Dugnad på Bekkabruna i Storavatnet på Kolltveit

Dugnad på Bekkabruna i Storavatnet på Kolltveit

Ein dugnadsgjeng frå Fjell kulturminnelag nytta isen på Storevatnet for å få fram og på plass store steinheller på Bekkabruna. Bekkabruna har lege der sidan 1880-talet, men ein del heller som mangla på brua ei tid, har gjort det meir krevjande for dei mange turgåarane som går over brua. Fjell Kulturminnelag  som samarbeider med grunneigar, fekk steinheller av Sartor Maskin AS og frakta dei på slede på isen frå rundkøyringa ved Kolltveittunellen til Bekkabruna der vi måtte vera ein heil gjeng for å få løfta dei tunge hellene opp, og på plass. Det var tale om heller som veg kring 375 kg kvar. No veit vi at folk vil kjenna seg tryggar når dei tek turen over brua. Det var mange, både unge og gamle, som nytte godveret, isen og snøen på Storavatnet saman med dugnadsgjengen. Vi vonar at vinteren held ei stund til. God tur.

Fjell kulturminnelag

Ove Midttun

Ledelsen: Ove Midttun, Oddvar Fjæreide, Jan Kåre Mathiassen. Foto: Kurt Midttun

Dugnadsgjengen frå venstre Harald Kobbeltvedt, Roy Hansen, Jan Kåre Mathiassen, Oddvar Fjæreide, (i skuggen) Inge Kolltveit og William Rabben, Ove Midttun, Jan Grimstad, Tormund Wågø og Marton Morland. Foto: Kurt Midttun

Finjustering: Tormund Wågø, Kurt Midttun og Ove Midttun. Foto: Inge Kolltveit

Transport av stein, mellom rundkjøyringa og Bekkabruna, gjekk på ein god heimalaga slede. Foto: Inge Kolltveit