Infotavler på plass i Kolltveitmarka

Infotavler på plass i Kolltveitmarka

Fjell kulturminnelag har sett opp fire infotavler om utbygginga i Kolltveitvassdraget i utmarka rundt Storavatnet på Kolltveit. På tavlene finn du i tillegg til litt tekst som fortel historikken om oppdemninga og bruken av vasskrafta, kart med markeringa av stemmegardar og stiar i området, og bilete av mølla ved sjøen, stemmegardar, ein steinmur bygd som sti over vatnet, Bekkabruna, og røyrgata ned langs elva på Kolltveit.  Biletet som ligg med denne meldinga, er teke av infotavla ved stien straks før du kjem til bilvegen før dei fyrste husa på Morland.

Fjell kulturminnelag tenkjer at tavlene kan gjera at dei som går på tur i Kolltveitmarka, kan få større utbyte av turen ved at dei skjønar bakgrunnen for stemmegardar og anna som dei ser fleire stader langs vatna.

Stønad frå Fjell kommune ved Kulturkontoret har gjort det mogleg å trykkja infoplatene. Kulturkontoret har òg bidrege med ramene. Vi har fått datateknisk hjelp av Arild Monsen med utforming platene og Odd-Bjarne Solsvik har bidrege med foto. Takk òg til Oddvar Fjæreide og Marton Morland som har vore med og sett opp infotavlene.

Fjell kulturminnelag ynskjer deg god tur og vonar du òg tek deg tid til å nyta kulturminna langs stien.

kolltveitmarkja