Sommarhelsing

Sommarhelsing

Gode kulturminneven

Styret vil senda ei sommarhelsing og fortelja litt om kva opplegg vi har framover og litt om kva vi jobbar med.

Vi har fått tjørebreidd Nordvikkverna og vørsla litt i området rundt. Vi har òg hatt nokre økter i og rundt Knarrevikløa der vi arbeider med å få på plass ei utstilling i Møkakjellaren. Ein del materiell til denne utstillinga vil kosta oss pengar og der slit vi litt, men vi vonar at pengeknipa går over etter kvart.

I slutten av mai var vi 33 tilhøyrarar om bord på “Vestgar” ved Solsvikkaien og fekk eit interessant kåseri om rutebåtane og båtrutene i øyriket vår gjennom tidene. Det var eit hyggeleg gjensyn med båtar og folk frå ei tid då sjøen var vegen ut i verda for oss her vest.

Vi ynskjer deg og dei du kjenner velkomne til “Allsong på kysten” på Notloftet på Vindenes fredag 10. september 2021 kl 19. Det vert høve til påmelding frå måndag 16. august og vi legg ut kunngjering i Vestnytt fredag 20. august. Opplegget vert om lag som i fjor, og prisen vert den same. Vi kjem att med ei meir detaljert melding om songkvelden i august.

Elles minner vi Langøymarknaden 28. og 29. august der Fjell kulturminnelag òg vil vera på plass.

Torsdag 14. oktober ynskjer vi velkomen til møte i Storasundet der Helge og Egil Storesund vil visa oss samlinga i butikken og Inge Kolltveit frå Fjell kystlag vil fortelja om slippen og smia. Møtet vert kunngjort betre seinare.

Styret vonar at du vil støtta Fjell kulturminnelag med å melda deg inn og betala årspengar med 250 kroner for 2021 til bankkonto 3628 54 46710.

Med dette vil styret ynskje deg og dine ei fin jonsokaftan og ein god sommar vidare.

For Fjell kulturminnelag

Ove Midttun