Lokalhistoriske dagar i Øygarden kommune

Lokalhistoriske dagar i Øygarden kommune

Hordaland sogelag – Lokalhistoriske dagar i Øygarden kommune

Hordaland sogelag skipa laurdag 7. og sundag 8. mars 2020 lokalhistoriske dagar og årsmøte i Øygarden kommune. Sund sogelag, Øygarden sogelag saman med Fjell kulturminnelag la til rette for tilskipinga. Det møtte 40 utsendingar frå 17 lokallag kringom i Hordaland. Programmet var lagt opp slik at utsendingane laurdag starta med lunsj på Kasernen på Fjell festning der ordførar Tom Georg Indrevik ønskte utsendingane velkomne og til lukke med tilskipinga. Deretter var det omvising nede i anlegget på Fjell festning før følgjet reiste til Tofterøy skule der vi fekk orientering av Gerhard Inge Storebø om Olav Toft sitt arbeid for lokal kulturarv og hans rolle som kulturformidlar. Vidare fekk utsendingane sjå seg om i utstillinga på skulen av noko av det Olav Toft hadde samla. Turen gjekk så til Trelleviknaustet der Gerhard Inge og Willy Storebø gav oss historia om staden og fortalde om dugnaden som var gjort for å berga ”Bygnaden” og å gjera den til ein stad for kystkulturformidling. Årsmøtemiddagen vart halden på Panorama hotell der Kjell Alvheim held festlyden i ande med alvor og skjemt om strilen og Vivian Steinsland saman med Anabelle bidrog song og musikk.

Sundag gjekk turen i buss frå Fjell på vegen vestom over Møvik heilt til Solsvik og deretter nord til Kystmuseet i Ovågen. Olav Kobbeltveit var omvisar i bussen nordover. Vasstjukka var slik at det var ikkje særleg utsyn under bussturen. Årsmøtet vart halde i auditoriet på Kystmuseet. Frå årsmøtet kan nemnast at Knut Farestveit frå Voss sogelag held fram som leiar i Hordaland sogelag og John Einarsen frå Fjell kulturminnelag som kassastyrar. I museet etter årsmøtet, gav Egil Sele ei orientering av gamle Hjelme kyrkje og framførde saman med Anne Lise Grøm eldre salmar i lokal tradisjonell tonedrakt. Turen gjekk så til gamle Hjelme kyrkje der vi fekk sjå oss om rundt og i kyrkja. Anne Lise Grøm og Egil Sele avslutta stunda i kyrkja med song. Siste post på programmet var lunsj på Notloftet på Vindenes. Jarle Vindenes orienterte om den lange historia som det er spor etter på Vindenes, om fiskeriverksemda til Hans O Vindenes som er dokumentert på Notloftet, og næringsverksemda som vert driven i bygningane i dag. Mange nytta høve til å kikka på skulpturen av  ”plastikkvalen” Jarle Kval når dei var på Vindenes.  Samlinga vart avslutta på Notloftet og folk kunne ta til på vegen heim, kvar til sitt.

Fjell kulturminnelag

Ove Midttun, leiar