Utgravingane på Bildøyna

Utgravingane på Bildøyna

Velkomen til ope møte 9. mai kl 19 på Fjell folkeboksamling på Sartor Storsenter på Straume med presentasjon av funn frå dei arkeologiske utgravingane på Bildøyna i 2017 og 2018. Forskar og prosjektleiar Leif Inge Åstveit frå Universitetet i Bergen vil halda føredrag om arbeidet og fortelja kva funna kan seia om levemåten til folk som budde i området for 6000 – 7000 år sidan.

Gratis inngang og du kan få kaffi/te med noko attåt.

Og deg som ikkje alt har betalt, minnar vi om lagspengane på 250 kroner for 2019 til bankkonto 3628 54 46710.

Styret

Fjell kulturminnelag

utgravingabe bildøyna