Nordvikkverna har nok vatn til jul

Nordvikkverna har nok vatn til jul

Gode kulturminneven

Fjell kulturminnelag vil gjerne ynskja deg og dine ei signa julehelg og eit godt og fredfullt nytt år. Året som snart er historie, er ein historie som vi sikkert vil minnast ei stund. For dei fleste av oss har ikkje virussmitten vore uoverkomeleg, men den har tvillaust påverka levesettet vårt. Vi får tru at når det lid ut på 2021 vil vi kunna leva og omgåast kvarandre på eit meir normalt vis. Det ser vi fram til.

I mars månad skipa vi saman med Sund sogeleg og Øygarden sogelag lokalhistoriske dagar for Hordaland sogelag. Godt 40 deltakarar fekk oppleva nokre av kulturminna i kommunen, og vi fekk gode tilbakemeldingar på opplegget. Årsmøtet vårt fekk vi avvikla, men først etter ei utsetjing. ”Vestgar” stod på ruteplanen i mai, men samlinga om bord vart utsett til oktober for så å verta utsett att til i mai 2021. ”Allsong på kysten” gjekk som planlagt med om lag 70 glade songfuglar samla på Notloftet på Vindenes i september. Arbeidet med Knarrevikløa og samlinga vår der har kome i gang, men vi har eit stykke att før vi er i mål.

Vi ser fram mot det nye året med tru på at det vert bra for oss alle og for arbeidet til Fjell kulturminnelag. Lev vel.

For styret i Fjell kulturminnelag

Ove Midttun