INNKALLING TIL MEDLEMS- OG ÅRSMØTE FOR 2019
Fjell kulturminnelag held medlems- og årsmøte torsdag 26. mars 2020 kl 19 i Knarrevikløa i Knarrevik.
Sakliste:
- Godkjenning av innkalling og sakliste.
- Val av møteleiar, skrivar og folk til å skriva under møteboka.
- Årsmelding frå styre.
- Rekneskap for 2019.
- Fastsetjing av lagspengar. (Framlegg frå styret: Uendra sats)
- Fastsetjing av arbeidsprogram og budsjett for 2020
- Tilmelde saker. (Tilmelde saker må sendast til styret innan torsdag 12. mars 2020)
- Val:
a) leiar for eitt år
b) to styremedlemmar for to år
c) to varafolk for to år
d) revisor
e) to kandidatar til styret i Stiftinga Knarrevikløa for to år
f) representant til redaksjonen i ”Havstrilen”
g) to medlemmar til valnemnda.
Før årsmøtesakene vert handsama, vil kultursjef Christel Møvik-Olsen snakka om arbeid, samarbeid og prioriteringar innan kulturminnefeltet i Øygarden kommune. Det vert lagt opp til spørsmål og innspel frå møtelyden.
Det vert enkel servering under møtet.
Vel møtt
Styret
ÅRSMELDING FOR 2019 FOR FJELL KULTURMINNELAG
Forslag til arbeidsprogram 2020