Om Allsong på kysten 2021

Om Allsong på kysten 2021

Ein stor flokk songglade strilar var samla på Notloftet på Vindenes fredag 10. september og song seg gjennom eit hefte med meir eller mindre velkjende songar. Med god leiing av forsangar og orkester, mangla det ikkje på songglede og innsats frå dei frammøtte. Vi hadde òg gleda av å høyra songgruppa Klungerrosa som framførde nokre nummer frå sitt repertoar.

For fjerde år på rad samla Fjell kulturminnelag folk til Allsong på kysten på Notloftet på Vindenes. Det kom eit lite hundre påmelde frå Øygarden og nabokommunar, og på Notloftet fann folk seg til rette.  Kulturminnelaget hadde sett inn 28 songar av noko ulike sjangrar i eit hefte og det var tilpassa eit publikum som hadde levd opp med Ønskekonserten i NRK. Det var tydeleg at folk kjende seg heime i songutvalet, sjølv om det var døme på at folk var litt usikre både på tone og tekst, men det hindra ikkje at dei song med, kvar på sitt nivå.

Songgruppa Klungerrosa opna programmet med fire songar og den hadde i tillegg ein kort sekvens etter matøkta. Klungerrosa glimra med stemmeprakt, presisjon og eit jordnært og variert repertoar og trollband tilhøyrarane. Innslaga til Klungerrosa var høgdepunkta på tilskipinga og gjord at folk fekk med seg noko ekstra denne kvelden.

Allsongen gjekk fint med Olav Kobbeltveit som  forsongar.  Olav Ulveseth på trekkspel og Bjørn Tore Hummelsund på gitar gav trygt og godt tonefølgje. Dei fleste av oss som var med, trong ei stødig leiing for å finna, og ikkje minst halda tonen. Men det viktigast for oss alle var å få syngja og oppleva det fellesskapet som songen skapar.

Folk ville ikkje berre syngja, og under matøkta då dei fekk servert lapskaus frå Fjelly, gjekk praten lett. Det var hyggeleg å kunna snakka med dei andre rundt bordet sjølv om folk måtte halda seg i skinnet av smittevernomsyn.

Helsing frå Fjell kulturminnelag v/Ove Midttun