Vegvesenet vil leggja gang- og sykkelveg over stemmegarden på Kolltveit.

Vegvesenet vil leggja gang- og sykkelveg over stemmegarden på Kolltveit.

Kopi av brev send til Statens Vegvesen / Sotrasambandet

 

Klage over planlagd trasé for gang- og sykkelveg ved Stemma på Kolltveit i Øygarden kommune.

 

Fjell kulturminnelag krev at den planlagde traséen for gang- og sykkelveg ved Stemma vert endra slik at den ikkje vert til skade for stemmegard og dette kulturminne elles.

Vi viser til teikning for strekninga Kolltveit – Bildøystraumen, plankart 1 1-1B, der gang- og sykkelveg frå ny riksveg ved Storavatnet fram gamal hovudveg på Kolltveit, er teikna inn.

Fjell kulturminnelag som er eit lag som arbeidar for å verna om mellom anna fysiske kulturminne i kommunen, klagar på planlagd trasé for gang- og sykkelveg der denne er tenkt til å verta bygd over stemmegarden i Stemma i Kolltveitvassdraget.

Kolltveitvassdraget og Stemma

Kolltveitvassdraget vart frå kring 1850 utbygd med ei rekkje stemmegardar for å sikra vasstilførsla til ei mølle som vart bygd i Naustvika på Kolltveit der elva frå vassdraget renn i sjøen. Utbygginga innebar ei industrialisering av den verksemda som kvernene langs elva tidlegare hadde stått for. Kring 1912 vart mølledrifta lagt ned, og bygningen vart teken i bruk som hermetikkfabrikk. Vatnet gjekk til m.a. å produsera straum til fabrikken. I ein periode etter hermetikkfabrikken vart lagt ned i 1975, vart vatnet brukt i eit smoltanlegg.

Under utbygginga vart det bygd til saman 16 stemmegardar for å auka lagringskapasiteten i nedslagsfeltet og dels for å få tilført vatn frå tilgrensande nedslagsfelt. Det er tale om større eller mindre stemmegardar i seks vatn frå Haljesvatnet i sør til Nibbevatnet i vest. Stemma i aust vart bygd for å samla vatnet og føra det inn i røyrgata mot mølla.

Stemmegarden i Stemma, som vart bygd på 1850-talet, er om lag 34 m lang og 4 meter brei. I 1949 vart denne stemmegarden forsterka med ein betongmur mot vassida og gjort om lag 1 m høgare enn den gamle delen av stemmegarden. Frå Stemma ligg jarnrøyr med omkrins 1,85 m i dagen på fundament over eit oppmurt elvelaup mot sjøen.

Stemma er ”krumtappen” i Kolltveitvassdraget og gjennom koplinga med røyrgata, visualiserer den føremålet med tiltaka i vatn- og utmarksområdet vest for riksvegen.

Planlagd gang- og sykkelveg

Slik Fjell kulturminnelag skjønar planteikninga for området, er gang- og sykkelvegen tenkt plassert slik at den vil gå tilnærma vinkelrett over stemmegarden på den nordvestre sida av byggverket.

Den planlagde løysinga vil for det fyrste øydeleggja den om lag 170 år gamle stemmegarden. Dinest vert koplinga mellom ein intakt stemmegard og røyrgata borte og det gjer det vanskelegare for folk å skjøna føremålet med dei omfattande tiltaka dei møter i Kolltveitmarka.

Fjell kulturminnelag vil peika på at det er rom for å leggja denne delen av gang- og sykkelvegen slik at den ikkje kjem i konflikt med stemmegarden i Stemma og utan det skal leia til nemnande meirkostnader med gang- og sykkelvegen.

Vidare vil Fjell kulturminnelag framheva at ein ny gang- og sykkelveg harmonisert med det kulturminneverdet som Stemma med røyrgata står for, vil auka verdet til den nye gang- og sykkelvegen som eit positivt landskapselement. Utmarka rundt Kolltveitvassdraget er eit viktig turområde for folk i kommunen vår og intakte kulturminne langs den nye gang- og sykkelvegen vil vera positivt for dei som skal nytta vegen.

Fjell kulturminnelag syner elles til dokumentet ”Berekraftig vern og bruk av kulturminna i Fjell” fastsett av Fjell kommunestyre 29. august 2019. I avsnitt 5.3, side 63 om ”Midtmarka kjerneområde for vassindustrien”, der Kolltveitvassdraget er ein viktig del, går det fram at kulturminna har ”Høg” verneverde.

All den tid det er tale om eit om lag 170 år gamalt byggverk i eit vassdrag, legg Fjell kulturminnelag  til grunn at stemmegarden i Stemma er freda, og vi er ikkje kjende med at dette vernet er oppheva.

Fjell kulturminnelag ber om at klaga vert etterkomen og vil gjerne vera med i ein prosess med Statens vegvesen for å få til ei god løysing både for Stemma og gang- og sykkelvegen.

 

Kolltveit, 31. mai 2021

For Fjell kulturminnelag

 

Ove Midttun

Leiar

 

 

Vi sender kopi av klaga til:

Øygarden kommune, Kultur

Øygarden kommune, Ordførar

Vestland fylkeskommune, Seksjon for kulturarv