Helsing frå Fjell kulturminnelag

Helsing frå Fjell kulturminnelag

God kulturminneven

Det er krevjande tider for alle om dagen. Vi hadde tillyst årsmøtet i Fjell kulturminnelag til 26. mars, men måtte utsetja møtet grunna smitterisiko. Onsdag 29. april fekk vi ei opning og gjennomførde årsmøtet i Knarrevikløa. Ove Midttun held fram som leiar, John Einarsen er nestleiar, Vigdis Landro kassastyrar, Jarle Vindenes skrivar og Olav Kobbeltveit styremedlem.

Fjell kulturminnelag saman med Sund sogelag og Øygarden sogelag var 7. og 8. mars vertskap for lokalhistoriske dagar og årsmøtet i Hordaland sogelag. Vi fekk høve til å syna fram ein del av kulturminna våre til ein interessert flokk på vel 40 utsendingar frå lag frå heile Hordaland. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå dei tilreisande.

Styret hadde i februar månad arbeid ut eit utkast til arbeidsplan for 2020. Vi la opp til dugnad på fleire prosjekt og samlingar for alle kulturminneinteresserte. Dugnadsarbeid på dei ulike prosjekta vil stor sett gå etter planen. Den 20. mai skulle vi ha samling med omvising om bord på ”Vestgar” og kåseri om rutebåtferdsla her ute gjennom tidene av Erling Virkesdal. Diverre gjer koronasmitte og smitteverntiltak at ”Vestgar” ikkje vert klar frå verkstaden i tide. Samlinga den 20. mai må difor utsetjast, og vi no har legg opp til å koma om bord på ”Vestgar” til hausten. Vidare er vi spente på om tilhøva ligg til rette for at vi kan skipa ”Allsong på kysten” som planlagt fredag 4. september. Vi  vil venta til litt ut på sommaren før vi teke endeleg standpunkt til om vi skal gjennomføra etter planen eller utsetja songkvelden.

For å driva med kulturminnearbeid treng laget medlemer, og vi vonar at du vil vera med i Fjell kulturminnelag. Ta gjerne kontakt med Ove Midttun på telefon 47614535 eller ovemidt@outlook.com  eller Vigdis Landro på 41677427 eller v.landro@online.no dersom du har innspel til laget. Du kan òg gå inn og lesa på heimesida vår fjellkulturminnelag.org.

Årspengane for 2020 er 250 kroner og dei betalar du inn til Fjell kulturminnelag på kontonummer 3628 54 46710 med forfall onsdag 20. mai 2020.

Takk for at du vil vera medlem.

Helsing

Ove Midttun