Helsing frå Fjell kulturminnelag

Helsing frå Fjell kulturminnelag

Adresse: Midskarhaugen 1, 5360 Kolltveit
Bankkonto: 3628 54 46710

 

Gode kulturminneven

Fjell kulturminnelag er inne i eit nytt arbeidsår, og etter årsmøtet har laget desse folka i styret; Ove Midttun, leiar, John Einarsen, nestleiar, Vigdis Landro er ny i styret og ho tek over kassen etter Jarle Vindenes som no er skrivar. Svein Olaf Drageland held fram som styremedlem. Inge Kolltveit bad om fritak frå styreombodet og kulturminnelaget takkar Inge for god innsats for laget gjennom fleire år.

Kulturminnelaget arbeider med fleire prosjekt. Det gjeld for det første å få sett opp infotavler for å fortelja turfolk om historia bak stemmegardar og anna som dei møter på langs stiane i Kolltveitmarka. Styret reknar med å få sett opp tavlene i laupet av våren. Eit anna prosjekt er å flytta m.a. ein del landbruksutstyr som vi har ståande på skukken ned i møkakjellaren i Knarrevikløa for å få til ei utstilling der. Vidare har styret teke opp med Fjell kommune, Kulturkontoret om vi kan få nytta delar av løa på Gjerde kulturminnegard som utstillingsstad for gjenstandar kulturminnelaget har og som fortener å koma meir fram i ljoset.

Nordvikkverna må breiast og treng til anna mindre vedlikehald. Det trengs òg rydding rundt kvernhuset. Vi ynskjer grupper velkomne til omvising på kverna. Ved og i Knarrevikløa trengst det og rydding og enkelt vedlikehald.

Styret ynskjer deg velkomen til ope møte 9. mai kl 19 på Folkeboksamlinga på Sartor Storsenter på Straume. På møtet vil Leif Inge Åstveit som er forskar ved Universitet i Bergen og prosjektleiar for utgravingane på Bildøyna, snakka om funn som er gjort på Bildøyna og om kva desse funna fortel oss om korleis folk levde her for 6000 – 7000 år sidan.

Vi mønstrar òg på Langøymarknaden laurdag 24. og sundag 25. august. Der er vert det høve til å kjøpa boka vår ”Båtar i Fjell”. Du er velkomen til å helsa og veksla nokre ord med oss som står der for Fjell kulturminnelag.

Det vert skipa ”Allsong på kysten” på Notloftet på Vindenes fredag 30. august kl 19. Songkvelden i fjor vart godt motteken og det var stor rift om billettane. Vi legg opp til eit liknande opplegg i år òg. Det vert musikk, allsong, mat og kaffi og høve til å kjøpa drikke. Klungerrosa, Olav Ulveseth og Bjørn Tore Hummelsund kjem. Olav Kobbeltveit vil vera førsongar og festleiar. Vi må gå opp med inngangspengane til 300 kroner per person. ”Allsong på kysten” vert kunngjort på nettløysinga ”Kva skjer i Fjell” og i Vestnytt den 16. august med frist for påmelding til måndag 26. august. Songkvelden er eit tiltak under Kystsogevekene som truleg òg vil kunngjera tilskipinga. Vi vonar på å få til ei dataløysing for påmeldinga i tillegg til tradisjonell telefon-/e-postpåmelding. Medlemane i kulturminnelaget vil få eit førehandsvarsel på e-post med høve til å melda seg på.

Sund kommune v/Kulturkontoret organiserar saman med Fjell kulturminnelag og andre lag i Fjell og Sund eit opplegg med landnotkast på Kjereide sundag 1. september. Kastinga tek til på Kjereide ved 14-tida. Tur gjennom utmarka frå Kallestad til Kjereide tek om lag ein halv time. Det vert ordna med parkeringsplassar på Kallestad. Tur gjennom marka frå Telavåg tek om lag halvannan time. Opplegget på Kjereide gjev høve til å oppleva noko som var ein viktig del av fiskerinæring her i området for ein del tiår sidan – og i tillegg gje inspirasjon til ein fin sundagstur.

Fjell kommune arbeider med ein kulturminneplan som for det fyrste vil gje eit representativt oversyn over mangfaldet av kulturminne i kommunen og dinest gje eit godt utgangspunkt for å kunna prioritera kva for kulturminne som vi bør ta vare på framover. Fjell kommune vil senda kulturminneplanen ut på høyring og det vil gje alle eit høve til å få bilete av mangfaldet av kulturminne i Fjell og dessutan gje oss høve til å koma med innspel om kulturminne som vi tenkjer bør fram i planen. Styret vil når det vert aktuelt, freista å få medlemane i tale om dette emnet.

For å kunna gjera meir på kulturminnefronten er kulturminnelaget avhengig av få med nye medlemar og at dei som står på lista til laget, betalar lagspengar. I dag er vi under 30 betalande medlemar. Vi treng difor fleire medlemar.

Lagspengane er på 250 kroner for året. Styret ber om at du ved første og beste høve og helst ikkje seinare enn tysdag 30. april betalar lagspengar med 250 kroner til bankkonto 3628 54 46710.

I samband med tilskipingar og anna legg styret ut informasjon på heimesida vår fjellkulturminnelag.org.

Helsing

Styret i Fjell kulturminnelag

Ove Midttun