Helsing mars 2022

Helsing mars 2022

Gode kulturminneven

Fjell kulturminnelag hadde årsmøtet i Knarrevikløa 16. mars . Det var 12 medlemar som møtte. Diverre kunne ikkje kulturleiar Christel Møvik-Olsen koma då ho måtte prioritera møter som galdt mottak av ukrainske flyktingar til Øygarden.

Årsmeldinga vart godkjend. Det same galdt rekneskapen. Innstillinga frå valnemnda gjekk gjennom, og det inneber at styret held fram med Ove Midttun som leiar, John Einarsen som nestleiar, Vigdis Landro er kassastyrar, Olav Kobbeltveit er skrivar og Jarle Vindenes er styremedlem. Svin Olaf Drageland og Ingalis  Apletun Malmo held fram som varafolk. Vi nominerte John Einarsen og Jon Erik Ågotnes til styret i Stiftinga Knarrevikløa og Gudveig Lillebø held fram i redaksjonsnemnda for Havstilen. Jon Erik Ågotnes held fram som revisor. I valnemnda sit no Hallgeir Dale og Ingalis Apelthun Malmo.

Årsmøtet la eit arbeidsprogram for 2022 som m.a. inneber vidare dugnad på prosjektet med utstillinga ”Fiskarbonden” i kjellaren i Knarrevikløa. Av tilskipingar i år vil vi framheva kulturkveld i Gamle Hjelme kyrkje torsdag 2. juni med konsert av Anne Lise Grøm og Egil Sele. ”Allsong på kysten” vert fredag 10. september på Notloftet på Vindenes. Torsdag 20. oktober satsar vi på omvising på gamlanaustet på Liaskjeret.

Du finn heile arbeidsprogrammet på heimesida vår

Kolltveit 17. mars 2022

Helsing

Ove Midttun