REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FJELL KULTURMINNELAG
16. mars 2022 I KNARREVIKLØA.

Det møtte 12 medlemer.

1. Godkjenning av innkallinga og saksliste.
 Leiar Ove Midttun ynskte velkommen til årsmøtet. Innkallinga og sakslista vart godkjent.
2. Konstituering
 Ove Midttun vart vald til å leia møtet, medan Jarle Vindenes var vald til referent.
 Til å skriva under møteboka vart Svein Olaf Drageland, Vigdis Landro saman med referenten
 valde.
3. Årsmelding for 2021
 Leiar gjekk gjennom årsmeldinga for året 2021 og denne vart godkjend, med mindre endringar.
4. Rekneskap for 2021
 Kassastyrar gjekk gjennom rekneskapen for 2021, denne vart godkjend.
5. Fastsetjing av lagpengar for 2021
 Styret hadde framlegg om at lagspengane skulle fastsetjast til kr 250,- slik dei hadde vore dei
 siste åra. Dette vart godkjend.
6. Arbeidsprogram og budsjett for året 2022
 Styret hadde laga eit arbeidsprogram for 2022. Dette blei gått igjennom og godkjent.
7. Tilmelde saker.
 Ingen saker var kome inn til styret innan den fastsette fristen.

8. Val av styre og andre tillitsverv
 Valnemda sitt framlegg til styre og andre tillitsverv vart godkjend. Valet vart slik:
 Leiar: Ove Midttun – attvald for 1 år.
 Styremedlemmene: Jarle Vindenes og Olav Kobbeltveit attvald for 2 år.
 Styremedlemene: John Einarsen og Vigdis Landro var ikkje på val.
 Varamedlemer: Svein Olaf Drageland og Ingalis Apeltun Malmo – vald for 1 år.
 Revisor: John Erik Ågotnes
 Representanter til stiftinga Knarrevikløa: John Einarsen og Hallgeir Dale attvalde.
 Representant for redaksjonen for Havstrilen: Gudveig Lillebø – vald for 1 år.
 Valnemnd: Hallgeir Dale, leiar- vald for 1 år og Ingalis Apeltun Malmo – vald for eit år.

 

…………………………    ………………………     ………………………………
Jarle Vindenes      Vigdis Landro      Svein Olaf Drageland
referent