget og søkja om tilskot til Kulturminnefondet

– Knarrevikløa

Rydding i attståande gjenstandar på skukken.

Rydding/fjerning av ugras/tre utvending

– Infoskilt ved kulturminne

Sjå til infoskilta og vøla/skifta skilt der det er naudsynt

– Den eldste skytebana i Kolltveitmarka

Meir trerydding  og merking av standplass

– Nordvikkverna

Rydding og bortkøyring av tre/kratt/gras.  Vår/sommar.

– Smia påUlveset

Naudsynt tilsyn

– Stemmegard på Kolltveit

Få kontakt med Sotra Link AS for å sikra omlegging av planlagd trasé for gang/sykkelveg for å hindra at stemmegarden i Stemma vert skada.

Tilskipingar:

– Opa tilskiping våren 2022.

Konsert og omvising i Gamle Hjelme kyrkje v/ Anne Lise Grøm og Egil Sele torsdag 2. juni.

– Langøymarknaden 28. og 29. august.

Fjell kulturminnelag stiller med info, boksal og verving av medlemar.

– ”Allsong på kysten” 9. september

Skipa ”Allsong på kysten” fredag 9. september på Notloftet på Vindenes etter vanleg mønster.

– Omvising i naust på Liaskjeret 20. oktober

Peder O Lie viser oss rundt i gamla naustet og fortel fiskerihistoria frå Liaskjeret.

Medlemsverving

Få med nye medlemer og motivera tidlegare medlemer til å betala årspengar til kulturminnelaget.