Song på Notloftet

Song på Notloftet

Songglede då folk samla seg til ”Allsong på kysten” på Vindenes.

Tradisjonen tru skipa Fjell kulturminnelag  songkveld på Notloftet andre fredagen i september og borti hundre, godt vaksne folk fekk oppleva gleda og fellesskapet som allsong gjev.

I songheftet som var trykt opp til songkvelden, var Johannes Kleppevik godt representert og det var tydeleg at folk er glade i visene hans. Elles var det mange gamle travarar som alle kjende att frå ”Ønskekonserten”, og som dei  kunne synga. Dei fleste songane var knytt til livet ved kyst og på hav. Allsongen gav glede og samkjensle.  Notloftet på ein fin seinsommarkveld sette elles ein spiss på opplevinga.

Songgruppa ”Klungerrosa” gledde festlyden med  vakker song frå eit variert repertoar.  Olav Kobbeltveit leidde allsongen, og Olav Ulveseth med trekkspel og Bjørn Tore Hummelsund på gitar gav tonefølgje.

Ei god matøkt med høve til drøs gjorde sitt til at folk fekk helsa på kjenningar og møta ukjende for den del.

Gudveig Lillebø presenterte heftet ”Mangt å minnast” med å lesa mellom anna frå intervju av Einar Vindenes om oppveksten i ein fiskar- og småbrukarheim.

”Allsong på kysten” er eit rimeleg kulturtiltak, og  vi takkar lokale verksemder og Den kulturelle spaserstokken som støttar tiltaket.


Klungerrosa gledde festlyden med  vakker song (Foto: Jarle Vindenes)


Heile salen song med, spesielt på Johannes’n sine viser (Foto: Jarle Vindenes)

 

Ove Midttun

Fjell kulturminnelag