Om Nansen og gamle «Liaskjeren»

Om Nansen og gamle «Liaskjeren»

Ein gong Fridtjof Nansen gjesta Sotra drakk han og gamle Liaskjeren kvalblod direkte or ausekaret.

Jau, det har vore liv og leik i fjellsokna før olja kom og snudde opp-ned på livet langsmed strilalandet. Det fekk dei drygt 60 frammøtte høyra meir om onsdag kveld, då fiskebåtreiar Peder Lie fortalde om laust og fast på Liaskjeret gjennom fleire generasjonar. Fjell kulturminnelag stod som tilskipar, og drygt seksti menneske var møtt fram for å høyra meir om livet på Sotra før olja tok over.

Det var den tida då fjellsokningane meinte at telefon var viktigare enn veg. Ikkje noko gale med veg, men for den som hadde båt – og det hadde dei fleste – var det sjøvegen som galdt. Peder tok utgangspunkt i si eiga slekt, og gamlelensmannen P. C. Lie frå Søra Fjedle, som gifta seg med ho som var ung enkje, som seinare vart kalla «Lensmanns-Karia». Dei slo seg ned på Liaskjeret.

Det er silda og fisk i vidare tyding som la grunnlaget for livet på Liaskjeret. Tranevågen – og andre vågar – var rike kastevågar. I 1918 vart det gjort eit storkast som var verd to millionar kroner. Mykje pengar den gongen. Folk flest var avhengige av fisken, som dagleg brød og som viktig inntektskjelde. Ikkje alle var so heldige å få seg fast arbeid på Kolltveitfabrikken (på det meste 130 tilsette, mest kvinner) der dei med utgangspunkt i brislingen produserte hermetikk. I tillegg var Karrevikanlegget ein stor og viktig arbeidsplass.

Det kom også fram at det i 1918 vart gjort eit sildakast som viste seg å vera verd drygt to millionar kroner. Det var verdiar som synte att i lokalsamfunnet.

Attåt kaffi og kaffimat fekk vi historier om «Vindnesen», storfiskaren Hans O. Vindenes, Peder fortalde om korleis tuberkulosen herja i slekta i ein periode, og om alvorlege tider då silda vart borte utpå 1950-talet. Heldigvis dukka lodda opp som ei viktig erstatning. Leiar i Kulturminnelaget, Ove Midttun, takka og overrekte blomar til Peder for opplysande og engasjerande foredrag.

 

Olav Kobbeltveit – skrivar –

Foto: Jarle Vindenes